Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Vegen – og farane

På vandring
Alle som tilhøyrer menneskeslekta, er evighetsvandrarar – på veg mot ein av to endestasjonar: himmel eller helvete. Dei aller fleste synest å vera lite opptekne av det, også mellom oss som kallar oss kristne. Ordet «æve» er eit frykteleg ord med tanke på fortapinga. «Røyken av pinsla deira stig opp i all æve» (Op 14:11). Gud er ikkje berre kjærleg, han er også heilag. «Og er det med naud og neppe den rettferdige vert frelst, korleis skal det då gå med den ugudelege og syndaren?» (1Pet 4:18).

 

Svevn
Det står om dei ti brurmøyane at dei sovna alle. Det trur eg er vår situasjon i dag. Vi søv.

 

At dei som forkastar Jesus og hans frelse, går fortapt, kan vi forstå. Verre er det å sjå i Guds ord at mange som har tenkt seg til himmelen, skal ta feil av vegen og gå fortapt. Blant desse er dei religiøse av same slag som Nikodemus, som ikkje hadde opplevd å bli født på nytt, men levde på sin eigen kristendom. Her trur eg mange bekjennande kristne lever – og aldri kjem på å mistenkja seg sjølv. Om slike sa Jesus at tollmenn og syndarar går føre inn i Guds rike enn dei.

 

Fråfall
Så finst nok òg dei som ein gong fekk sjå seg løyste og frie i evangeliet, som no sit att med dei rette erfaringane, men – som lik forstandaren for kyrkjelyden i Efesus – har gjeve opp sin første kjærleik (Op 2:1-7). I denne kyrkjelyden var det mykje godt og rosverdig, men evangeliet om Jesus var no blitt berre ein teoretisk kunnskap.

 

Eller som forstandaren i Laodikea som såg seg sjølv rik – med alt sitt i orden. Han høyrde til den rette kyrkjelyden, som jo var ei frukt av Paulus si forkynning.

 

Slik kan vi meina oss å vera med i den rette tilhøyring eller organisasjon eller ha tilgang til god forkynning i det vi kan kalla nærmiljøet. Så kan vi samanlikne oss med andre og tru det står betre til med oss – utan å vita at ein «er arm, ynkeleg og fattig og blind og naken» (Op 3:17b).

 

«Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjarta!» (Sal 139:23).

 

Herren er som før – ein frelsar for syndarar. Det er slike han ser etter – som i eigne augo er hjelpelause – arme, ynkelege og fattige og blinde og nakne.

 

Såleis er ikkje problemet det vi manglar, men det vi har: vår eigen fromhet. Den må Jesus ta frå oss. Berre la alt ditt eige fara. Du treng det ikkje som betalingsmiddel. Du kjem for seint, for løysepengen for ditt liv er betalt av «han som gav seg sjølv til ein løysepenge for alle…» (1Tim 2:6). Evangeliet er for uverdige.

 

«Syndens bedrag»
Kva er årsaka til at det er så fort gjort å ta feil av vegen? Vi veit at djevelen, verda og vårt eige kjøt vil lokka oss til synd – og samarbeider gjerne om å føra oss bort fra Jesus.

 

«Intet menneske vil med vold eller makt kunne tvinges bort fra salighetens vei. Djevelen kjemper og seirer alene ved løgn og list. Han fortryller, forfører og bedrar mennesket, som ved det første, slik også ved senere syndefall. Derfor taler også Skriften om hans «snarer» og «garn» og hans «snikløp», alt sammen uttrykk som peker i retning av løgn og list og bedrageri» (Carl Olof Rosenius).

 

Elles nyttar Rosenius uttrykket «syndens bedrag». Kva vil det seia? Eg trur Samson er eit døme på det. Han gav synda rom. Så vart han bokstaveleg talt meir og meir bunden til, og av, synda. Til slutt let det seg ikkje gjera å koma laus. Han var ikkje klar over at Den Heilage Ande hadde forlate han. Difor er synda så farleg.

 

Det gjeld livet
«Røm for livet», sa englane til Lot. Det er eit ord også til oss. Lot og familien var så knytta til livet i Sodoma at dei nølte. Englane måtte nærast ta dei med makt og føra dei ut av byen.

 

Det er blitt sagt at i dag bur vi i Sodoma. Ja, Sodoma er også flytta inn i heimane våre gjennom lesestoff, TV og internett. «Og det som gjer at dei vert freista til synd, har dei sett framfor augo sine» (Esek 14:3).

 

«Når me har gitt livet vårt til Kristus, har me gått over grensa til det riket der all synd må vera vår fiende. Frå den løyndaste tanke i hjarta til livet som ligg oppe i dagen, må me halda oss ifrå alt som er vondt. Ikkje i eit einaste høve har me rett til å lata synda råda» (Ludvig Hope).

 

Skal vi bli fri synda som bind oss, må synda erkjennast som synd. Korleis skal vi då bli løyste frå syndebanda eller syndevanane? Det skjer ikkje ved eiga kraft, heller ikkje med Guds hjelp, sjølv om vi legg vår nød fram for han. Men får evangeliet nå oss i vår hjelpeløysa, då misser synda si makt over oss. Dersom evangeliet ikkje har denne verknaden, bør ein gjerne spørja seg sjølv om evangeliet sit meir i forstanden enn i hjarta.

 

Til sist vil eg dela noko med deg som har vore godt for meg. Det er Rosenius som kommenterar litt frå den andre trusartikkelen:
 

 

Frikjøpt med Jesu blod
«Jeg tror at Jesus Kristus, sann Gud og sant menneske, har», som det heter i vår barnelærdom, «gjenløst meg fortapte og fordømte menneske, kjøpt meg og frelst meg fra alle synder, ikke med gull eller sølv, men med sitt hellige, dyrebare blod og sin uskyldige lidelse og død». Hva sier da ordene? Hvem er det Kristus har gjenløst og vunnet? «Meg fortapte og fordømte menneske»! Altså ikke meg omvendte, gjenfødte, troende og helliggjorte menneske!

 

Hvordan har han gjenløst deg? «Med sitt hellige, dyrebare blod og sin uskyldige lidelse og død». Altså ikke med Åndens bistand og nåde, ikke med omvendelse, gjenfødelse, helliggjørelse, som er virket i deg.

 

Når skjedde denne forløsning fra alle dine synder, fra døden og fra djevelens makt? Naturligvis den dagen blodet, forløsningsmiddelet ble utgytt og døden fant sted. Derfor heter det heller ikke: skal gjenløse, men har gjenløst.

 

Fra hva – si det med ettertanke – fra hva var det så du ble forløst? Jo, fra alle synder, fra døden og fra djevelens makt.
«Vi ble mens vi ennå var fiender forlikt med Gud ved hans Sønns død» (Rom 5:10).

 

Ja, tenk på ham, o sjel,
du troskap lovet.
Tenk hva Immanuel
for oss har vovet!
For oss den Herre god
sitt blod utøste.
Sitt blod, sitt dyre blod,
og oss forløste!
(Hans Adolph Brorson, Gml. Sb 402:6)

 

O Lammets blod,
det dyrebare blod,
som gav meg liv
da jeg ved korset stod.
Det er min trøst
i all min sorg og nød.
Min trygge ankergrunn
i liv og død.
(Marius Giverholt, Sb 279:1)

 

Gud være lovet, min sjel er frelst,
i kraft av blodet, av blodet!
Nu kan du byde meg hva som helst,
jeg velger blodet.
Min sorte drakt er blitt snehvit skrud
og jeg står hellig og ren for Gud,
i kraft av blodet, av blodet.
(Fredrik Wisløff, Sb 255:1)

Lov og Evangelium 2012 - Nr 01