Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

– Eg er ikkje religiøs!

loe_forside

For ei tid attende kom eg til å treffe eit verdsleg menneske. Me kom i prat, og var innom ulike tema. Då me skildest kom eg til å spørje vedkomande om han ikkje ville vere med på ei samling på bedehuset nokre dagar seinare. Men han snudde seg raskt og sa: – Nei, eg er ikkje religiøs!

 

 

 

Eg veit ikkje om du som les desse linjene tenkjer slik, at nokon er fotball-interesserte, nokon er ski-interesserte og andre er religiøst interesserte. Om ikkje du gjer det, er det mange menneske som tenkjer slik. Djevelen har ført uendeleg mange menneske til den evige fortapinga på denne trøystegrunnen, at dei ikkje var religiøst interesserte.

 

Ein dag møtte Jesus ein fin ung mann. Han var religiøs, og hadde levd eit svært fint liv. Han hadde lagt vekt på å leve etter Guds ord, hadde verken stole eller vitna falskt. Han hadde heidra mor og far. Han hadde ikkje drive hor, og han hadde prøvd å elska nesten sin som seg sjølv. Jesus fekk han kjær, står det. Det kan vere gildt å møte menneske som lever slik i dag òg.

 

Men i all sin religiøsitet var han likevel fortapt i møte med Jesus. Han vart avslørt, og han gjekk sorgtung bort. Han ville ikkje erkjenne den sanne stillinga si. Då Jesus kommenterar hendinga til venene sine, seier han: «Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauga, enn for ein som eig mykje å koma inn i Guds rike» (Mat 19:24).

 

Jesu vener vart heilt forstøkte då han sa det. – Kan han verkeleg meina det han seier, tenkte dei vel gjerne. Men Jesus gjer det. Skal eit menneske frelsast må det gå gjennom nålauga. Det finst ikkje noko anna veg seier Skrifta. Går det an? spør du gjerne. Ja, men det må eit under til om det skal skje.

 

I møte med Nikodemus omtalar Jesus dette under som ein ny fødsel. Han seier: «Sanneleg, sanneleg seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan han vert fødd på nytt» (Joh 3:3). Når Anden byrjar å tale til eit menneske, får det sjå at religiøsitet og kristendom er som eld og vatn. Dei kan ikkje sameinast. Kristendom er Guds veg til mennesket, medan religiøsitet er mennesket sin veg til Gud. Folk som meinar dei er religiøse og trur dei er på himmelveg, eller lever borte frå Gud utan tanke på si udøyelege sjel, er i same båt. Dei er på veg mot den evige fortapinga, om dei ikkje vert oppvekte.

 

Men enno speidar himmelens Gud ut over den vide jord, medan tidssola for vår verd går i hav. Herren brenn for at kvart einaste menneske skal kome til erkjenning av sanninga, anten dei er religiøse eller ikkje. Med si milde røyst seier han til oss: «Vend øyra hit og kom til meg! Høyr, så skal dykkar sjel leva. Og eg vil gjera ei evig pakt med dykk, og gje dykk Davids rike nåde, den usvikelege» (Jes 55:3).

 

Lov og Evangelium 2012 - Nr 04