Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Guds frelse og Guds kall

«Han som frelste oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje etter våre gjerningar, men etter si eiga rådgjerd og den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå ævelege tider.» 2Tim 1:9

 

Det er ferdig 
Ordet seier her at først frelste han oss, deretter kalla han oss. Her talast om den frelse Jesus fullførte på Golgata. Frelsa er noko som er ordna av Jesus for alle menneske – for 2 000 år sidan. Når Herren kallar, er det ei innbyding til noko som er ferdig. 

 

«Då tida for gjestebodet var kome, sende han tenaren sin ut for å seia til dei innbedne: Kom, for no er det ferdig » (Luk 14:17). Det som er ferdig, er alt det du og eg treng for å stå for ein heilag Gud – og bli frikjent i dommen. Etter syndefallet er det slik med oss at vi har vendt ryggen til Gud og hans frelse.

 

Vårt ansvar
Blir du frelst, er det åleine Guds verk. Går du fortapt, er det fullt og heilt ditt eige ansvar, fordi du har stått imot Guds kall, eller ved at du har vilja ha ei frelse etter din eigen tanke. Elles syner Guds ord at det på ulike vis går an å falla ut or nåden ved å gjera Den Heilage Ande sorg, slik at han må forlata oss. Adam og Eva drog heile slekta med seg i fallet. No er menneskeslekta sett på ei ny prøve: Vårt forhold til Jesus og hans frelse.

 

Eit skilje
Så går kallet ut: «Kom, for no er det ferdig». Her deler menneskeslekta seg i to. Dei fleste bryr seg lite eller ingen ting om kallet. Andre takkar «ja» – og vender om. Blant desse som vender om, oppstår eit nytt skilje! Bibelen har mange eksempel på det. Vi kan nemna farisearane og deira forhold til sann kristendom. Eit anna eksempel er dei 10 brurmøyane. Fem av dei var uvituge og fem kloke (Mat 25:29). Vi har og mannen som var komen inn i bryllaupshuset – utan bryllupsklede.

 

Åndeleg strid
Mellom desse to slag bekjennande kristne vil det alltid vera ein åndeleg strid som pågår. Men det er ikkje alltid det kjem opp i dagen. Her tenkjer eg ikkje på anna usemje eller strid som kan oppstå mellom kristne brør. Når det etter måten er så lite strid mellom desse to åndelege riker iblant oss, som vi kan kalla lovriket og nåderiket, kan det ha noko å gjera med at vi som kristenfolk søv same svevn som dei 10 brurmøyane. 

 

Også i heimen til Abraham finn vi denne åndelege striden – mellom Ismael, som var fødd etter kjødet, og Isak, som var fødd etter lovnaden. «Men han som var fødd etter kjødet, forfylgde han som var fødd etter Anden. Og slik er det no òg» (Gal 4:29). Det same sinnelag som Ismael hadde mot Isak, finn vi og hos den heimeverande sonen (Luk 15).

 

Utan bryllaupsklede
Ser vi på han som kom inn i bryllaupssalen i sine eigne klede (Mat 22:11), hadde han truleg, til liks med farisearane – med «Guds hjelp» – fått vekk dei verste flekkane på kleda sine. Dessutan er jo Gud nådig og tilgjev det som ein ikkje lukkast så godt med. Dei andre gjestene hadde vel og prøvt å reingjera kleda sine for å bli verdige til Guds nåde, men det hadde mislukkast. Så hadde Den Heilage Ande fått teke av dei skitne kleda deira, så dei vart ståande nakne i si skam. I denne tilstanden fekk dei høyra evangeliet: «Eg breidde kappa mi over deg og løynde nakenskapen din» (Esek 16:8). 

 

Han som sat der i sine eigne klede, hadde – som rett var – handla etter oppmodinga «kom!», men at det var ferdig, det hadde han berre fatta med sin forstand.

 

Evangeliet – ein løyndom
Er evangeliet ein løyndom? Kven veit ikkje at alt er ferdig og at frelsa er av berre nåde? Ein ting er kunnskap, noko anna er kjennskap og erfaring. Om vi har millionar i banken, så kan vi likevel leva eit fattig liv fordi vi ikkje gjer oss bruk av vår rikdom. Så let vi oss nøya med å vita at vi er rike, medan vi kan leva som lasaronar i våre eigne filler, med teorien i orden, og vera på veg mot fortapinga! 

 

Det er forunderleg at frelsa, som er ferdig for deg og meg, ordna og oppgjort for 2 000 år sidan, gjev så ulikt resultat. For ein blir det til noko han alltid har visst – utan at det har skapt glede. «Sjå, i så mange år har eg tent deg, og aldri har eg gjort imot det du sa. Men ikkje eingong eit kje har du gjeve meg, så eg kunne gleda meg saman med venene mine» (Luk 15:29). Nei, det er ikkje mykje glede i lovriket! 

 

For ein annan er det ei stor openberring, som gjev glede og frelsevissa – både første gongen og seinare opp gjennom livet. Men her er ein løyndom, som ligg i dette at frelsa er ferdig for fortapte syndarar, for ugudelege. Det å sjå inn i denne løyndomen, er eit verk av Den Heilage Ande.

 

Ver den du er!
Så er spørsmålet: Vil du vera ein verkeleg fortapt syndar? Ikkje berre ein tenkt – eller teoretisk fortapt syndar. Du har kanskje heller vilja vera ein god kristen, som har alt ditt på det tørre? 

 

Kva vil det seia å vera ein fortapt syndar? Det er ei åndeleg erfaring der ein får sjå at alt er galt med både meg og mitt gudsliv. Det er å få sjå at all vår rettferd er som eit tilsulka klesplagg (Jes 64:5). Det er å gjera erfaring om å vera den som er komen inn i bryllaupssalen i eigne klede – og blir kasta ut. 

 

Dette gjekk ikkje farisearane med på. Det var for audmjukande å måtta setja ein strek over mange års hardt arbeid i Herrens vingard – til inga nytte; dei som jo var eliten i gudsdyrkinga i Israel! Difor reagerte dei med sinne og hat mot Jesus. 

 

Det bur ein farisear og i mitt og ditt hjarta, som reiser bust når Herren vil ta av oss dei skitne kleda, vår eiga rettferd – eller løysa oss frå anna synd. Men det er betre å bli kasta ut av bryllaupssalen her i tida, enn på dommedag. 

 

Carl Olof Rosenius fortel at det finst dei som har vakna opp på slutten av livet og har fått sjå at dei gjennom eit langt liv har levd i sjølvbedrag – og blitt berga som ein brann ut av elden, like før dei skulle forlata jordlivet. «Ransak meg, Gud...!» 

 

Når alt vårt eige er under dommen, og vi går med på å vera ein fortapt syndar, som Skrifta lærer at vi er; kor godt er det ikkje då å få høyra at Jesus kom for å frelsa det som er fortapt! «For medan vi endå var syndarar, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege» (Rom 5:6). 

 

«For vart vi forlikte med Gud ved at Son hans døydde, då vi var fiendar, skal vi så mykje meir verta frelste ved hans liv, etter at vi har vorte forlikte» (5:10). 

 

«Den derimot som ikkje har gjerningar, men trur på han som rettferdiggjer den ugudelege, han får si tru tilrekna som rettferd» (4:5).

 

Ser du at Jesus har frelst deg som den ugudelege syndaren du er? Difor skal du alltid få vera den du er – og tru på Jesus som den du er. Då er du ein frelst syndar av nåde åleine. 

 

Lova si gjerning i omvendinga 
Den som i seg sjølv er ein fortapt syndar, han har ingen ting å berga, for alt er og blir framleis teke frå han. Den som aldri har gått fallitt på alt sitt eige, han har mykje å berga, som høyrer kristenlivet til; tilsvarande det som Paulus kalla «ei vinning». Vi kan samla alt i dette: Din eigen kristendom!

 

Du som har det slik, du vil, som tidlegare nemnt, vera ein sann og rett kristen, men du vil ikkje vera ein fortapt syndar – anna enn i teorien då. Den som vil vera ein sann kristen, han må først bli ein fortapt syndar. Dette er i og for seg ikkje eit krav, men saka er den at det berre er fortapte syndarar som har behov for ein mann i sin stad.

 

Kva skal eg gjera for å bli ein fortapt syndar? Du treng ikkje gjera anna – som ein har sagt – enn å setja deg i ein god stol og trekkja pusten, så er du ein fortapt syndar! Det er vår tilstand etter syndefallet. Men så lenge du ikkje trur dette anna enn reint forstandsmessig, men trur at du med Guds hjelp kan gjera både det eine og det andre, må du gjera nokre bitre erfaringar.

 

Men skal eg ikkje omvenda meg og bli ein kristen og tru på Jesus? Det skal du. Men du skal gjera mykje meir enn det! Du skal oppfylla alle dei ti Guds bod! – Ja, men det kan ingen. – Gud krev det like fullt. – Då er det ikkje håp for meg. – Nei, det er det ikkje. Det er det Guds lov skal læra deg. Lova vil gje deg ein tilstoppa munn (Rom 3:19).

 

Kor lenge skal eg ha det slik som eg har det? Heilt til du gjev opp kampen, legg ned våpna – og let deg frelsa som den syndaren du er. For det er som ein syndar du er kjøpt fri, og det er som ein syndar du må ta imot det som Jesus har gjort for deg. «Hungrande metta han med gode gåver, men rikfolk sende han tomhendte bort» (Luk 1:53).

 

«Men før trua kom, vart vi haldne i varetekt under lova, innestengde til dess den trua som skulle koma, vart openberra. Slik har lova vorte vår tuktemeister til Kristus, for at vi skulle verta rettferdiggjorde av tru» (Gal 3:23-25).

 

Lova si fremste gjerning med deg og meg i omvendinga, er å gjera det umogleg for oss å bli frelste. Då kan det henda at vi etter kvart byrjar å innsjå at vår fortapte tilstand er ein realitet. Så kan du setja deg i ein god stol og dra pusten – og tru det som Skrifta lærer – at alle som ein er vi fortapte syndarar.

 

Du skal få tru ein ting til: Slik som du er og har det, er det gitt deg ein frelsar: «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv» (Joh 3:16).

 

«Men no, når trua er komen, er vi ikkje lenger under tuktemeisteren. De er då alle Guds born ved trua på Kristus Jesus» (Gal 3:25-26).

Lov og Evangelium 2012 - Nr 08