Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Omvending og kristeleg vandel

 «Så skal då heile Israels folk vita for visst at Gud har gjort han både til Herre og Messias, denne Jesus som de krossfeste. Men då dei høyrde dette, stakk det dei i hjarta, og dei sa til Peter og dei andre apostlane: Kva skal vi gjera, brør?» Apg 2:36-37

 

Guds ord til deg og meg
Talen som Peter heldt på pinsedag, har også noko å seia meg og deg til liks med folket i Israel. Vi er alle medskuldige i det som kom over Jesus. Vi er med vår synd årsak til Jesu liding og død.

 

«Men då dei høyrde dette, stakk det dei i hjarta...»
Det var det same som hende i Kina, då Marie Monsen og enkelte andre tala Guds ord. Vi kan lesa fylgjande i boka «Vekkelsen ble en Åndens aksjon»:
«Tilfeldige hedenske tilhørere ble hørt si, i det de flyktet i redsel: 'Ordene deres skjærer som kniver' og 'Ordene slår som torden mot meg'. Et eldre kirkemedlem sa: 'Alt galt har ligget foran meg, stablet opp som varer på en disk'».

 

Korleis ville vi reagert på ei slik forkynning? Skal tru om kanskje nokon av oss ville ha kalla det lovisk forkynning? Dermed kunne ein setja den etiketten på både tale og talar – og sjølv gå fri. Men det er ikkje så lett når åndsmakta er sterk – og vi får med Gud å gjera. I Kina vart det til ransaking og fornying for både misjonærar og innfødde kristne og evangelistar.

 

Det synte seg også at mange var komne inn i bryllaupssalen i sine eigne klede (Mat 22:11-13).Når det gjeld vårt kristenliv, seier Carl Olof Rosenius: «Det er loven som virker at vi aldri kan unnvære Kristus og evangeliet om han. (...) Hvor loven ikke mer kan knuse og døde, der kan heller ikke evangeliet lenger gi liv og kraft».

 

Kva skal vi gjera, brør?
Kva råd fekk dei av Peter? «Vend om...» var hans første råd! Det same rådet gjeld deg og meg! Er det noko gale med oss då, vi som har omvendt oss og lever vårt stille kristenliv?

 

Skal tru om ikkje det som profeten Jeremia fekk å forkynna til Juda, som skulle vera Guds folk, også gjeld oss?

 

«Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren: Stå i porten til Herrens hus og rop ut dette ordet og sei: Høyr Herrens ord, heile Juda, de som går inn gjennom desse portane for å tilbe Herren (...) Betra vegane dykkar! Så vil eg la dykk bu på denne staden» (Jer 7:1-3).

 

Tilstanden i Guds tempel
«De stel, slår i hel, driv hor, sver falskt (...). Og så kjem de og stig fram for mitt åsyn i dette huset som er kalla med mitt namn, og seier: Vi er frelste! – og så vil de framleis gjera alt dette avskyelege!» (Jer 7:9-10). Guds ord seier at vi, som Guds folk, er Herrens tempel.

 

Det er vel ikkje mammon som styrer det vi har fått å forvalta for Herren? Stel vi frå Herren? Kven av oss kan seia seg fri her? Vi er visst ikkje så veldig tende i brann av evangeliet. Det er blitt sagt at lommeboka er den siste som vert omvendt i ein kristens liv. Stel vi frå Herren, så stel vi også frå dei som var tiltenkte å nyta godt av den overfloda Herren har gjeve dei fleste av oss i dette landet. «Sølvet og gullet Herrens er, – du er ei mer enn låntager. Nå kommer Gud med det begjær: Gi meg hva selv du behager! Herre, min Gud, hvor du er mild! Ta du av lånet hva du vil, selv er du rikdommens kilde!» (Sb 699:4).

 

Slår du i hel – i tanke, sinn eller ved tale? Då er du ein drapsmann! Vil du halda fram på den vegen? Eller er det ikkje så farleg å bli sint? Eller å bera på harme mot nokon?

 

Driv du hor – i hjarta og tanke eller ved «dumt snakk eller lettsindig skjemt som er usømeleg?» (Ef 5:4). Eller på anna vis? Vil du i så fall fortsetja på den vegen? Det står at horkarar ikkje skal arva Guds rike.

 

«I denne preken av Jeremia lot ikke Herren det mangle på løfter. Dersom de bare ville omvende seg, så lover Herren at han vil la dem bli i landet (Jer 7:3+7). Guds langmodighet er usigelig stor! Men løftet ble til intet, fordi folket ikke ville vende om. Det er i sannhet vemodig når Gud må sette denne innskriften over et folk, et sogn eller et enkelt menneske: Forgjeves!» (Frå bibelforklaringa «Gullgruben»).

 

«Med augo feste på Jesus»
Vi kjem ikkje sovande til himmelen. Vi har kamp mot djevelen og åndehæra hans, verda og vårt eige kjøt. Desse tre fiendane samarbeider for å få oss i fortapinga. Dette er fiendar som vi ikkje kan stå oss imot, om ikkje Herren vil strida for oss. Det vil han, men han gjer det ikkje uavhengig av oss. Vi skal væpna oss med den sigeren Jesus vann for oss. Når freistinga kjem, skal vi få rekna med, og gjera bruk av denne sigeren. Når synda vil ta våre lemer i bruk, skal vi veta at det som eg no blir freista til, har Jesus vunne over for meg; eg har sigeren i hans siger, den er min. Då misser synda si makt.

 

«Vi kan frimodig regne med Herrens hjelp og frelse imot alle fristelser, så lenge vi selv tar avstand fra dem» (Øivind Andersen).

 

«Så lat oss difor, etter di vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, leggja av alt som tyngjer, og synda som heng så fast ved oss, og renna med tolmod i den striden som ligg framfor oss, med augo feste på Jesus, han som er opphavsmannen og fullendaren til trua» (Heb 12:1-2).

 

Kva så om eg likevel fell? Om så skulle skje, så opphøyrer ikkje Guds nåde mot oss. Var det slik, hadde vi ikkje mykje gagn av det livet Jesus levde som vår stedfortredar.

 

«Dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss frå all urettferd» (1Joh 1:9).

 

«Bruk de råd du vil»
For ei tid sidan hadde eg to-tre dagar med tannverk. Då såg eg fram til kvar fjerde time – då eg kunne fylla på med nye tablettar! Til slutt heldt eg det ikkje ut lenger, men måtte kontakta tannlegen før den tida som var avtala.

 

Dette førte tankane mine til den evige fortapinga: Ei pine utan lindring og utan ende; ikkje så mykje som ein dråpe vatn; aldri noko å sjå fram til, som skal bli betre om ei veke eller tusen år. Då er vi gått ut av tida, ho er ikkje meir. Det er å vera fortapt.

 

Du som ikkje er frelst, er alt fortapt. For døyr du i den tilstanden du no er, slår du augo opp på den andre sida, der du er i pine (Luk 16:23). «Det er en liten stund, så lukkes himlens døre...»

 

Då Noah gjekk inn i arken, står det at «Herren let døra att etter han» (1Mos 7:16). Det må ha vore frykteleg å sjå vatnet stiga opp mot arken. Då vart det nok banka på døra, men for seint. Når Gud let att, kan ingen lata opp. Slik skal det verta mange som skal banka på ei stengd himmeldør.

 

Enno er det nådetid, enno er døra open. «Søk Herren medan han er å finna, kalla på han den stund han er nær» (Jes 55:6).

 

Det vart framom nemt noko om å verta værande i landet (Jer 7:3+7). Israelsfolket vart på grunn av si synd, og fordi dei ikkje ville omvenda seg, førde bort frå sitt fedreland. Skal slikt kanskje måtta skje med oss, for at vi, om mogleg, skal bli berga?

 

Det var mange som hamna i tyske konsentrasjonsleirar i siste verdskrigen – til ufattelege lidingar. Eller kanskje vi vil bli kasta i fengsel på grunn av vår tru? Vår eigendom kan bli teken frå oss. Då kan kanskje Herren få løysa oss frå mammon og havesykja, om ikkje før.

 

Tenk om vi meir kunne overlata oss til Herren med oss sjølve og alt vårt, slik som vi les det i Hebrearbrevet (10:34): «Og de fann dykk med glede i at eigne-lutane dykkar vart røva frå dykk, for de visste at de hadde ein betre eigedom som varer ved».

 

«Før ditt verk til ende, regn og sol du sende, bruk de råd du vil, bare du meg fører så til sist meg hører Himmelriket til!» (Sb 476:8).

 

Lov og Evangelium 2013 - Nr 01