Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Herre, når eg spør om vegen

Herre, når eg spør om vegen,
den du vil at eg skal gå,
kvifor kan eg ikkje då
straks den vegen klart forstå?

 

Trur jo at eg vil din vilje,
og at viljen din er god,
men du ser eg er som Eva.
Ho mot slangen ikkje stod.


Veit at om eg vegen visste,
er det ikkje like visst at eg
ville vegen fylgja,
kunne likevel deg mist'.


Og når nokon ventar svar,
men eg ikkje veit å svara,
hjelp meg då å ikkje hasta
slik at eg vil før deg fara.


Då eg misser deg av syne.
Du ser berre ryggen min.
Lat meg heller stille venta
sitjande ved foten din.


Takk for at du elskar meg
og vil ha meg nær hjå deg.
Til ditt åk du festa meg,
så eg fylgjer tett ved deg!

Lov og Evangelium 2013 - Nr 06