Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Lat dykk forlika med Gud!

«Så er vi då sendebod i staden for Kristus, som om Gud sjølv formana gjennom oss. Vi bed i staden for Kristus: Lat dykk forlika med Gud!» 2Kor 5:20

 


Guds forlik med oss
Når det gjeld vår frelse, er alt ordna frå Guds side. Loven er oppfylt, synda er sona og gjelda betalt. Apostelen Paulus seier det så sterkt at Gud forlikte oss med seg sjølv, ved Kristus, ja, at Kristus forlikte verda med seg sjølv så han ikkje tilrekner dei misgjerningane deira (2Kor 5:18-19). Dette er så sterke ord at ein kunne vera freista til å stilla spørsmålet om alle er eller blir frelste då? At det ikkje er slik, ser vi når vi les i Guds ord.

 


Det som Jesus har gjort til vår frelse, må verta lagt inn i kvar enkelt sitt hjarta. «Difor, om nokon er i Kristus, då er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, alt har vorte nytt» (5:17).

 


Vårt forlik med Gud
No seier altså Skrifta at vi – i staden for Kristus, på Kristi vegne – skal forkynna denne bodskapen: «Lat dykk forlika med Gud!». Det må altså eit forlik til også frå vår side. Det er dette som må skje med kvar og ein av oss. Dei truande i Korint hadde forlikt seg med Gud som eit resultat av Paulus si forkynning.

 


Djupast sett går vårt forlik med Gud ut på å verta einige med Gud om at det forliket som han gjorde då han forlikte oss og verda med seg sjølv «så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira»; det er nok til frelse for meg og for deg. Vi er rekna med blant dei som dette forliket omfattar. Skulle vi då våga å skuva det frå oss i vantru? Skulle vi ikkje ha all grunn til å takka og prisa Herren?

 


Ved enkelt å ta imot, tru og lita på hans forlik med oss, så skjer vårt forlik med han – som ei frukt av dette. Då blir æra åleine hans, samstundes som vi, lik Abraham, ærar Gud ved å lita på det han har sagt.

 


Eigarettferda
Det som er skrive så langt, er som sagt nok til frelse. Men blir vi ikkje fråtekne – eller går fallitt på alt vårt eige – når ikkje denne bodskapen lenger enn til vår forstand. Dersom du har noko å visa til av åndelege fordelar med tanke på å eiga Guds nåde, anten det gjeld di omvending eller di tru eller kva helst det måtte vera som du ikkje har kome til kort med, så har du ikkje bruk for den nåden som er for fortapte syndarar.

 


Det er ei erfaring som vi alle må gjera, som Paulus skriv: «Men det som var ei vinning for meg, det har eg for Kristi skuld halde for tap» (Fil 3:7). Kva slags vinning var det? Sagt med vår språkbruk var det hans eiga gudsfrykt, hans eigen kristendom. Evangeliet blir berre til frelse for den som går fallitt på alt sitt eige.

 


Eigarettferda er ei så stor synd, og så vanskeleg å koma til livs, at «tollmenn og skjøkjer kjem før inn i Guds rike enn de» (Mat 21:31). Kor godt det likevel er at du og eg som er så sjølvrettferdige, skal få gå til Jesus også med den synda. Til Jesus får vi – og må vi – koma som vi er.

 


Uventa nåde
Jesus har gjort alt ferdig for ugudelege, fortapte syndarar, som vi alle er. Røvaren som hang ved sida av Jesus, hadde ingen ting som talte til hans fordel. Det har ikkje du heller om du ser sant på deg sjølv; som det står i ei songstrofe: «Jeg så ond som han, samme frelse fant».

 

«Vi får det vi fortener», var den attesten røvaren gav seg sjølv (Luk 23:41). For han stod berre den evige fortapinga att. I denne tilstanden vende han seg til Jesus og sa: «Jesus, kom meg i hug når du kjem i ditt rike». Og Jesus sa til han: «Sanneleg seier eg deg: I dag skal du vera med meg i Paradis!» (Luk 23:42-43). Kor stort! Det må vel i høgste grad kallast uventa nåde!

 


Frelse for uverdige
På grunn av at det på jorda berre finst ugudelege, fortapte syndarar, måtte Jesus, for å koma oss til hjelp, ordna med ei frelse som vart gjort ferdig for nettopp slike. Men Den Heilage Ande har mykje bry med oss. Når det kjem til stykket, trur vi ikkje at det står så dårleg til med oss som det gjer.

 


«Herren vil ha oss ned (der vi som fortapte syndarar høyrer heime), vi vil opp. Han vil ribbe oss for alt, vi vil ha noe å vise fram. Han vil ha oss mer elendige, vi vil føle oss bedre. Om ikke annet, så vil vi i det minste finne vår åndelige fattigdom og sønderknuselse tilstrekkelig dyp. Gi at vi engang kunne lære hva det vil si som fortapt, helt og holdent fortapt, å bli frelst, helt og holdent av en annen» (Carl Olof Rosenius).

 


«Den derimot som ikkje har gjerningar, men trur på han som rettferdiggjer den ugudelege, han får si tru tilrekna som rettferd» (Rom 4:5).

 


Du skal altså sleppa å ha noko som må vera rett med deg for å tru på Jesus, elles var det ikkje av pur nåde.

 


Du som ikkje har noko å rosa deg av framfor røvaren – eller tollaren i templet, som ikkje hadde anna enn synd å koma med – også til deg har Jesus «uventa nåde». Kva slags nåde er det? Det er ein nåde som er for deg, slik som du er og har det i denne stund.

 


«Nåde, ja, nåde for ingenting, får jeg fra Golgata smake» (Sb 471).

Lov og Evangelium 2013 - Nr 06