Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Kven sigrar i ditt liv?

«Då samrådde eg meg ikkje med kjøt og blod.» Gal 1:16

Når Gud talar, seier mennesket sjeldan tvert nei. Om det gjorde open motstand, ville samvitet verta uroleg. Difor går den gamle natur ein annan veg for å sleppa gjera Guds vilje.



Han går inn på satans diskusjon og bortforklåring. Hadde Paulus gjort dette, ville han ha vorte ein farisear til sin døyande dag. For det smakar ikkje for kjøt og blod å leva Kristi liv. Vårt gamle vesen er egoistisk og sjølvkjært. Det vil seg sjølv, og ber mothug mot Gud.



Når ordet ikkje samsvarar med vitet, trur syndaren meir på seg sjølv enn på Gud. Læra om synd og nåde høver ikkje med det gamle mennesket sine religiøse og moralske kjensler. Bibelen seier at det naturlege menneske tek ikkje imot det som høyrer Guds rike til. Det kjennest som ein dårskap.



Vi kan såleis lett skjøna korleis det går når mennesket samråder seg med kjøt og blod i åndelege saker. Eg kjenner dei som i årevis har tenkt å gi Gud sitt hjarta. Men alltid har dei vege for og imot. Alltid har det gamle mennesket sigra, og etter kvart miste dei evna til å velja.



Skulle du vera ein av desse ulukkelege, vil eg be deg venda øyra til Guds tale og handla trass i kjøtet sin protest. Det vil alltid kjennast som eit vågestykke å lyda Gud. Men utan eit slikt steg i tru vert du aldri frelst.



Lat livet åt denne apostelen fortelja deg at det svarar seg å lyda Gud. Ned gjennom tidene har han stått som eit lysande føredøme på sant mannsmot. Få menn har tent vår ætt som han, og i dag syng han sigerssongen i Guds rike. Løyndomen til hans kraft og siger låg i lydnaden mot Gud.


Frå andaktsboka «I kongens nærleik»


Lov og Evangelium 2013 - Nr 08