Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Nikodemus – og den nye fødsel

«Jesus svara og sa til han: Sanneleg, sanneleg seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan han vert fødd på nytt.» Joh 3:3



Ein ny fødsel
Nikodemus var ein av rådsherrane til jødane, ein ansett farisear og skriftlærd. Etter det han hadde høyrt og sett av Jesus, kjende han seg dregen mot denne merkelege mannen. Ei gryande uro hadde nok begynt og gjera seg gjeldande med tanke på hans eigen sjeletilstand. Han anerkjende Jesus som ein lærar som var komen frå Gud.

Jesus går rett på sak og seier at ingen kan sjå Guds rike utan han vert fødd på nytt. Dette var Nikodemus heilt framand for. «Korleis kan dette gå til?», undrast han. «Jesus svara og sa til han: Du er ein lærar i Israel, og veit ikkje dette?» (v.10).

Kva er det som skjer gjennom denne samtalen? Jau, Nikodemus vert avkledd og fråteken si eiga-rettferd. Han blir ribba for heile si gudsfrykt, heile sin kristendom.

Har du som les dette gjort denne erfaring i ditt kristenliv? For dette er ikkje noko som gjeld berre Nikodemus. Evangeliet er ein stor løyndom som vi ikkje får del i utan at vi er eller går fallitt på alt vårt eige.

Evangeliet – Guds løyndom
I den hjelpelause tilstanden Nikodemus no er komen, forkynner Jesus løyndomen med den nye fødsel. Kva forkynner han då? Han forkynner evangeliet!: «Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp. Så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv» (v.14-16).

Er dette nokon løyndom? Finst det nokon kristen som ikkje veit det? For den som har gått fallitt på alt sitt eige og står for Gud som den fortapte syndaren han er, for han er dette ein stor løyndom som han vanskeleg kan tru, ja, som Den Heilage Ande har mykje bry med å få oss til å innsjå og gå med på. Vi vil så gjerne ha det rett med oss sjølv og koma i den stilling at vi skal kunna tru Guds nåde. Vi vil bli verdige til Guds nåde med noko som først må bli rett med oss sjølv, men dersom det lukkast, har ein ikkje behov for Guds nåde. Då er ein blitt ein farisear og lovtræl. Difor må Den Heilage Ande la dette mislukkast for oss – og ta frå oss all trøyst som er knytta til oss sjølv, så ein ikkje skal byggja halvt på Jesus og halvt på seg; det er åndeleg utruskap.

Den som har sin eigen kristendom intakt, for han er ikkje evangeliet nokon løyndom. Det er noko som han alltid har visst – utan at det har skapt glede og takksemd i hjarta; som det heller ikkje hadde gjort med den heimeverande sonen (Luk 15:29).

Det er skilnad på kunnskap og kjennskap, som det er skilnad på å ha noko i hovudet – og å ha det i hjarta.

Nikodemus på Golgata
Det står ingen ting om korleis Nikodemus hadde det då han skildest frå Jesus den natta. Om ikkje før, så fekk han iallfall sjå seg løyst og fri då Menneskesonen vart lyfta opp på korstreet. Det ser vi av det som hende i saman- heng med Jesu død og gravlegging.

Skal vi prøva å stilla oss ved sida av Nikodemus og sjå det han såg? Vi ser Golgata, vi ser Jesus under syndarar sin dom. Han har teke imot vreideskåla frå den tre gonger heilage Gud, og tømer no det som er att etter sjelekampen i Getsemane – til siste drope – for Nikodemus, for meg, for deg. Han fekk smaka helvete – og bli forlaten av Gud.

Koparormen
Det er mykje truleg at Nikodemus tenkte på koparormen og samtalen med Jesus når han no såg Jesus på korset. Kva var det spesielle med koparormen? Svaret på det finn vi i 4Mos 21:8- 9. Det fortel oss at alle som såg hen til koparormen «vart verande i live». Det hadde ingen ting å seia kva tilstand den enkelte var i, verken lekamleg eller åndeleg, om han hadde stor eller lita tru, om han hadde lite eller mykje synd, om han var truande eller ikkje. Berre ein ting hadde alt å seia: At han vende augo mot koparormen.

Koparormen er berre ein skugge av det som hende på Golgata med Jesus, men er likevel med og peikar på kva vi eig i Jesus. Alt som her er sagt om koparormen, kva han var for israelsfolket i øydemarka, det er Jesus for oss i dag.

Jesus har vunne deg retten til å koma som du er, for han har frikjøpt deg som du er. «Kom, for alt er ferdig!» Alt er gjort opp. «Halt og blind bydes inn, syndere og fromme».

Vårt forhold til Guds ord
Farisearar verken kan eller vil koma som dei er. Dei er komne lenger enn folk flest. Dei har så mykje kristendom å ivareta, som Gud har verka i deira liv, som ein skatt dei ikkje vil mista for alt i verda, for mister dei sin kristendom, så er jo alt tapt. Men det er for seint å bli avkledd ditt eige når du kjem til himlens port! Du må mista det her i nådetida.

Kva skjedde dersom nokon såg på koparormen blant dei som ikkje hadde fått gifta i seg? Det skjedde sjølvsagt ingen ting. Det var ikkje behov for nokon koparorm.

Det er slik også med vårt forhold til Jesus. Det må bli skapt behov for ein frelsar; ikkje eit teoretisk behov, men eit reelt. Det er ikkje eit behov som vi kan få til. Behovet blir skapt i møte med Guds ord, som er gjeve oss som lov og evangelium. Vårt ansvar er å gi Guds ord rett – både når det dømer og når det trøystar.

Loven kan ikkje skapa liv, men han gjer at evangeliet skaper liv. Får ikkje loven utføra sin gjerning med oss, blir evangeliet noko som ein veit og kan – utan at det når hjarta.

Kva tid er vårt behov for ein frelsar stort nok?

Vi kan tenkja oss ein person som er i behov av vatn, fordi han er tørst. Då analyserer han ikkje seg sjølv først for å finna ut om tørsten er stor nok. Nei, han finn vatnet, og drikk. Det viser at han var tørst. Det at du kjem til Jesus, at du finn di trøyst åleine i ordet om Jesus, det vitnar om hunger og tørst og at du har nådd fram til kjelda med det levande vatnet. «Eg vil gjeva den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje» (Op 21:6).

Det er fullført
Når eit verk er fullført, står det ikkje meir att å gjera for oss. Det var ikkje vår strid. Vi skal berre stilla oss opp og sjå korleis Herren har frelst oss (2Krøn 20:17). Då er det viktig at vi plasserer oss på ein stad med god utsikt til Golgata. Denne utsikt finn vi i Guds ord gjennom vårt syn, når vi les det – og gjennom vår høyrsel når det blir forkynt – og ved at Den Heilage Ande doggar Ordet, så eg ser at det gjeld meg.

«Trøysta, trøysta folket mitt! Seier dykkar Gud. Tal venleg til Jerusalem og rop til henne at striden hennar er enda, at skulda hennar er betalt, at ho av Herrens hand har fått dobbelt for alle syndene sine» (Jes 40:1-2).

O Lam, jeg ser deg full av sår!
Tålmodig du min straff utstår,
hver dråpe blod forkynner meg:
Se her hvor høyt jeg elsker deg!

Meg arme barn å få til brud
derfor korsfestes himlens Gud.
Å kjærlighet som overgår
endog hva englene forstår!

Du gikk for meg en blodig sti,
og jeg som skyldig var, slapp fri.
Guds vredes skål du tømte ut,
så dyrekjøpt er jeg, din brud!

Ha takk, min kjære Frelsermann!
Jeg aldri nok deg takke kan.
Hvert møysomt trinn som du har gjort,
er meg et trinn til nådens port!»
(Sb 278: Berthe Canutta Aarflot)

Lov og Evangelium 2014 - Nr 01