Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Ingen ting hindrar Herren!

Me lever i ei tid der fråfallet frå Guds ord er større enn nokon gong sidan kristendommen vart innført her i landet for tusen år sidan. Som kristenfolk tapar me slag etter slag i åndskampen, og det ser ut som om djevelen sigrar på alle frontar. I 1. Samuels bok (kap. 13-14) står ei historie som ber med seg mange parallellar til vår tid, og som har gjeve inspirasjon til Guds folk gjennom alle tider.

 

Ein overveldande fiende
Det var veldig åndskamp kring Guds folk, då som no. Fienden som omkransa dei var så mange som sanden ved havsens strand. Folket var så hardt trengde at dei gøymde seg i hòler og hellarar og bergskorter og kjellarar og brunnar. Heile folket fylgde Saul skjelvande.


Ikkje nok med at angsten og mismotet hadde gripe Guds folk, men filistrane hadde over tid lukkast med noko som var svært farleg. Dei hadde utrydda alle smedane i Israel – dei som laga våpen. Difor var det berre Saul og sonen Jonatan som hadde sverd.


Ein overveldande fiende, og eit folk prega av angst og mismot, og utan våpen. I sanning ein håplaus situasjon for land og folk.


Parallellar til vår tid
Når eg les denne historia kjem eg ikkje utanom å tenkje på vår eigen situasjon. Kristenfolket taper slag etter slag i åndskampen, og djevelen sigrar på alle frontar ser det ut for.


Hadde ein sagt for 20-30 år sidan at dei fleste biskopane i dag vil velsigne det Bibelen seier er synd, trur eg dei færraste mellom kristenfolket ville trudd at så kunne skje. Men no skjer det for våre augo.


Dei velsignar synda med stort frimod, og fører Guds vreide over oss. Dei som skulle vere hyrdar, forfører vårt folk.


Bibelkritikken har også fått herje fritt ved våre læreinstitusjonar, og mellom Guds folk i kyrkje og bedehus minimaliserer ein Guds ords påverknad. Me ser korleis djevelen på lik linje med filistrane på mange vis har rydda ut Andens sverd, Guds ord, mellom oss.


Dette me høyrer om her, er talt som førebilete for oss (Rom 15:4). Difor gjev det von og inspirasjon å lese dette for Guds folk. For Herren er den same, og hans ord er det same. Herren har ikkje forandra seg (Hebr 13:8).


Jonatan er ikkje oppteken av den veldige fienden, men kven Herren er, og kva han kan gjera. Han seier: «Kan henda Herren gjer noko for oss. Ingen ting hindrar Herren frå å frelsa, anten det er ved mange eller ved få» (1Sam 14:6). Han fryktar ikkje menneske, for han har erfart at Herren alltid står ved sitt ord og løfte.


Guds ord er levande og verksamt
Oskar Michelsen var frå Ski utanfor Oslo og vart misjonær på Tongo-øyane i Stillehavet. Då han i 1878 hadde lært så mykje av språket at han kunne tale til folket, vart han sett aleine att på ei øy med 1 100 menneskeetarar.


I utgangspunktet var øya full av fiendar. Han bygde seg eit lite hus, og då kom dei og kringsette huset hans væpna til tennene. Dei steig fram og spurde:
– Kor er våpenet ditt? Michelsen løfta sin Bibel og sa:
– Her er mitt våpen!


Kva skjedde? Då Michelsen kom til Tonga i 1878 fanst det ikkje ein kristen. Då han reiste frå øya 53 år seinare i 1931, var alle døypte og vedkjende seg kristen tru.


Korleis kunne noko slikt skje? Jau, han hadde same tru på Ordet som Jonatan. Eit ord som «er levande og verksamt og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom heilt til det kløyver sjel og ånd, ledd og merg, og dømer hjartans tankar og råd» (Heb 4:12). Der Ordet i sanning får lyde, der talar Den Heilage Ande til samvita så dei vert vekte opp og får med Den Heilage Gud å gjere. Der skjer det under også i dag! Der kan Herren enno frelse menneske!


Paulus talar også om dette våpenet og seier: «For jamvel om me lever i kjøtet, så fører me ikkje striden vår på kjøtleg vis. For våpna våre er ikkje kjøtlege, men mektige for Gud til å støyta ned festningar, i det me riv ned tankebygningar og kvar ei høgd som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange under lydnaden mot Kristus» (2Kor 10:4-5).


Herren kjempa for dei!
Jonatan og våpensveinen går frimodig fienden i møte – for dei veit kven deira Gud er og kva han formår. Jonatan seier så frimodig: «Ingen ting hindrar Herren frå å frelse, enten det er ved mange eller få.» Fokuset er på Herren, på hans ord og løfter. Det er ikkje hjå Gud det er trongt, men i våre hjarto. Får berre Ordet rom i samvita, kan underlege ting skje også i dag. Då vert menneskefrykta driven ut.


«Ingen ting hindrar Herren». Tenk for eit perspektiv! Er det ikkje underleg å høyre slik tale når situasjonen ser så håplaus ut? Det er ord som er fulle av tru og tillit til kva Herren kan gjere, kva Herren formår! For han som har all makt i himmelen og på jorda, betyr det ikkje noko om dei menneskelege midlar er få eller mange. Ingen ting er umogleg for han!


Me kan berre tenkje på Gideon som mista 99 prosent av hæren sin, og likevel vart det ein overveldande siger over fienden – som også var som sanden ved havsens strand. Også han sette si lit til Herren aleine.


Ein mann eller kvinne som har Gud ved si side, er i majoritet uansett kor overveldande fienden er. Der Ordet i sanning slepp til, der kan Herren fortsatt skape alt av «intet». Han kan til og med skape liv av døde seier Ordet, for Guds ord er eit skaparord som skapar det som det nemner!


Kva skjer når Jonatan og våpensveinen konfronterer fienden? «Då kom det ei redsle i leiren, på marka ikring og mellom alt folket. Jamvel forposten og herjeflokken vart gripne av redsle. Jorda riste, og Gud slo dei med redsle» (1.Sam 14:15). Herren går føre!


Midt på dagen, når fienden ser dei, mot all menneskeleg fornuft, og alle menneskelege strategiar, heilt ope og likefram går dei – utan snikvegar, men i tillit til Herren. Kva skjer? Herren kjempar for dei!


Skal me vinne åndelege sigrar er det dette som må skje, at Herren kjempar for oss. Difor ynskjer Herren at Guds folk brukar hans våpen, Ordet og bøna, for ingenting hindrar Herren frå å frelse enten det er ved mange eller få.


Herren er den same i dag!
La oss berre sjå kva som skjedde tidlegare når folk ropte til han. Moses løfta sine hender mot himmelen, og Israel sine fiendar vart slegne. Josva bad, og sola stod stille i Gibeon og månen i Ajalons dal. Josafat og folket bad, og fiendane tynte kvarandre og vart liggjande for deira føter. Daniel bad, og Herren lukka løvene sine gap og følgde sine i eldomnen. Peter sine vener bad, og lekkjene fall av han, og dørene i fengslet vart opna.


Er Bibelens Gud den same i dag? Ja, og ingenting hindrar Herren om han vil!

Lov og Evangelium 2014 - Nr 06