Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Jesu gjenkomst

Media har i den siste tida malt ut for oss det som skjer i Afrika, Midt-Austen, Ukraina osv. Det er som det ingen ende vil ta med oppslag om kriser, krig, rykte om krig, forfølging, forføring, pest, jordskjelv osv. Jesu ord om si atterkome, slik han talar om det i Matteusevangeliet (kap. 24), vert malt ut for våre augo gjennom media i desse dagar.

 

Men også mange truande har vitna om korleis det skal vere, og Bibelen oppmuntrar den truande til å gje akt også på deira vitnemål.

Johann Arndt sin draum
I boka «Den sanne kristendom» av Johann Arndt (1555-1621), ein av trusfedrane innanfor lutherdommen, fortel han om ein draum han hadde under eit sjukeleie. I den får han innblikk i det som skjer i den siste tida før dommen. Eg synest det er talande å stanse opp for det han fortel, med tanke på vår tid.

Han drøymer at han kjem til ei stor slette, der han får auge på ein kross med den lidande Kristus på. Saman med dette ser han ein domstol, omkransa av mange menneske.
«Tal!» ropte han på dommarsetet til mengda, «hvem er det som henger på korset der oppe?» No kunne ein høyre ulike stemmer. Dommaren på stolen vinka med handa, påbaud stille og befalte at kvar enkelt skulle gje si stemme.
«Han er tømmermannens kjødelige sønn», sa den eine.
«Han er Marias naturlige barn», sa ein annan.
«Han bedrar seg selv og holder seg for Guds sønn», sa ein tredje.
«Ja, han er det som alle vi andre er», sa ein fjerde.
«Han er inntatt av jødiske fordommer», sa den femte.
«Han fornedrer mennesket under dets verdighet», sa den sjette.
No kom det fram mange kvinner, som var halvt kledde som menn. De strekte opp hendene og sa, den eine etter den andre:
«Han innskrenker kvinnens naturlige frihet».
«Han gjør ekteskapet til et tvangsforbund».
«Han utelukker kvinnen fra folkets råd».
«Han gjør menneskeheten til kristelige tjenere».
«Vil hans ord», spurte mannen på stolen, «bestå i all evighet?»
«Aldri!», ropte mengda. «Menneskeheten vil vel bære disse lenker en lang tid, men den frie kjærlighet vil gjøre den fri fra troens trykk»!

No vart det heilt stilt, og alle såg opp på krossen. Då smilte Herren mildt, men med djup smerte. Så bøygde han hovudet og døydde. Då folkemengda såg det, fór det ein mektig skrekk gjennom dei, og før dei forstod kva som skjedde, var alle borte som av ein stormvind, og ingen kunne sjåast. Den døyande Frelsar sitt smil hadde drive bort krossen sine fiendar.

Men domstolen vart ståande, og ein engel steig opp på den og breidde ut vengjene sine. Dei vaks, og breidde seg snart så vidt ut at dei dekte heile jorda og nådde heilt til himmelen. Dei let det berre vere plass att til krossen. Over dette strålte eit mektig lys. Engelen rekte opp si høgre hand og sa: «Se det Guds Lam som bærer all verdens synder! Han vil komme for å dømme de levende og de døde»!

Deretter høyrde Arndt ein mektig song frå ein uteljeleg skare. Dei song Johannes sine ord: «Verdens riker er blitt vår Herres og hans Salvedes, og han skal regjere i all evighet»! Då lydde det eit mektig amen gjennom det uendelege himmelrommet, så jorda skalv. Johann Arndt fall på sine kne og song med i dei himmelske hærskarar sitt store halleluja! «Da våknet jeg», seier han.

Sagt av William Booth
William Booth (1829 – 1912), frelsesarmeen sin grunnleggjar, talte også om temaet. Dei trekka han understreka er heller ikkje vanskelege å sjå i dag. Han sa: «I dei siste dagar skal det verte religion utan den Heilage Ande, kristendom utan Kristus, tilgjeving utan syndserkjenning, frelse utan gjenføding, politikk utan Gud og himmel utan helvete. Han la til: Det einaste som kan demma opp mot denne tiltakande åndsretning, er ei vekking ved den Heilage Ande».

Sitat av Karl Paul Reinhold Niebuhr
Karl Paul Reinhold Niebuhr (1892 – 1971), var ein amerikansk teolog. Han har også uttala noko treffande som han meinte er typisk for det moderne menneske sin religiøsitet i denne siste forførande tida: «Ein Gud utan vreide, lar menneske utan synd, ved hjelp av ein Kristus utan kors, koma inn i ei æve utan fortaping».

Når Jesus snakka til sine om si atterkome understreka han viktigheita av å vake, for det skal vere ei søvnens tid. Til sine sa han også: «Når dette tek til å henda, då rett dykk opp og lyft hovudet! For det lir mot utløysinga dykkar».

Både Jesu vitnemål, og vitnemåla frå dei som har gått føre oss, vitnar tydleg om at me lever i den siste tida. Måtte det få vekkje oss opp av sløvhets dvale, så Herren kan finne oss vakande når han kjem!

Lov og Evangelium 2014 - Nr 10