Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Det som var fortapt

Kven var det Jesus kom for? Guds ord fortel oss at han kom for å leita opp og frelsa det som var fortapt (Luk 19:10).

 

Vi forstår lite av kva det vil seia å vera fortapt. Reint teoretisk synest vi å kunna skjøna det, men ikkje når det skal anvendast. Då trur vi i utgangspunktet at vi kan omvenda oss og tru på Jesus når det passar oss. Men saka er den at i åndeleg samanheng er eit ufrelst menneske like hjelpelaust som eit dødt menneske (Rom 3:10-18).

Den som er frelst og født på ny, har gjort visse erfaringar om nettopp det. Kva kunne vel Adam og Eva gjera til si frelse?

Korleis kan då eit fortapt menneske verta frelst? Herren kjem til oss som han kom til Adam og Eva, og spør: Kvar er du? Kva har du gjort? Har du synda? «... for den dagen du gjer det, skal du visseleg døy» (1Mos 2:17). Først den åndelege død, sidan den lekamlege – og til sist den evige død, den evige pine i helvete.

Trua på oss sjølve
Etter syndefallet har vi fått stor tru på eigne krefter. For at Herren skal få oss i tale, møter han oss på vårt eige nivå, der vi er.

Då Herren skulle fria ut israelsfolket frå Egypten, der dei levde i trælekår under Farao, sende han Moses til dei.

Når Moses stig fram på arenaen, byrjar problema og arbeidspresset for alvor. Farao legg på dei så mykje arbeid at folket til sist vender seg i raseri mot Moses og Aron – og gjev dei skulda for alt saman.

Ei tilsvarande arbeidsteneste har Herren oppretta for oss, vi som har så god tru på oss sjølve. Til leiar i denne oppgåva å fria oss ut frå tenesta under den vonde Farao i helvete, har han innsett ein ny Moses, sin heilage lov. Loven fortel oss at dersom vi ikkje vender om, går vi evig fortapt. Han byd oss å dra ut frå Egypt, frå Babel, frå syndelivet.

Det er ei livsviktig sanning som vi må gjera noko med. Vi må omvenda oss og ta imot – og tru på Jesus.

Så omvender vi oss og begynner å tru på Jesus, ja, kan vi det? Kan eit fortapt menneske omvenda seg og tru på Jesus?

Ein kan bestemma seg for å verta ein kristen og byrja å gå på møte, be og lesa i Bibelen, vitna – og ta seg i vare for all synd. Dette er godt og nødvendig om vi har tenkt oss til himmelen. Det startar gjerne slik. Men i realiteten kan vi ikkje noko meir enn å sveipa oss i fikenblad, som Adam og Eva gjorde. Så er ein då iallfall ikkje heilt naken! Og evangeliet kan vi!

Loven sin vidare gjerning
Er loven nøgd med dette? Å nei, det går ikkje så lettvint føre seg. Du må læra å kjenna ikkje berre den ytre synda, men den synda som bur i hjarta ditt. Har du anger og syndenød?

Slik driv loven på. Kva er det han vil?

Loven er heilag som Gud er heilag, og det vil han du og skal vera. Så lesser han bører på deg for at du skal verta ein rett og sann kristen. Eller er det det han vil? Klarer han det?

Ja, har det lukkast for deg i samarbeid med loven og med Guds hjelp, så er du blitt ein farisear! «Og grunnen til det er at du ennå ikke er gått så grundig til verks med din omvendelse at du er kommet til kort med den» (Carl Olof Rosenius).

Du har brote brodden av loven og blitt ein hyklar. For det loven siktar på, er å ta frå deg alt ditt – og på den måten driva deg til Kristus. Det var det som skjedde med Adam og Eva. Gud måtte ta frå dei fikenblada, så dei vart ståande nakne i si skam.

«Og Gud Herren gjorde klede av skinn til Adam og kona hans, og kledde dei» (1Mos 3:21). Eit dyr måtte lata livet, blod laut renna til eit vitne og til eit førebilete på den Frelsaren som seinare skulle koma og gi sitt liv for desse to og alle deira etterkomarar.

Det loven samstundes vil visa deg, er at han står makteslaus til å få noko ut av deg, og du erfarer at det han krev, maktar du ikkje å imøtekoma, nettopp fordi du er eit fortapt menneske.

Når det gjeld vår omvending, har Rosenius sagt: «Det er ikke for sin egen skyld Gud krever omvendelse. Den skal ikke bane vei for oss til Guds hjerte, men berede Herren vei til våre hjerter».

Eigarettferd
Den Heilage Ande har mykje bry med å overtyda oss om at Jesus kom for å frelsa det som er fortapt. Du og eg vil så gjerne vera gode kristne og ha det i orden med oss sjølve. Sjølvsagt er vi uverdige til Guds nåde, men det skal vi jo vera, så slik sett er det vel som det skal vera med meg. Og då har eg vel rett til å tru Guds nåde? Eigarettferda gjev seg mange utslag! Endå til vår uverdigheit blir omgjort til ei slags verdigheit som skal gi oss rett til å tru Guds nåde!

Det som var fortapt
Vi får stilla spørsmålet ein gong til: Kven var det Jesus kom for å frelsa?
– Og svaret er det same: Det som var fortapt!

Du er kjøpt fri så fortapt som du er – med heile eigarettferda di med på kjøpet! Og all anna synd.

Den som er fortapt, kan ikkje vera noko anna enn det han er. Difor måtte han frikjøpa oss slik som vi var – og er.

Ei anna sak er at evangeliet verkar eit nytt liv hos den som får del i det – med det resultatet at vår gamle natur mister sjølvråderetten i livet vårt. Men vi må ikkje gløyma eller oversjå at frelsa er ferdig for ugudelege. Difor var det open adgang til Paradis for røvaren, som på krossen vende seg til Jesus i si nød.

Det er fullført! Har du høyrt det før? For kven er det fullført?

Når det går opp for deg, er du frelst!

Lov og Evangelium 2015 - Nr 01