Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Fiskeoppdrettar og lekpreikar

Intervju ved Dag Rune Lid
– Gleda fylte heile meg, både i kropp og sjel. Det var som eit useieleg lys! Eg fekk sjå at eg var frelst og fødd på ny! Eg såg at alt som eg mangla, det hadde Kristus gjort! Då sprang eg ut i mørkret og nedover dei store korn- åkrane, og ropa høgt og lova Gud for frelsa full og fri! Det bobla over! No såg eg det som eg før ikkje hadde sett: Eg har evig liv! Eg er frelst!

 

Det er Steinar Kvalvik som seier dette, når han beskriv kva som skjedde då han vart frelst. Han bur på Klinga sør for Namsos saman med kona Margrete og dei fem borna deira. No arbeider han innanfor fiskeoppdrett, etter å ha reist med Guds ord på heiltid ein del år fram til 2003.

Han er fødd og oppvaksen på Hitra, lengst ute i havgapet mot det brusande havet i vest. I heimen møtte han den kristne trua heilt frå barneåra. Han var sosial av natur, og venene drog i ei anna retning. Det vart naturleg å bevare sin plass i kameratflokken. Han hadde ingen kristne kameratar, og det var nok medverkande til det som skjedde desse åra.

Kjem bort frå Gud
– Det var ei uskriven lov at når ein var konfirmert kunne ein gå på bygdefestar. Det vart ein del bilkøyring og festing med eldre ungdommar. I denne tida byrja også alkoholen å gjere seg Steinar Kvalvik gjeldande, og det vart noko festing på ulike ungdomshus på Hitra.

– Det var ikkje noko bevisst indre opprør mot den kristne arven frå heimen, men sakte men sikkert kom eg bort frå Gud. Når eg stod bak «lokalet» å spydde, kunne eg tenkje at dette var ikkje bra, men lenger kom ikkje tanken.

– Far min hadde også levd borte frå Gud i si ungdomstid, og vart ikkje omvend før mot slutten av 20-åra. Måten foreldra mine reagerte på, var at dei tok seg mykje tid til å snakka med meg i denne tida. Den munnlege samtalen i heimen stod sterkt, og det var openheit Foto: Ingeborg Næss 10 både om gleder og sorger, påpeikar han.

– Som 16-åring reiste eg til Val hausten 1991. Det er Misjonssambandet sin naturbruksskule i Namdalen. Mor og far ville sterkt at eg skulle gå der. Familien min hadde ei verksemd innanfor lakseoppdrett, og det var difor naturleg for meg å reise til Val, då ein her kunne ta grunnkurs i akvakultur.

Kallet frå Herren
– Eg begynte med å gå på møter og hadde spesielt god kontakt med ein i personalet som tok seg av meg og viste omsorg for meg. Gjennom andaktar og forkynning vart eg «berørt» og eg ville gjerne vere ein kristen. Då eg reiste frå Val vart eg halden for å vere ein kristen, men då eg kom heimatt den sommaren – rakna heile kristendommen. Då det ytre miljøet forsvann, forsvann også kristendommen, eg hadde ikkje fast feste i Guds Ord, seier han.

Hausten etter byrja han på Rødde folkehøgskule i Melhus i Sør-Trøndelag.

– Same dagen som eg byrja på Rødde, omkom ein av kameratane mine heime på Hitra i ei bilulykke, berre 19 år gamal. Døden kom nær. Eg hugsa eg gjekk i skogen og anklaga Gud fordi ulykka kunne skje.

– På Rødde gjekk eg difor bevisst ikkje på møte, og viste eit tøft ytre. Det kunne godt ha vore meg som omkom, tenkte eg. Då visste eg at eg hadde kome til å gå fortapt. Det stod klart for meg. Frykta for døden og fortapinga låg der, seier han tankefullt.

Litt ut på hausten fekk dei besøk av Kjell Håland, misjonær og forkynnar i Misjonssambandet. Han hadde møter saman med eit team av ungdommar.

Me ber for deg!
Heile denne tida hadde Steinar god kontakt med foreldra heime på Hitra, og på telefonen sa far:
– Det skal verta hardt for deg å stå mot kallet, Steinar! Me ber for deg!

 

– Alle besteforeldra mine hadde vorte omvende i vaksen alder, og dei var med og bad om at også eg måtte verte omvend. Så ein dag tok eg ei ny avgjersle, at no måtte det verta alvor. Det må bli i orden, eg må vita at om eg døyr så endar eg ikkje i fortapinga, men i himmelen.

På neste møte reiste eg meg og sa at no hadde eg kapitulert og overgitt meg til Gud. Vedkjenninga stod for meg som ei «rundbøye» eg måtte forbi, og det var mykje følelsar knytt opp til dette. I ettertid ser eg at vedkjenninga ikkje var uviktig, den var med og «batt meg til masta». Noko nådemiddel er ikkje vedkjenninga, men ho er med og bind ein fast til Guds ord som er nådemiddelet.

– Då eg på ny hadde bestemt meg, fekk eg gratulasjonar av dei andre. Men det var enno ikkje skjedd noko i hjarta og samvit. Det har lært meg noko om kor avgjerande viktig det er at ein i forkynning og det kristne arbeidet ikkje berre har som siktemål ei vedkjenning, men at sjelene finn fast feste i Kristus, blir løyste ved Guds Ord.

– Det gjekk nokre dagar, så rakna det heile igjen. Det var mørkt, vanskeleg og destruktivt. Eg kom til den konklusjonen at eg ikkje kunne verta frelst slik som eg var.

– Då var det at Kjell såg at eg streva. Han tok tak i meg og spurde om me skulle ta ein prat på tomannshand. Han spurde om eg ville vera ein kristen, og eg måtte sanne som sant var, at det ville eg, men greidde ikkje å sjå at eg var det.

– Håland slo opp i Bibelen og las: «Den som trur på Sonen, har evig liv. Men den som ikkje vil tru på Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande over han» (Joh 3:36).

– Vil du ikkje tru på Jesus du, Steinar? spurde han meg. Jau, det ville eg. Les det som her står. Så las eg det høgt: «Den som trur på Sonen, har evig liv. Men den som ikkje vil tru på Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande over han».

– Det seier meg ingenting, sa eg. Les det enno ein gong, seier han. Eg las det på nytt, ja, eg las det høgt kanskje ti gonger. Då plutseleg skjedde det noko. Då såg eg plutseleg at eg hadde evig liv! Eg måtte spørje han? Er det verkeleg så enkelt.

– Ja, det er slik det står skrive, svarte Kjell.

Frelsesfryd
– Gleda fylte heile meg, både kropp og sjel. Det var som eit useieleg lys! Eg fekk sjå at eg var frelst og fødd på ny! Eg såg at alt eg mangla det hadde Kristus gjort.

– Då sprang eg ut i mørkret, nedover dei store kornåkrane på Rødde og ropa høgt og lova Gud for frelsa full og fri! Det bobla over! No såg eg det som eg før ikkje hadde sett: Eg har evig liv! Eg er frelst!

– Då eg vakna neste morgon, slo eg opp og las verset på ny og såg at det stod der enno. «Den som trur på Sonen, har evig liv. Men den som ikkje vil tru på Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande over han». Dette gjorde eg kvar morgon i lang tid.

– Eg fann frelsesvissa her, og den hadde eg i mange år utan at eg vart anfekta. Det er som songaren syng: «Hvorledes kan jeg vite at jeg er født av Gud, at Jesus er min broder og synden slettet ut? Spør ei det gamle hjerte, det er bedragelig. Men se og les i Herrens ord, der svares skriftelig».

Kallet
– No fekk eg trong til å vinna skulekameratane mine for himmelen. Eg hugsar enno ein kamerat eg var mykje saman med på Rødde. Han var så kalla av Gud, men det glapp. Det var ein del «trosser» som hadde losna, men ei trosse heldt han fast, han var bunden av familien. Han vart ikkje med den gongen og er enno ingen kristen i dag. Det gjeld å nytte den laglege tid medan Herren kallar, seier Steinar tankefullt.

Han lika godt å jobbe innanfor lakseoppdrett, og han gjorde seg ferdig med utdanninga og reiste attende til Hitra. Det var fleire som trekte i han om han ikkje skulle byrje å reise med Guds ord.

– Så ein dag fekk eg brev frå rektor på Fjellhaug i Oslo med spørsmål om eg ville ta eit år på forkynnarkurset på Fjellhaug.

– Det brevet vart alvorleg for meg. Eg våga ikkje å unndra meg lenger, og eg kjende på eit indre kall om å byrje å reise med Guds ord. Difor sette eg meg ned og skreiv eit brev og takka ja til å kome til Fjellhaug vinteren 1997-98.

– Kort tid etter eg hadde sendt brevet, fekk eg tilbod om å verte driftsansvarleg for eit fiskeoppdrettsanlegg. Det var det eg hadde sikla etter i mange år, men eg måtte seie: «Hadde de spurd meg for nokre veker sidan, hadde eg sagt ja, men no vert det forkynnarkurs».

– Det enda med at eg gjekk bibelskulen, då det vart for få elevar til at dei starta forkynnarkurset den hausten. Eg hadde mellom anna Arne Helge Teigen i truslære, og eg opplevde at eg fekk mykje hjelp av det han formidla.

– Her møtte eg også Glenn Nord-Varhaug, og me fann kvarandre menneskeleg og åndeleg. Det førde til at me byrja å reise saman som songevangelistar på Nord-Møre hausten 1998, seier han.

Med det byrja nokre hektiske år der han reiste med Guds ord om vintrane, og om somrane gjekk det i lakseoppdrett.

– Det var gilde år, og me opplevde også ved nokre få høve at uomvende gav seg over til Gud. Me var innom på mange gamleheimar, og dei aller fleste kjøpesenter på Nord-Møre og vitna om Herren Jesus. Om det var rike år, var det også kampfulle år.

I møte med vranglæra
I januar 2003 hende det noko i ei bygd på Nord-Møre, som fekk store konsekvensar for han. Det var laurdag kveld og han hadde talt om Josva som beseira Jeriko (Josvas bok, kap. 6). Det var eit «ord i rett tid», fekk han høyre frå formannen på staden.

– Sundagen talte eg ut frå Josva (kap. 7) om synda som kom inn mellom Guds folk, og korleis det bannlyste godset som kom inn mellom folket, gjorde at dei kom inn under Guds vreide og dom.

– I bygda var det ein prest som var positiv til homofilt samliv, og eg anvende teksten inn i den dagsaktuelle situasjonen og understreka det som står i Rom 16:17: «Men eg formanar dykk, brør: Hald auga med dei som valdar kløyving og fråfall frå den læra de har teke imot. Vend dykk frå dei!»

– Eg sa: «Dersom det i denne bygda er ein vranglærande prest, så skal de vende dykk frå han, etter det ordet vi las». Då var det ei eldre kvinne som slo hendene saman, og fleire andre som rista på hovudet.

– Når det gjaldt biskopen som då var på Møre, sa eg at han var den farligaste av alle biskopane for Guds folk. Eg grunngav dette med at han stod fram som ein som tilsynelatande heldt seg til Guds Ord, og at han derfor fekk ekstra inngang mellom Guds folk.

– Utsegna om biskopen vart i talen underbygd med at han på kyrkjemøtet i 1995 var med å opna for to syn i homofilisaka. Under dette møtet vart homofili ikkje rekna som kyrkjesplittande, og dei som lærde at homofilt samliv ikkje er synd - vart ikkje kalla for vranglærarar.

Han nemnde også at biskopen hadde vore med og sett inn den liberale biskopen i Nord-Hålogaland på den tida. Det var ei kjend sak at denne hadde gått ut og fronta homofilisaka i forkant, og likevel hadde biskopen vore med å innsett han.

– Dette var ei bygd der bedehusfolket var kyrkjevenlege, og ein del slutta opp om kyrkja sjølv om presten var vranglærar. Til slutt i preika las eg frå Matteusevangeliet (3:2): «Vend om, for himmelriket er kome nær!»

– Etter talen vart det momentan reaksjon, og det vart sagt at det ikkje gjekk an å tale slik, mellom anna avdi eg var for ung og det var born til stades. Eg fekk innkalling både til kretssekretær og kretsformann. Det vart fleire rundar med møter. Eg fekk krav om å beklage: «Utidig i form og innhald». Eg måtte beklage det eg hadde sagt, men det klarte eg ikkje. Eg fekk heller ikkje ryggdekning i kretsleiinga. Eg forstod at dersom eg forkynte den same bodskapen andre stader, og det vekte tilsvarande reaksjonar, ville kretsleiinga «ta det opp igjen, for det gikk bare ikke an».

Etter dette følte han at det vart vanskeleg å reise med Guds ord, og det førde til at han sa opp stillinga som forkynnar etter at han hadde vore sjukemeldt nokre månadar. Han gjekk attende til arbeidet som fiskeoppdrettar 1. april 2003, og her har han halde seg sidan. No forkynner han på fritida i ulike samanhengar der han vert spurd.

– Eg er takksam for å kunne få vere med å så ut Ordet, sjølv om det ofte er kampfullt å stå fram, seier han.

«Reis de nedbrutte altrene!»
For ei tid sidan kom han over ei bok av indremisjonshøvdingen og stortingsmannen Andreas Lavik, og han opplevde at boka var både gild og til ettertanke. Den vart skriven for over 100 år sidan, og har tittelen «Kristne hjem og kristen barneoppdragelse». Han meiner den er utruleg aktuell inn i vår åndssituasjon.

– Her understrekar Lavik at når heimane vert øydelagde, så vert landet og folket øydelagt. Lavik seier at å reise Herrens nedbrutte alter i hjemmene, er det same som å bringe folket inn under kristendommens velsignede innflytelse. «Hjemmets alter må være reist! Les Guds ord og be daglig sammen i hjemmene! Den felles andakt og lønnkammerstundene, det er kraftkildene i hjemmet. Derfra strømmer velsignelsen inn i hjertene og inn i hele hjemmets liv og arbeide».

– Og til meg sjølv og andre vil eg seia: Gje for all del ikkje opp, om det vert mange «avvik». Dei er «lukka» og oppgjorde, i Jesu namn!

Slik avsluttar fiskeoppdrettaren og lekpreikaren Steinar Kvalvik, og siterer vidare frå Lavik si bok: «For dem som har levd og arbeidet i slike hjem i ånd og sannhet, vil det falle naturlig å tre inn i hjemmet der oppe, i det nye Jerusalem. Om dette hjem høres disse velsignede ord: Fra tronen hørte jeg en høy røst som sa: Se, Guds bolig er hos menneskene. Han skal bo hos dem, og de skal være hans folk, og Gud selv skal være hos dem og være deres Gud. Han skal tørke bort hver tåre fra deres øyne. Og døden skal ikke være mer, og ikke sorg, og ikke skrik, og ikke pine skal være mer. For de første ting er veket bort» (Åp 21:3-4).

Lov og Evangelium 2015 - Nr 10