Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Åndelege brytningar

Det finst eigentleg berre to slags menneske på jorda: frelste og ufrelste. Desse kan igjen delast i tre kategoriar: frelste, ufrelste og religiøse.

 

Farisearane på Jesu tid er eit eksempel på denne tre-delinga. Ingen var så sikre som dei at dei hadde det rett i sitt gudsforhold, men dei høyrde saman med dei ufrelste. Desse to slags bekjennande kristne er meisterleg skildra i boka, «Våre lamper slokner», av J. F. Løvgren, som har vore attgjeven her i bladet.

Av Skrifta ser vi at Jesus prøvde å koma dei til hjelp som vart kalla «tollmenn og syndarar», men òg dei religiøse.

Når vi les om dette i Bibelen, ser vi at Jesus fekk koma mange av dei førstnemnde til hjelp og frelse. Men å få hjelpa dei religiøse, var mest umogleg. Dei var jo omvende! Så kom Jesus og ville ta frå dei alt, heile kristendomen deira. Då hadde dei ingen ting att! Då var dei jo ufrelste midt i si gudsfrykt. Ein kan forstå at dei kjempa imot. Deira ulukke var ikkje først og fremst at dei stod i eit galt gudsforhold; det har mange gjort. Det alvorlege var at dei stod sanninga imot og forherda seg. I den faren står vi alle. Det kostar å gi Guds ord rett i alle ting og handla etter det. Når vi ser kor langt dei gjekk, kan ein undra seg over at dei kunne gjera det dei gjorde – og framleis kalla seg Guds born. Men Jesus sa at dei hadde djevelen til far.

Likevel var ikkje dette noko nytt. Det begynte alt med Kain og Abel. Begge ofra til Herren, men Kain slo Abel i hel. Vi ser det same i Abrahams hus, kor Ismael, som var født etter kjøtet, var etter Isak, som var født etter lovnaden. Det same ser vi mellom den heimeverande- og den bortkomne sonen. Då den bortkomne sonen kom heim og fekk nåde, vart den andre sint og ville ikkje gå inn og ta del i gleda. Det er ikkje annleis i dag – og vil heller ikkje bli det i framtida.

Det er lite forkynning i dag som talar til vekkjing i kyrkje og bedehus. Kven kjem i tvil og vert uroa i sitt gudsforhold på våre møte? For det aller meste blir det tala som om alle er Guds born. Dei som ikkje er fødde på ny, kan sitja trygt på stolane sine. Nå er det ikkje vår sak å avgjera kven som er frelst eller ikkje. Når Ordet blir forkynt i Ånd og sanning, er det Den Heilage Ande som deler ut etter kva den enkelte er i behov av. Nokre treng å høyra loven, andre – evangeliet. Samtidig kan det setja skilje i forsamlinga om dei «fem» dårlege bruremøyane vaknar opp og får sjå si sanne stilling. Det er stor nåde frå Herren når det skjer medan det er nådetid.

Kva så med dei som står i eit rett gudsforhold og så blir møtt med ei forkynning som gjer at dei kjem i tvil om dei i det heile har liv i Gud? Om det har eg mange erfaringar i mitt eige kristenliv. Mang ein gong har eg sete så dømd – og uviss på om det stod rett til med meg. Kva har så det ført til? Det har drive meg til Jesus – der eg har lagt alt fram for han. Etter kortare eller lengre tid har eg gjerne blitt møtt av eit ord frå Bibelen, eller gjennom god åndeleg litteratur fått ei ny evangelisk forvissing om Guds nåde.

Eg kjem òg på eit par tilfelle kor eg søkte hjelp hos talaren, som gjennom forkynninga av Guds ord, hadde skapt eit slikt behov. Endå ei hending kjem fram i minnet – frå ei påskesamling på Sørlandet for mange år sidan. Det hadde vore tala om den nye fødsel. Det vart skildra korleis det gjekk føre seg – med kjenneteikn og det heile. Og talen vart avslutta med satsen: «Og så var du født på ny!» Eg var frelst før dette, men etter talen var eg heilt knust. Eg tykte ikkje at det var akkurat slik eg hadde opplevd det. Det var som om alt mitt gjekk opp i røyk – og forsvann. Medan eg sat der og hadde det veldig vondt, fekk eg det eg vil kalla ei openberring. Eg fekk sjå det i eit himmelsk lys, dette: Jesus kom ikkje for dei som var født på ny! Han kom for syndarar, for fortapte, for ufrelste, for slike som alt er galt med. Så var frelseverket mitt akkurat slik som eg hadde det! Så var eg fri og frelst, glad og takksam. Det har du òg grunn til å vera – med tanke på kven Jesus kom for.

Så kan ein spørja: Var dette ei farleg eller skadeleg forkynning? Det trur eg ikkje. Ho verka slik at eg mista alt mitt eige – og førde til at eg fekk sjå forsoninga i nytt lys. Herren måtte kanskje stella med meg slik for at eg ikkje skulle byggja på noko i meg sjølv. Tenk om eg fekk alt til å stemma med mitt eige. Då ville det fort bli ei tilleggstrøyst til Jesus åleine. Det ville bli, som Rosenius uttrykkjer det ein stad: ei urein trøyst.

Jesus var ikkje redd for å vekkja og uroa læreresveinane sine. Ein stad les vi at dei vart så redde at dei skreik. Det var då han kom vandrande på sjøen! Ein annan gong sa Jesus til dei at ein av dei skulle koma til å svika han. Det gjaldt jo berre Judas, men det skaka opp heile flokken. Ein gong låg han i båten og sov – medan læresveinane var livredde at dei skulle gå under i det opprørde havet. Så kan vi lesa om at då han hadde tala til dei om kor trong porten inn til Guds rike var, vart dei forferda og spurde: «Kven kan då verta frelst?» Og svaret var: «For menneske er dette umogleg». Har du gjort den erfaringa? Vidare seier han: «Men for Gud er alt mogleg» (Mat 19:26). Det er ei ny erfaring vi får gjera når vi har gått konkurs på alt vårt eige; når Den Heilage Ande tek dekket bort frå augo, og det blir openberra som vi alltid har visst! Då er det som sat i hovudet flytta ned i hjarta. Det blir noko av det same som hende med dei to som var på veg til Emmaus, då Jesus gav seg ilag med dei og la ut Skriftene for dei.

Jesus prøvde å gjera kva han kunne for å berga kvar einaste sjel. Då han såg at innbyggjarane i Jerusalem skulle koma til å forkasta han, gret han. Det var det siste kjærleiken kunne gjera. Du skal ikkje vera redd for å bli avkledd di eiga rettferd. Lat Herren få ransaka deg. Vi er ikkje i stand til å ransaka oss sjølve, difor bad David at Herren måtte ransaka han. Den evige fortapinga er ei pine som aldri tek slutt.

Kva var det verste i Jesu liding? Eg vil tru at det var dei tre timane mellom kl. 12.00 og kl. 15.00, då det fall mørke over landet. Då smaka han den evige fortapinga i helvete, forleten av Gud – i pine. Det var nok tanken på dette som gjorde Getsemane-striden så frykteleg for han.

Kva så med deg som er ufrelst? Då er det dette som ventar deg; ikkje tre timar, men alltid – utan ende, evig.

Og du som bekjenner deg som ein kristen, kan du lettsindig gjeva deg over til synda når Jesus har lide så mykje for deg?

Det fryktelegaste som kan henda eit menneske, må vera å koma fram til himmelens port og tru at alt er i orden – og så enda i den evige fortapinga. Det skal koma til å skje for mange, seier Jesus.

«Ransak meg Herre!»

Lov og Evangelium 2016 - Nr 02