Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Den tronge porten

«Gå inn gjennom den tronge porten! For vid er den porten og brei er den vegen som fører til fortapinga, og mange er dei som som går inn gjennom han. For trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han.» Mat 7:13-14

 

I bladet «Evangelisten», 15. august 2015, var det teke inn eit lite stykke som hadde stått i same bladet tidlegare, nærare bestemt 15. april 1939: «Korsets ord min sjel gav fred». I dette stykket av Reidar Østrem, var det fletta inn fylgjande forteljing:

«En troende lærer fortalte: En dag han var ute og gikk, ble han minnet om å gå hjem en annen vei enn hva han pleide å gå. Han syntes det var underlig og hadde til å begynne med ikke lyst til å gå den veien da den var mye lengre. Men da han kom oppover og veien gikk gjennom en skoglund uten bebyggelse, møtte han en ung pike som hadde vært hans elev. Han ble forundret over å treffe henne der, da han visste at hun hadde en kontorjobb. Da han spurte henne nærmere, fortalte hun at hun var syk og legen hadde sagt at det var lite håp om å bli frisk.

Da forsto han at han var sendt av Gud i hennes vei.
– Har du funnet fred i Jesus? spurte han mildt.
– Å, det er det som jeg kjemper med, men jeg har ingen frelsesdag å se tilbake på, svarte hun mens hun gråt sårt.
– Din frelsesdag var langfredag da Jesus hang på korset på Golgata. Så ble det ikke sagt stort mer.

Neste dag gikk han ned for å besøke henne. Da møtte han moren i døren, og hun fortalte at nå var datteren så lykkelig, for hun hadde sett at hennes frelsesdag var da Jesus hang i sår og blod på Golgata».

Ho fekk uventa nåde gjennom ei enkel, evangelisk setning som vende augo hennar bort frå seg sjølv – til Golgata.

I tilknytning til dette kan eg, som eit personleg vitnesbyrd, seia at det var litt av det same som hende med meg. Alt vart etter kvart teke frå meg, og eg stod der utan omvending (sjølv om eg var omvendt), utan noko som helst av mitt eige som tala til min fordel. Men så byrja det å dagast for meg at det var skjedd noko viktig – før mi omvending, for 2000 år sidan – på Golgata.

Visste eg ikkje det frå før? Jau, eg visste det – så altfor godt! Men det gjekk opp for meg at det var for meg – og at det var mitt, akkurat slik som eg var. Dette var ikkje noko som skjedde som når ein skrur på ein brytar, men det vart meir som ei morgondemring for meg.

Eg må vedgå at eg i ettertid var svært i bry med tidspunktet for mi frelse, altså kva tid eg gjekk over frå døden til livet. For sjølv om eg fekk min frelsegrunn åleine ved Jesu stedfortredande liv og død for meg, så er det likevel eit tidspunkt, ein augneblink når dette hender, når ein ny fødsel skjer. Det var plagsomt med desse tilbakevendande tankane.

Eg kom til å nemna det for ei eldre, truande kvinne. Ho svara med eit spørsmål:
– Kva vil du med det?! Det spørsmålet vart til hjelp og var med og løyste meg frå å vera så opphengd i dette. Det aktuelle tidspunktet høyrer i grunnen himmelen til. Det har med det å gjera som vi kallar rettferdiggjeringa.

Om dette seier Øivind Andersen: «Det er ikke noe som skjer i deg eller meg. Men det er noe som skjer hos Gud om oss. Gud tilregner oss alt det som Jesus er og har gjort, og tilregner oss ikke det vi selv er og har gjort.

Se f. eks. Rom 4:6 og 8: – Salig er den mann som Herren tilregner rettferdighet uten gjerninger. Salig er den som Herren ikke tilregner synd.

Dette skjer hos Gud og for Gud om deg i samme øyeblikk som ditt hjerte fatter tillit til Jesus. Derfor har du syndenes forlatelse fra første øyeblikk ditt hjerte er rettet på ham!»

Her fører Herren den enkelte til tru på seg på mange måtar. Felles for alle er at vi mistar trua på vårt eige og får vårt alt i Jesus.

I innleiinga las vi om to portar, ein trong og ein vid. Den tronge porten er så trong at det er få som finn han. Ein ting er å ikkje koma igjennom porten, men han er så trong at det er få som i det heile finn han. Kva kjem det av?

Eg trur at kanskje den viktigaste årsaka til det er at vi ikkje får med oss noko av vårt eige når vi søkjer den tronge porten inn til Guds rike. Det skjer ei avkledning undervegs: «Ta dei skitne kleda av han! Sjå eg tek misgjerninga di bort frå deg og kler deg i høgtidsklede» (Sak 3:4).

Vi vil gjerne ha med oss omvendinga vår. Det var her den unge jenta som vi las om, ville finna si trøyst. Det er sjølve inngangsbilletten, trur vi; ei solid omvending! Og så har vi kanskje mykje godt i tillegg, som vår tru, vår bibellesing, møtegang og kanskje bønesvar eller åndelege opplevingar osv.

Den som har fått med seg slike og liknande trøystegrunnar inn i Guds rike på jord, har enten klatra over muren eller gått inn gjennom porten som fører inn på den breie vegen. Denne vegen har fortau på begge sider. Og held ein seg på eitt av dei, kan ein gjerne tru at ein er på den smale vegen.

«Strid for å koma inn gjennom den tronge døra. For mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn og ikkje vera i stand til det» (Luk 13:24).

Det er ikkje omvendinga som er inngangsbilletten. Inngangsbilletten er Jesu blod åleine. Den billetten er det berre fortapte syndarar som har bruk for. Vi må løysast frå vår omvending og frelsast frå våre falske trøystegrunnar. Det steller Herren med – om han får koma til – så vi til slutt står ribba for alt vårt. Det å gå fallitt på sin eigen kristendom er ikkje ei eingongs-hending for ein kristen.

Kor vender du augo for å få trøyst? Innover til det du har – eller utover til det som skjedde på Golgata? Vi kan ikkje ha trøysta på to plassar. Det er ikkje frelse i å byggja halvt på seg og halvt på Jesus. Det kallar Skrifta for åndeleg hor. Det er viktig at vi har dette klart for oss. Det gjeld evigheten.

Er du uviss med tanke på ditt gudsforhold, så gjer som kong David: Be Herren ransaka deg (Sal 139:23-24)! Det er ikkje farleg! Tvert imot; det burde vera ei dagleg bøn for ein kvar kristen.

Skulle det så resultera i at du fekk sjå at du var komen inn i brullaupssalen i dine eigne klede, eller at du av ei eller anna årsak levde i sjølvbedrag, så ville det vera stor nåde frå Herren å gjera det klart for deg nå medan det framleis er nådetid.

Lov og Evangelium 2016 - Nr 03