Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Vår frelsedag

Gjennom omvending og tru på Jesus blir eit menneske frelst. Når det gjeld omvendinga, kan ein seia at det er to hovedgrupper: Dei som vert omvende – og dei som omvender seg. «Vend du meg om, så vert eg omvend!» (Jer 31:18). «Frels meg, så vert eg frelst!» (Jer 17:14).

 

Dei sistnemnde begynner å leva som kristne og har si trøyst i omvendinga og sitt meir eller mindre vellukka kristenliv, samtidig som dei trur på Jesus – at han tilgjev dei når det mislukkast i kristenlivet. Desse byggjer halvt på Jesus, halvt på seg. Det er ei blandingstru som ikkje frelser nokon. Enten må det vera av nåde – og berre nåde, eller så må det vera av gjerningar – og berre gjerningar. Nåde og gjerning utelukkar kvarandre.

Dei førstnemnde begynner oftast som dei sistnemnde, men mislukkast etter kortare eller lengre tid med omvendinga og sitt kristenliv – og endar opp med ein fullstendig fallitt med alt sitt eige. Blant desse kan det nok vera nokre som tek farvel med kristendommen, som dei finn å vera over evne. For andre, som vil verta frelste kva det enn skal kosta, skjer det at dekket som ligg over augo, (2Kor. 3:16) blir teke bort, og ein ser: eg er frelst! Det vart ordna på Golgata! Det er jo fullført! Desse har fått langfredag som sin frelsedag.

Det er meg openberra
at eg eig barnerett,
for Gud med meg i Kristus er forsona.
Og eg som har meg gremma
og aldri skjøna rett
Kor eg i dommen skulle verta skona.
Eg som i all mi betring,
mi tru og gudleg sed,
mi gjerning og min lydnad
fann aldri hjartefred,
eg er no alt i Jesus Kristus salig!
(Lina Sandell. Sb 251:2)

«Og eg tek bort misgjerninga åt dette landet på éin dag» (Sak 3:9).

«Langfredag er mitt livs viktigste dag», skriv Hans Erik Nissen i andaktsboka si. «Da ble all min synd utslettet».

Så blir eg ikkje salig
først når eg fer herfrå,
eg i min Frelsar her alt sæl får vera.
Er fiendskapen drepen,
kva ottast eg vel då?
Det som er dødt,
kan meg ‘kje skade gjera!
Er syndeskulda sletta
av Jesu dyre blod,
då er det skuldbrev borte
som meg i vegen stod,
og kven vil meg med nokon rett fordøma?
(Sb 251:8)

Lov og Evangelium 2016 - Nr 09