Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Vår fristad

«Herren tala til Josva og sa: Tal til Israels-borna og sei: De skal gje frå dykk dei fristadene som eg tala til dykk om gjennom Moses. Dit skal ein drapsmann kunna røma når han har slege nokon i hel av vanvare, utan forsett. De skal ha dei til fristader for drapsmannen når han rømer for blodhemnaren. Han skal røma til ein av desse byane. Der skal han stå attmed inngangen til byporten og leggja saka si fram for dei eldste i byen. Så skal dei ta han inn til seg i byen og gje han ein stad der han kan bu. Når blodhemnaren jagar etter han, skal dei ikkje gje drapsmannen over til han, sidan han slo nesten i hel av vanvare utan å ha hata han frå før. Han skal verta buande der i byen til han har stått til doms for lyden, og til øvstepresten som då lever, er død. Deretter kan drapsmannen venda attende til byen sin og huset sitt, til den byen han rømde frå.» Jos 20:1-6

 

Det måtte vera tungt å ha tatt livet av eit menneske, sjølv om det ikkje var gjort med vilje. Kan Gud stå bak ei slik hending? Vi les i 2Mos 21:13: «Men dersom han ikkje har stått mannen etter livet, men det er Gud som har styrt handa hans, då vil eg fastsetja ein stad han kan røma til».

Ingen døyr tilfeldig. Dagane me skal leva her, vart fastsette i Guds råd (Sal 139:16). Har Gud noko å seia til den som var direkte årsak til dødsfallet? Det står i ei songstrofe:

«Gud har en lekse å lære hvert menneskebarn han har skapt». Ingen ting råkar oss på slump. Bak alt det ytre som møter ein kristen, har vi med Gud å gjera. Drapsmannen skulle bli verande i den byen han hadde rømt til, til øvstepresten var død. Her var han trygg.

Alle menneske er etter syndefallet født under Guds dom. Dessutan har vi ved våre eigne synder auka vår syndegjeld til «ti tusen talentar» (Mat 18:24). Men også du og eg har fått ein fristad. Det skjedde i same stunda som vår øvsteprest døydde på Golgata. Då rivna forhenget i tempelet i to, ovanfrå og ned. Likevel, dersom du ikkje rømer for blodhemnaren, blir du før eller sidan tatt. Guds heilage lov dømer deg for det du er og har gjort. Fristaden er di einaste redning. «Der skal han stå attmed ingangen til byporten og leggja saka si fram for dei eldste i byen», las vi. Ved porten inn til Guds rike skal vi leggja fram vår sak. Vår sak – er vår synd, det vi er og har gjort – og ikkje gjort. Alt vårt skal fram i Guds lys. Kva skjer då? Då finn vi ikkje lenger trøyst i noko av vårt eige. Heller ikkje i det som Gud har verka i oss. Vi blir ståande på bar bakke. Då er det skapt nådebehov. Også ufrivillig og ubevisst synd blir ramma av Guds heilage lov.

«Kven merkar kor tidt han fer vilt? Forlat meg mine løynlege brestar» (Sal 19:13). Kor mykje meir då om vi syndar med vilje! Vi må likevel skilja mellom det å falla i synd – og å leva i synd. Vi kjenner til kva svar Peter fekk på spørsmålet om kor mange gonger han skulle tilgjeva ein bror som synda mot han (Mat 18:21). Jesus er ufatteleg langmodig og nådig mot oss – som har krenka han «med tusen fall». Å falla i synd er for ein kristen som å falla i eld eller vatn, er det så sant blitt sagt. Han kan ikkje bli verande der. Men den som kallar seg ein kristen og lever i synd, er fortapt – og går fortapt om han døyr i ein slik tilstand. Kva så når han både tidt og ofte bekjenner og ber om tilgjeving for si synd?

«En syndsbekjennelse som ikke følges av en syndsforsakelse, har ingen verdi», las eg her ein dag i bibelforklaringa «Gullgruben».

Korleis skal ein bli løyst frå ein slik tilstand? Ikkje ved å seire over synda, men ved å erkjenna alt som det er – og ta imot den nåden som er gitt og vunne for ugudelege. Som ein ugudeleg er du kjøpt fri, og som ein ugudeleg skal du få tileigna deg det som Jesus har gjort for deg. Tek du imot dette, mistar synda si makt – og lekkjene fell av. Du kan nok koma til å falla igjen, men nåden er den same. Difor treng du ikkje bli verande i fallet. Ein sann kristen opplever så mang ein gong å bli ståande på bar bakke; ja, det er i grunnen vår rette ståstad. Vi har ingen ting å koma fram med som skulle tala til vår fordel, men vi har fått vårt alt i vår yppersteprest, «han som vart gjeven for vore brot og oppreist til vår rettferdiggjering» (Rom 4:25). Og har vi fått all vår rettferd i ein annan, kan vi ikkje samtidig ha vår rettferd i oss sjølv! Difor er vi på same tid både fattige og rike; fattige i oss sjølv, rike i Jesus.

«Guds altar på jorda er frelsarens kross, der streid han mot satan og sigra for oss. Hans kross er vår fristad, vår einaste von. Der gav han seg sjølv i sin einborne Son.» (Sb 254).

Lov og Evangelium 2017 - Nr 01