Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Arv og testamente

Frelsa kan liknast med ein arv, testamentert til alle menneske. Arven må difor kunngjerast for alle, for vi er alle syndarar; slik at einkvar kan få ta han i eige.

 

Adam var slekta sin representant. Han vart prøvd i forhold til det å ikkje eta av frukta på eit bestemt tre. Med hjelp frå Eva, fall han – og dermed heile menneskeslekta med han. Det er ein arv som vi alle har fått gjennom natur-overføring, gjennom vår fødsel.

For ca. 2000 år sidan vart Jesus født inn i vår slekt. Han blir gjerne kalla den andre Adam. Han skulle prøvast gjennom å leva eit liv utan synd, oppfylla alle Guds bod og sigra der den første Adam fall – og såleis oppretta syndefallet. Han måtte også ta straffa og dommen over både arvesynda og kvar einskild sine synder. Og det lukkast! Men det kosta! «Men han vart såra for våre brot, knust for våre synder. Straffa låg på han, så vi skulle ha fred, og ved hans sår har vi fått lækjedom» (Jes 53:5). «Så sank du i vår jammer ned så dypt som ingen vet.»

Nå er kvart menneske stilt på ei ny prøve: Vårt forhold til Jesus Kristus og hans fullførte frelseverk; korleis vi stiller oss til han. «Alle har synda og står utan ære for Gud. Og dei vert rettferdiggjorde ufortent av hans nåde ved utløysinga i Kristus Jesus» (Rom 3:23-24).

På kva måte får vi del i det som han har gjort? Det skjer gjennom tru, seier Guds ord. I motsetning til natur-overføring – får vi del i arven frå Kristus gjennom tru-overføring. Det er berre ein måte å koma til tru på. Det er gjennom Guds ord. Trua er ingen prestasjon eller noko vi skal få til. Trua kjem av høyringa. «Vend øyra hit og kom til meg! Høyr, så skal sjela di leva» (Jes 55:3). Her ligg ditt og mitt ansvar, og – i korleis vi stiller oss til det vi høyrer.

Ut frå oss sjølv er vi i akkurat same situasjon som Adam og Eva var etter syndefallet. Kva kunne vel dei gjera til si frelse? Jau, dei prøvde å dekka over sitt fall – med fikenblad, men dei ville helst ikkje møta Gud og prøvde å gøyma seg for han. Slik er vi alle av naturen. Vi vil gjerne ha eit eller anna som skal gjera oss verdige til Guds nåde, samtidig som den gamle Adam ikkje vil sleppa Gud for nær innpå seg. Vi vil gjerne behalda fikenblada på!

I denne tilstand kom altså Gud til dei. Og slik kjem han til oss, der vi er, slik vi har det. Samstundes som han forkynte dommen over ormen, forkynte han evangeliet om ein som skulle koma i kvinna si ætt og sigra over Satan. Denne bodskapen må dei ha teke imot, sidan dei vart fråtekne fikenblada og kledde i skinn frå eit dyr – som då måtte lata livet. Det var det første offeret på denne jord – som vitna om den komande Frelsaren. Ei tid seinare les vi om to andre som ofra, Kain og Abel. Kain bar fram for Herren eit offer av grøda på marka. Abel bar òg fram eit offer, som han tok av dei førstefødde lamma i flokken. Og Herren såg til Abel og offeret hans, men Kain og offeret hans ansa han ikkje. Det fortel oss at det er berre eitt offer som gjeld for Gud. Det er Lammet som vart slakta på Golgata. Det hadde blitt Abel til del.

Jesus etterlet seg eit testamente som han skreiv med sitt eige blod. «Da han skrev dette testamentet, husket han på alle Guds skyldnere, også på deg og meg, og ut fra dette dyrebare dokument lyder det nå til oss: Din synd er sonet, din gjeld er betalt – du er frelst og fri fra alle dine synder» (B. A. Lindeland). Dette gjeld for alle! «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv» (Joh. 3:16).

Då israelsfolket hadde synda i øydemarka, sende Herren giftige ormar inn mellom dei, og mange døydde. Ein kan seia at dei låg der hjelpelause i si synd. Kva kunne dei vel sjølv bidra med til si frelse? Ingen ting! Det kan ikkje vi heller! Har du gjort den erfaringa?

Frelsa er ferdig for ugudelege, der vi ligg, der vi er, slik vi har det. Kor stort dette er – og blir det for oss – når auga og hjarta blir vendt mot «koparormen» på Golgata! Det er vår redning som det var for dei. «Det er liv i et blikk på det blødende Lam», og «på hans fullbrakte gjerning jeg trøstig hvile kan».

Rosenius seier det slik: «Å, når en får det nye syn som Ånden gir, begynner en omsider å innse at det virkelig er fortapte syndere Kristus kom for å frelse. Han kom for å gjøre nettopp det for oss som loven ikke kunne virke i oss: Han har elsket Gud for oss, han har vært ren, hellig og rettferdig for urettferdige. Alt er fullbrakt, alt er rede» (frå «Husandaktsboken», 2. april).

«Etter at han hadde fullført reinsinga for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge» (Heb 1:3b). Der sit han i dag som vår representant og talsmann.

Lov og Evangelium 2017 - Nr 08