Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Fallet og gjenopprettinga

Før syndefallet var jo Adam utan synd. Var det ikkje då lettare for han å stå imot freisting enn for oss? Vi veit at slangen gjekk vegen om Eva for å fella Adam. Dei var ikkje klar over kven denne slangen var. Han fekk venda augo frå Guds ord til treet og frukta. Dermed var det gjort. Eva tok av frukta og åt – og gav til mannen sin, som var med henne, og han åt, og slekta kom under Guds dom.

 

Er vi eigentleg så mykje betre enn dei? Vi har Guds ord og bod og veit å kunna skilja mellom godt og vondt. Likevel kan vi falla og gjera tvert imot Guds vilje, endå vi på førehand veit at det er synd.

Ja, men er det ikkje likevel urettferdig at vi har arva Adam si synd?

Vi kan stilla eit motspørsmål: Er det ikkje tilsvarande like uforskyldt og ufortent at Jesus, som den andre Adam, har gjenoppretta syndefallet for alle menneske?

Liksom Adam sitt fall omfatta alle, slik har Jesu liv og «stedfortreder»- gjerning omfatta alle.

«Altså, liksom ein manns fall vart til fordøming for alle menneske, såleis vart og ein manns rettferdige gjerning til livsens rettferdiggjering for alle menneske» (Rom 5:18).

Vi fekk del i fallet gjennom vår fødsel, og vi får del i Jesu rettferd gjennom ein ny fødsel, ved tru.

Menneskeslekta vart etter fallet sett på ei ny prøve. Denne prøva gjeld forholdet til til våre to stamfedre – som skil ætta i to flokkar.

Vil vi bli verande i arven frå Adam gjennom vantru og synd – og stå Den Heilage Ande imot, så kan vi det. Dette er den breie vegen kor dei fleste går. Mange av dei går kledde i fikenblad – som ingen får ta frå dei. Alle desse er på veg mot den evige fortapinga. Ennå er det nådetid, men vi veit ikkje kor lenge.

Vil vi bli frelste, må vi, som sagt, fødast på nytt. Det er ikkje noko vi steller med sjølv, det er Guds verk åleine. Korleis går det til? Det ser vi då Nikodemus kom til Jesus om natta. Jesus stiller alltid den rette diagnosen. Han begynte å plukka frå han fikenblada, slik at Nikodemus vart ståande åndeleg naken og fullstendig hjelpelaus.

Den åndelege hjelpa han deretter fekk, kan vi lesa om i Joh 3:14-16: «Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv».

Det står ingen ting om korleis Nikodemus hadde det då han gjekk heim att. Det er ikkje behageleg å bli fråtatt sin eigen kristendom og bli plassert utanfor, blant dei som ikkje har del i Guds rike. Kor mykje meir ettersom han var ein akta farisear, skriftlærd og rådsherre. Det var mange års gudsfrykt som fall i grus den natta.

Om ikkje før, så gjekk det iallfall eit lys opp for han då Jesus vart krossfesta. Der såg han koparormen levandegjort, det som Jesus hadde tala med han om tidlegare. Og Nikodemus var den eine av dei to som tok Jesus ned av krossen og gravla han.

Kva så med meg og deg? Måtte det vera som med Nikodemus – at Herren får ta frå oss det vi trur vi må ha og vera for å kunna tru på Jesus.

Gjenopprettinga – i vårt liv
Har vi fått del i det som den andre Adam utretta for oss, så må Herren få bevara oss på den smale vegen som vi då er kome inn på. Det er livsnødvendig å leva i lyset, at Ordet får døma oss for vår synd, ikkje minst når det gjeld vår vandring blant våre medmenneske. Er det samsvar mellom liv og lære?

Vi kan ein dag bli ståande utanfor himmelporten fordi Herren ikkje fekk døma oss – fordi vi var så dyktige til å forsvara oss – med Guds nåde! Loven får ikkje gjera si gjerning med oss dersom vi ikkje vil omvenda oss frå den synda som loven dømer oss for, og som Den Heilage Ande peikar på inn i vårt samvit.

«Fritt de følger syndens røst, dekker seg med nådens trøst, vil av Jesus intet lære, og dog sanne kristne være» (Sb 174).

«Den som løyner brota sine, har inga lukke. Men den som sannar dei og vender seg frå dei, finn miskunn» (Ord 28:13).

I Korint var det grov synd som vart tolerert utan å verta påtala. I tillegg var dei oppblåsne i staden for å sørgja over tilstanden.

I 1Kor 4:19-20 skriv Paulus: «Men eg skal snart koma til dykk, om Herren vil. Og då er det ikkje berre orda eg skal læra å kjenna hjå desse oppblåsne menneska, men krafta. For Guds rike ligg ikkje i ord, men i kraft».

Våre medvandrarar ser vår ferd og dømer etter det dei ser – og ikkje etter våre kristelege talemåtar. Og dei ser nok meir enn vi sjølv er klar over.

Her er det inga hjelp i eit klart Kristus-vitnesbyrd. Det er noko som skurrar. «Eg har gjort etter Herrens ord,» sa Saul til Samuel. «Men Samuel sa: Kva er då dette for breking av småfe som lyder for øyro mine? Og kva rauting av storfe er det eg høyrer?» (1Sam 15:13-17).

Vårt liv blir lese som eit ope brev. «De er vårt brev, innskrive i hjarto våre, kjent og lese av alle menneske» (2Kor 3:2).

Eg blir mang ein gong redd for at eg med mitt liv skal vera årsak til at nokon går fortapt. Det kjem nokre gonger opp så mange såre minner om synd, uforstand, menneskefrykt – og mykje anna.

Paulus talar om at eit kristenliv utan skjønsemd kan resultera i at nokon går fortapt. Han skriv noko om det i 1Kor 8:9-13. Mellom anna seier han i v. 11: «Då går den veike fortapt på grunn av din kunnskap – den broren som Kristus døydde for». Og i v. 13: «Difor, om mat valdar at bror min fell, då vil eg i all æve ikkje eta kjøt, så eg ikkje skal valda at bror min fell».

Det er ei alvorleg sak at vi med eit slarve kristenliv hindrar Den Heilage Ande i å bruka oss i si gjerning til å vinna menneske.

Det var spesielt to personar som forstod kva som gjekk føre seg på Golgata. Det var Nikodemus og den eine røvaren som hang ved sida av Jesus. Når desse to kunne bli frelste, skjø- nar vi at evangeliet er for den største syndar og den frommaste farisear.

«Halt og blind byr han inn, syndere og fromme. Hvem som vil lytte til, får til bryllup komme» (Sb 172).

«Jesus står som frelsar foran hvert menneske. Han står også foran deg. Han har betalt for deg på forhånd – før du tar imot ham. Nå har han et eneste ønske, og det er at du vil godkjenne ham som den som fullt ut har ordnet din sak med Gud. Å gjøre det, er å bli frelst av blank nåde. Da har du funnet inn til hjertet av Guds vilje» (Hans Erik Nissen).

Lov og Evangelium 2017 - Nr 09