Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Stor glede

«Men engelen sa til dei: Ver ikkje redde! For sjå, eg forkynner dykk ei stor glede – ei glede for alt folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.» Luk 2:10-11

 

Høyr korleis engelen omtalar Jesus: Stor glede! Ei glede for alt folket. Det gjeld alle. Men han seier meir: «I dag er det fødd dykk ein frelsar». «Dykk», seier han. Det er julehelsinga til oss. Det er ei personleg helsing til den einskilde, til meg, til deg.

«I dag» – Tenk om det ikkje skulle gjelda i dag! Kva nytte og glede var det då i englebodskapen? Er det ikkje slik vi tenkjer så titt: Det kan visst ikkje vera for meg, slik som eg har det. Så godt at det difor er til meg – i dag, for eg treng ein frelsar kvar dag og stund.

På desse dyre lovnader byrja hyrdingane å gå. På det same ord skal vi få gå – i tru til Han som står bak sitt eige ord. Det vart gitt hyrdingane eit teikn: «De skal finna eit lite barn». Under vandringa er det gitt også oss eit teikn. Det er når skriftene opnar seg og vi får sjå Frelsaren. «Brann ikkje hjarta i oss då han tala med oss på vegen, då han la ut skriftene for oss?» Oftast lyt vi vandra i tru, ikkje i syn, men – «Se, Jesus er nær om stundom han synest langt borte!»

På dette grunnlag kan vi få ynskja kvarandre ei god, fredsam og gledeleg julehøgtid.

L&E 1993, nr. 10

Lov og Evangelium 2017 - Nr 10