Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Skiljet i menneskeætta

Korleis gjekk det med Barabbas etter at han vart fri – då Jesus bytte plass med han? Vart han frelst? Det står ikkje noko om det. Barabbas er på ein måte eit bilete – eller eksempel på den universelle forsoninga som vart alle til del gjennom Jesu stedfortredergjerning.

 

Vil vi fylgja Barabbas vidare, så finn vi han representert gjennom dei to brotsmennene som vart krossfesta saman med Jesus. Desse to representerer ikkje den universelle forsoninga, men illustrerer korleis det kjem til å gå med alle frikjøpte «Barabbasar», dvs. med kvart enkelt menneske.

Som dei to brotsmennene vart krossfesta ein på kvar side av Jesus, slik blir det eit skilje i menneskeætta; det blir to flokkar. Midt i dette skiljet står Jesus – som ein bergknaus som deler elvefaret til høgre og venstre. Slik blir det også på dommedag; ei venstre og ei høgre side.

Sett frå Guds synsstad var det ingen skilnad på dei to brotsmennene. Begge spotta dei Jesus. Men så oppstod det eit skilje. Det skjedde noko med den eine gjennom det han såg og høyrde. Dette gav han rom i sitt hjarta. Han fekk sjå seg sjølv som den fortapte syndaren han var – og seier til den andre: «Har du ikkje eingong age for Gud, du som er under same dommen? Og vi med rette, for vi får det vi fortener for det vi har gjort. Men han har ikkje gjort noko gale». Og han sa: «Jesus, kom meg i hug når du kjem i ditt rike». Og kanskje låg denne tanken attom: «For då er eg i helvete». Samstundes var det ei bøn om frelse. Han hadde forstått at det var Frelsaren som hang ved sida hans.

Og frå Jesu munn fekk han høyra desse salige orda: «Sanneleg seier eg deg: I dag skal du vera med meg i Paradis!» Det var vel uventa nåde!

Den andre brotsmannen stod imot kallet, endå han hang ved sida av Jesus og høyrde dei same orda som den første.

I grunnen er vel nåden alltid meir eller mindre uventa. Det er så imot vår fornuft. Og om vi kan ha det klart i vår forstand, så er det Den Heilage Ande som må få det inn i hjarta – på nytt og på nytt.


Eg høyrde for mange år sidan sitert litt frå eit dikt som ein eldre mann hadde skrive og som han visstnok sjølv var godt nøgd med. Det lydde slik: «Fortène nåden er det du må; ja, kan du det, er det flust* å få!» (* flust = rikeleg).

Han er vel ikkje åleine som har tenkt slik? Er ikkje det noko som ligg i oss alle, om vi ikkje akkurat uttrykkjer oss i så klare ordelag? Men vil vi bli verdige til Guds nåde, så har vi ikkje bruk for nåde! Det er å vilja bli frelst av lovgjerningar, dvs. at ein må bli slik eller slik for å kunna tru Guds nåde. Det kallar Skrifta å vilja bli frelst av gjerningar eller lovgjerningar. «Men er det av nåde, då er det ikkje lenger av gjerningar. Elles vert nåden ikkje lenger nåde» (Rom 11:6).

I det ligg det ein konkurs over alt mitt eige. Frelse er ikkje å få tak i det du manglar, men å bli fråteken det du har! (jf. Nikodemus).

Så går Guds kall ut til alle menneske. Vi kan få koma som vi er. Den retten har Jesus vunne oss. «Er evangeliet en innbydelse til Jesus, så må kjennetegnet være at man mottar innbydelsen og kommer. Og er innbydelsen utsendt til halte, blinde, døve, vanføre, fattige, syke, fortapte, ugudelige og syndere, så må det rette kjennetegn være: Å komme til Jesus slik som en i virkeligheten er: Den halte skal komme som halt, den blinde blind, den døve døv, den fortapte fortapt, den ugudelige ugudelig, synderen med sin virkelige synd. At et menneske kommer til Jesus nettopp som det er, kaller vi omvendelse» (Olav Valen-Sendstad).

«Nåde, ja, nåde for ingen ting får jeg fra Golgata smake!» Dette fordi det for 2000 år sidan kom ein og ordna opp for oss. Du er difor for seint ute med ditt sjølvstrev for å få di sak med Gud i orden. Då Jesus på korset ropa ut: «Det er fullført!» – då var alt det ordna som du og eg hadde bruk for til frelse. Loven var oppfyllt, synda sona og gjelda betalt.

Er du fornøgd med det? Det har du iallfall all grunn til å vera! Sjølv har eg ikkje noko anna eller noko meir å lita på. Og eg er viss på at det held.

«Når blodet da virket så kraftig hos Gud at han lot seg evig forsone, og derfor alene vil ta deg til brud og gi deg den himmelske krone, så la du deg dermed òg nøye!» (Sb 420:2).

Lov og Evangelium 2017 - Nr 10