Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Lov og evangelium

«For Kristus er endemålet for lova, til rettferd for kvar den som trur.» Rom 10:4

 

Ei fortapt menneskeslekt
Guds ord kjem til oss som lov og evangelium og er eitt med Gud i hans heilagdom og hans kjærleik. Lov og evangelium er som eit bilete eller ei openberring av Gud. Ingen kan bli frelst utan å læra og kjenna Gud som den han er, heilag og nådig. Etter syndefallet er kvart menneske eit fortapt menneske, åndeleg dødt. Like lite som vi kan forventa noko av eit dødt menneske, forventar heller ikkje Gud noko av oss når det gjeld vår frelse. For å berga ei fortapt menneskeslekt, måtte han senda ei ny slekt, ein ny Adam, Jesus Kristus, til å oppretta det som den første Adam hadde øydelagt. Av natur blir vi født inn i den første Adam si slekt. For at vi skulle bli personleg delaktige i den andre Adam, gav Gud oss eit frelsemiddel, sitt heilage Ord. Gjennom dette Ordet kallar han på oss som han gjorde på den første Adam, og spør: «Kvar er du?»

 

Loven krev fullkomenskap
Loven og evangeliet har kvar si gjerning å gjera, ei arbeidsfordeling seg imellom i Guds frelsergjerning med oss. Ingen vanheilag kjem inn i Guds rike. Loven krev at du må vera fullkomen. Det kan ikkje Gud slå av på. Samstundes som loven krev, forkynner evangeliet sin nådebodskap. Men så lenge loven ikkje er komen til ende med sitt arbeid på oss, er det ikkje grobotn for evangeliet i hjarta. Det når berre forstanden. Her står vi i fare for å ta oss sjølve til rette ved å slå av på loven sitt krav og ta til oss evangeliet med vår forstand. Her står ein kamp om vår sjel – mellom Satan og Gud. I denne striden bruker Gud først og fremst loven.

 

Loven sitt arbeid med oss
Etter syndefallet ser vi ikkje sant på oss sjølve. Vi trur at det står i vår eiga makt å omvenda oss når vi vil. Her kjem Guds lov oss imøte og krev det som vi trur vi kan – og byd oss setja i gang: Du må omvenda deg, elles går du fortapt! Så gjer vi det, og det er det einaste rette. Men loven er ikkje nøgd. Han kjem med nye krav, og spør: Er du ein sann kristen? Du er jo så hissig, du skulle vera audmjuk og god. Du har inga sann omvending. Du har jo dei syndige tankane som før. Slik set loven oss i arbeid med å verta ein skikkeleg kristen. Om dette seier Olav Valen-Sendstad: «Vet du at du tross all din flid kan gå evig fortapt? Vet du at du tross all din daglige selvovergivelse har noe som er fullstendig uforbederlig, fiendsk mot Gud, vanhellig og syndig? (...) Saken er jo den at selv om du dag for dag beflitter deg på å føre dette hellige liv – det må du aldri holde opp med – så blir resultatet dog at det alltid blir ett eller annet tilbake, hvor det ikke vil lykkes for deg, en eller annen lyst du ikke har fått temmet, en eller annen tanke du ikke har fått herredømmet over. Hva sier loven om dette? Jo, den sier at når det står slik til med deg – at det ennå mangler noe i din hellighet, da er du ingen kristen, men helt fordømt, fortapt og borte fra Gud som en hedning. Det sier loven. Og loven er også Guds ord».

 

Samarbeid mellom lov og evangelium
Den som har lukkast med si omvending, har ikkje lært Gud å kjenna verken i hans heilagdom eller i hans kjærleik. Han veit ikkje noko om det å vera ein fortapt synder. Dersom loven ikkje får ta livet ditt, dvs. alt ditt eige, også det som Gud måtte ha verka i deg og som du finn trøyst i, så kan ikkje evangeliet bli openberra for hjarta ditt. Loven og evangeliet arbeidar saman utan at dei skal blandast saman. Loven stengjer att for oss. Evangeliet opnar nådedøra på vid vegg fordi Jesus har sona vår synd og oppfylt loven i vår stad. Loven talar slik at du ikkje får trøysta deg til noko av ditt eige, han krev og dømer. Samstundes forkynner evangeliet at du får alt for ingenting. Du må gi loven rett i det han dømer deg for. Du må også gi evangeliet rett når det tilbyr deg gratis nåde.

 

Loven – tuktemeisteren til Kristus
«Men før trua kom, vart vi haldne i varetekt under lova, innestengde til dess den trua som skulle koma, vart openberra. Slik har lova vorte vår tuktemeister til Kristus for at vi skulle verta rettferdiggjorde av tru» (Gal 3: 23-24). Dette er ikkje noko som berre skjer i omvendinga, det fortset heile livet. Loven vil stadig på nytt døma oss. Samstundes verkar loven slik at vi får bruk for Jesus og evangeliet om han.

 

Nåde for uverdige
Det er ikkje alltid lett for oss å registrera loven si gjerning i livet vårt. Det er på ein måte skjult. Vi erfarer det vel helst slik at det står dårleg til med vårt kristenliv. Vi kjenner oss uverdige til å kunna tru Guds nåde. Underforstått: Vi vil så gjerne vera verdige til nåden. Det er loven som kjem med sitt krav og seier at vi ikkje held mål. Vi er uverdige. Loven viser meg at alt er galt med meg. Eg er fortapt! Ja, er det ikkje det som er loven si oppgåve å visa meg? Var det ikkje nettopp slike Jesus fekk ta seg av? Med andre ord: Du skal sleppa å ha noko som må vera rett med deg for å tru på Jesus. Tvert imot: Ved trua på Jesus blir alt rett med deg overfor Gud. Då har du ditt alt i han. Evangeliet er for fattige, for slike som ikkje lenger har sin eigen kristendom intakt, og som ikkje har ei «rett omvending» i ryggen å trøysta seg til – og som ikkje lenger har noko att som talar til eins eigen fordel.

 

Slik må vi igjen og igjen la loven få ta frå oss alt vårt, og vi må igjen og igjen ta imot det som evangeliet tilbyr oss i den stillinga vi er, ribba for alt vårt eige. Det er ikkje det at det står så dårleg til med oss – som gir oss rett til Guds nåde. Nei, retten til Guds nåde har vi i Jesus og hans fullførde frelseverk åleine, uansett korleis det står til med meg og deg. Men vi vil så gjerne betala litt – med kva som helst – om ikkje anna enn med vår eiga omvending. Men Jesus kjenner oss og veit at vi ingen ting har å betala med. Difor må han gi oss det utan å få noko att. Og det må han få oss til å innsjå og gå med på. Og det gjer han ved å ta frå oss det vi måtte ha å koma med. «Nåde, ja nåde for ingenting, får jeg fra Golgata smake!» Er åleine det som Jesus har gjort, nok for meg? Ja, seier Guds ord! «Min nåde er nok åt deg» (2Kor 12:9). Hans nåde er det einaste som er nok!

 

Derfor alle vegne kan du deg tilegne med et trøstig mot:
Jesus for deg døde, for din skyld og brøde, og igjen oppstod.
Grip kun til! Han gjerne vil være din med hva han eier,
med sin død og seier.
(Hans Adolph Brorson. Sb. 679:4)

 

Lov og Evangelium 2018 - Nr 01