Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Han frelste oss

«Han er den som har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall. Han gjorde det ikkje etter gjerningane våre, men etter sitt eige råd og den nåden som han frå evige tider gav oss i Kristus Jesus.» 2Tim 1: 9

Samaritanske kvinnen

Jesus og den samaritanske kvinne, av Carl Block

 

Herren kallar på alle menneske. Dei fleste står imot kallet og vil få sin dom i si tid. Andre tek imot kallet og omvender seg. Ut frå våre eigne tankar trur vi at alt dermed er gjort. Gamle Adam, som vi alle ber med oss i vår natur, vil ikkje omvenda seg, men han kan vera med å leva eit fint liv, berre han slepp å døy. Han kan gjerne prøva å forbetra seg for å bli ein god kristen. Det var her farisearane på Jesu tid levde, men dei var ikkje fødde på ny. I møte med Jesus forstod dei at han ikkje godtok kristendommen deira. I staden for å ta imot sanninga, stod dei Jesus imot.

 

I den same fare står vi alle når vi høyrer ransakande forkynning. Menneskenaturen er den same i dag. Ut frå oss sjølv har vi ikkje bruk for ein mellommann. Difor må Jesus tala og handla med oss og visa oss vår fortapte stilling. Skal det kunna skje, så må han ta frå oss alt det som vi trur talar til vår eigen fordel. Det var det som skjedde med Paulus og Nikodemus. Desse farisearane har vi alle i vår natur. Difor står vi imot det å bli frelst av berre nåde.

 

Det var annleis med dei som var syndarar i seg sjølv, som ingenting hadde å berga. Dei var syndarar – og visste om det. Dei hadde berre eit håp – og det var å gå til Jesus slik som dei var, og han tok imot dei utan vondord. Vi kan lesa om kvinna frå Sykar som møtte Jesus ved Jakobs-brønnen. Ho var ei syndefull kvinne, men Jesus talte venleg med ho, samstundes som han konfronterte henne med hennar synd. Så vart ho frelst og fri frå si synd og sitt syndeliv. Eit sjølvrettferdig menneske har altså noko som han vil berga. Han vil berga «kristenlivet» sitt, for mister han det, så er jo alt tapt!

 

Korleis har ein sann kristen det? Han vil òg gjerne ha det rett med seg sjølv, for han har framleis den gamle naturen. Men han går likevel med på å bli avkledd og fråteken alt som han har eller vil ha – som eit tillegg til Jesus åleine. Difor blir han fattig og hjelpelaus – og må på nytt koma til Jesus med si synd, sin fattigdom, ja, med sitt alt som ikkje er som det skulle vera. Det er heilt nødvendig at vi får sjå oss sjølv i Guds ords lys. Her står vi i ein vedvarande kamp. Vi må frelsast frå vår omvending er det blitt sagt. Alt blir tatt frå oss. Er du kjend her? Dette er ikkje ei eingongs-hending i kristenlivet. Omvendinga er ikkje ei gåve vi gir Gud for å verta frelste. Men gjennom ei sann omvending lærer vi oss sjølv å kjenna i Guds ords lys.

 

Kva skal så den gjera som er framand for dette? Du må gå til Jesus med det og tala ut med han. Fortel han korleis du har det. Set det rette namn på synda. Då kjem du som den du er. Det er den rette måten å koma sant til Jesus på. «Kan du brette ditt hjerte ut for Herren og be ham ransake hver eneste krok av det, da er du i trygge hender» (Fra «Gullgruben»). Den som har ei sann omvending, har ikkje si trøyst i omvendinga, for i omvendingsprosessen gjekk han fallitt på alt sitt eige, likeeins som med den som har ei sann tru heller ikkje finn trøyst i si eiga tru, for trua har sitt alt i Jesus.

 

I Filipparbrevet (3:4-9) reknar Paulus opp alt det som hadde vore ei vinning for han. Kort sagt var det alt som høyrde til kristenlivet, og det var mykje. Men så kom dagen då alt fall i grus. Og så skriv han: «Men det som var ei vinning for meg, det har eg for Kristi skuld halde for tap, ja, eg held i sanning alt for tap av di kunnskapen om Kristus Jesus, min Herre, har så mykje større verd. For hans skuld har eg tapt alt; eg held det for skrap, så eg kan vinna Kristus ...» (Fil 3:7-8). Hit må Herren føra oss – der alt vårt eige blir verdilaust. Då kan Den Heilage Ande få venda augo våre bort frå oss sjølv til det som Jesus gjorde.

 

Kva har så Jesus gjort? Han har frelst oss! «Han er den som har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall», las vi i 2Tim 1:9. Har frelst oss! Når skjedde det? Han frelste oss på Golgata, og nå kallar han oss inn til noko som er ferdig for alle. Det står ikkje att noko å gjera for oss. Jesus sa sjølv at det var fullført. For deg er alt fullført. Frelsa skjer ikkje når du omvender deg. Frelsa skjedde på Golgata!

 

«Den som vil tro til frelse, han skal tro det som skjedde for to tusen år siden, han må bygge sin tro på Golgata og ikke på sin egen skrøpelige omvendelse og forbedring» (Carl Olof Rosenius).

 

 

Lov og Evangelium 2018 - Nr 03