Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Eitt er nødvendig

«Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men eitt er nødvendig. Maria har valt den gode delen, som ikkje skal takast ifrå henne.» Luk 10:41-42

 

I dag gjeld det ikkje Marta og Maria, men deg og meg. Det er mykje som vil oppta tida vår. Maria brukte tida rett. Kvifor var det så viktig? Vi er gjenstand for ein kamp om vår sjel som går føre seg i vårt hjarteliv, ein kamp mellom to makter som vi sjølv ikkje har krefter til å gjera noko med. Eitt er nødvendig, vart det sagt til Marta. Det er vårt forhold til Guds ord som til sist blir det avgjerande. Går vi fortapte, er det heilt og fullt vårt eige ansvar. Blir vi frelste, er det åleine Gud å takka.

 

Marta tente Jesus der ho stelte med maten til gjestene. Likevel fekk ho ei åtvaring av Jesus. «Men Marta hadde det meget travelt med å tjene ham», står det i bokmål-teksten. Om dette seier Øivind Andersen i ei av sine bøker: «Grunnteksten sier dette mer presist og nyansert: Men Martas sinn var trukket i mange retninger ved å tjene ham». Og han fortset: «Marta var opptatt med å tjene Jesus på en slik måte at det trakk hennes sinn bort fra Jesus. Og det er dette Jesus advarer mot».

 

Vi er evighets-vandrarar – med to ulike utgangar av livet. Guds dom er evig. Samanlikna med det, er alle andre spørsmål uvesentlege. Vi må ta konsekvensen av at eitt er nødvendig. Guds ord må få førsteplassen i livet. Eg skal døy ein dag. Den dagen kan vera ganske nær. Dessutan har Jesus sagt at han kjem snart igjen. Begge deler kan skje plutseleg, og så er vi over i æva – med to høgst ulike utgangar; evig frelse eller evig fortaping. Dette er realiteten – same kor mykje det vert tala imot av slike som er klokare enn Gud og hans Ord. Våre dagar er talde på førehand (Sal 139:16). Når dei dagane og timane er til ende, fer vi over til andre sida – og blir verande der for alltid. 

 

På jorda du eig ingen verande stad,
du er berre gjest her i verda.
Når døden deg kallar, så må du av stad,
Å, er du då reide til ferda?
Snart gjester han barnet
som kviler på fang,
snart kvithåra gamling
med lutande gang.
Å, vakna før døden deg kallar!
(Sigurd Nilsen Vigen. Sb 176:2)

 

Kva er viktig når vi har funne Mariaplassen? Vi må la Ordet få visa oss vår sanne stilling. Det var mange som høyrde på Jesus, men dei fleste ville ikkje ta imot Ordet som dei kjende seg dømde av. Det kunne truleg vera forskjellige, konkrete synder som ein ikkje ville ta oppgjerd med. Hos Judas var det avguden mammon som han ikkje ville skilja seg frå. Hos andre igjen kunne det vera deira eigen religiøsitet som dei ikkje ville gi slepp på. «Dette er harde ord! Kven kan høyra dei!» (Joh 6:60). «Etter dette drog mange av læresveinane seg unna og gjekk ikkje lenger ikring med han» (Joh 6:66). Vi står i same fare. «Ransak meg Gud, og kjenn mitt hjarta...!» (Sal 139:23).

 

Vi kan vera forvissa om at Maria tok imot alt som kom frå Jesu munn. Ho gjorde ikkje eit utval av viktig og mindre viktig. Jesus forkynte ikkje berre evangeliet. Guds ord er gitt oss som lov og evangelium. Det er her det blir avgjort – etter korleis vi stiller oss til alt Guds ord. Når vi tek imot Guds ord, mistar bekymringane meir eller mindre makta over oss. På kva måte? Jau, ser vi reelt på det, så veit vi ikkje dag eller time når våre tildelte dagar er til ende. Med tanke på det, så får bekymringane stilla seg bak det eine nødvendige. I Guds ord ser vi at når vi døyr, er vi straks medvitne om kvar vi er hamna (jf. den rike mannen og Lasarus i Luk 16:20- 31). Det er sanninga anten vi likar det eller ikkje. Då er det ikkje lenger hjelp i god helse og pengar i banken. Det er ikkje det same som at vi ikkje skal vera takksame for god helse. Det er ikkje der det ligg, men det viser alvoret med å vera menneske med ei udøyeleg sjel.

 

Det er heller ikkje hjelp i om presten i gravferda overgir den døde i «Herrens hender». Slik tale er ikkje eigna til anna enn å gi falsk trøyst om at alle blir frelste til slutt. Men når dei orda blir uttala, har den døde alt fått tilvist sin plass – i himmelen eller i helvetet. «Lær oss å telja våre dagar, så vi kan få visdom i hjarta» (Sal 90:12).

 

Lov og Evangelium 2018 - Nr 04