Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Åndssituasjonen blant oss truande

Vi blir alle meir eller mindre påverka av tidsånda. Om Herren ikkje kjem oss til hjelp, har vi lite å stilla opp med – mot dei tre sterke maktene i livet vårt: Djevelen, verda og vårt eige kjøt.

 

Forkynninga av Guds ord er ein svært viktig reiskap og ei gåve som er gjeve oss til frelse og hjelp i striden. Men det er også dei som forkynner «fred, fred, men det er ingen fred».

 

Når satan endåtil kunne tala gjennom apostelen Peter for å føra Jesus bort frå lidingsvegen, så kan han også bruka andre, og gjer det. Det er i dag mykje forkynning som ikkje er oss til noko hjelp, ja, som kan vera – og er – skadeleg. M.a. blir det tala som om alle i forsamlinga er frelste. Dei forkynner ikkje skiljet, skiljet mellom træl og fri, det å vera under loven eller under nåden. Eller det blir forkynt slik at det gamle mennesket skal kristnast og oppbyggjast. Tenk om Nikodemus hadde kome til oss, i staden for til Jesus! Men han gjekk til rette vedkomande – og fekk klar beskjed: «Ingen kan sjå Guds rike utan han vert fødd på nytt».

 

Les vi vidare om samtalen mellom dei to, ser vi at Jesus også forkynte evangeliet for han etter at han først hadde ribba han for alt hans eige. Jesus forkynte altså lov og evangelium! Det finst og radikal forkynning som på sett og vis set skilje, men åndskrafta manglar; vi får ikkje med Gud å gjera. Forkynnaren står i fare for å tala slik som han veit at ein større eller mindre del av tilhøyrarane vil ha det servert. Det er ei freisting som kan gjera talaren ubrukeleg om han gjev etter. Nå er det jo ulike nådegåver, men det er ikkje det same som vi, som grisen, skal seia «godt, godt!» – til alt som vert servert frå preikestolen, sjølv om det er «rett» forkynning.

 

Tidligare bibelskulelærer, Øivind Andersen, har formulert det på sin måte: «Det er ikke det de sier det er noe galt med, men det de ikke sier!»

 

Lov og formaningar

«Det bliver dem ikke retteligen sagt», seier Carl Olof Rosenius (med tanke på forkynninga av lov og evangelium). Atter seier Rosenius (fritt etter minnet): «Ju hätare det går til ved Sinai, dess bättre». Dess før kan du bli løyst og fri.

 

Predikantar som forkynner loven og tek fram formaningane i Guds ord, blir fort misforståtte og oppfatta som loviske. Ein skil ikkje alltid like klart mellom lov og formaningar på eine sida og loviskheit og lovgjerningar på den andre. Alt Guds ord er for alle menneske – til alle tider. Men når det gjeld formaningane, så er dei først og fremst tiltenkte Guds folk. I Paulus sine brev f.eks., er det mykje formaningar som ein ikkje berre kan hoppa bukk over.

 

Loviskheit og lovgjerningar er som ein stige der ein klatrar oppover for å gjera seg fortent til Guds nåde ved si tru og sitt kristenliv. Det var her farisearane levde – og lever. Midt i denne tilstanden kan ein rosa seg over å vera eit Guds barn av berre nåde!

 

Loven derimot, slår i hel, tek mitt liv, dvs. mi eigarettferd. Formaningane kan verka både til tukt og oppmuntring og til vegleiing for oss. Kva så? Så sit ein gjerne og ventar på evangeliet – og at lov og formaningstale snart må opphøyra. Vi veit mest betre enn Den Heilage Ande kva vi treng til! Men vil vi ikkje høyra loven og formaningane, så får vi heller ikkje bruk for evangeliet. I det minste blir det eit svekka kristenliv. Vi vil ikkje kunna veksa ein naturleg, åndeleg vekst i nåde og kjennskap til Kristus (2Pet 3:18). Dette er ikkje lovtrældom!

 

Eit sant Herrens vitne må bera fram det han får å gå med. Og det smakar gjerne verken han sjølv eller dei som skal høyra det. Men prøv det som blir forkynt, om det er i samsvar med Guds ord – og ikkje om du likar det eller ei. Kor tungt må det ikkje vera for eit sant Herrens vitne å måtta forkynna ein bodskap som han på førehand veit at det vil bli reagert imot. Vi ser kva det kosta profetane i GT og apostlane i NT. Ein kvar sann forkynner vil få oppleva meir eller mindre av det same.

 

Kristeleg vandel

Det er også noko som heiter kristeleg vandel. Om det seier C. O. Rosenius: «Når vi har fått syndenes forlatelse, trenger vi også nåde til syndenes avleggelse, nåde til å slutte med synden. Og den vil Herren selv gi: Han leger alle dine sykdommer». Vidare seier han: «Det står ikke at han har leget, som om det var en gang for alle, men at han leger. Og det skjer, og skal skje, bestandig».

 

Vi vert altså ikkje syndfrie, men synda skal ikkje herska over oss. Her er formaningane gjevne som vegskilt under reisa, medan sjølve krafta til å fylgja formaningane ligg i evangeliet. Når evangeliet får innta hjarta, «da løper vi lett hans budords veie». Er det då så viktig med ein kristeleg vandel? Guds ord har mange eksempel på det. Til stadfesting kan vi nemna fire personar: Josef og Samson, Abraham og Lot.

 

Vekkinga i Kina

Eg hugsar ikkje om eg las det eller høyrde det fortalt – om vekkinga i Kina. Slik eg minnest det, så var det i ein møteserie at dei ti boda vart forkynte, kveld etter kveld, og tilhøyrarane kom i syndenød. Det vart ei ransakingstid også for misjonærane.

 

I ei av bøkene til Marie Monsen kan vi lesa følgjande: «Mange søkte hjelp hos budbæreren, men kunne bli sendt tilbake både tre og fire ganger. De var ikke i virkelig nød. ‘Plukk ikke umoden frukt’, ble stadig gjentatt». Og vidare: «Hele arbeiderflokken kom i smeltedigelen.

 

‘Er jeg virkelig frelst?’ ble det store spørsmålet. Ingen følte trang til å gå ut i arbeidet igjen før den saken ble avgjort. Det ble lange dager for mange, 16 for somme endog uker. Det ble en ny arbeiderflokk».

 

Kva med oss?

Korleis skulle det gått med oss under ei tilsvarande vekking? Vi ville kanskje sagt at nok er nok; nå er det på tide å forkynna evangeliet! Det var stor skilnad mellom f.eks. Carl Olof Rosenius og Hans Nielsen Hauge si forkynning. Det hadde å gjera med tilstanden i folket i dei to tidsepokane.

 

Vi kan gjerne tenkja at Hauge forkynte loven – og Rosenius evangeliet. Det trur eg ikkje er rett. Då Hauge stod fram, var han kalla av Gud til å bera fram den bodskapen som folket var i behov av. Det same var tilfelle med Rosenius. Deira forkynning fekk føra mykje av folket til fridomen i evangeliet, sjølv om dei hadde ulike nådegåver og til dels ulike opgåver. Slik var døyparen Johannes ein som skulle rydda veg for Jesus. Johannes bar fram den bodskapen han fekk å gå med. Han forkynte slik at folket skulle sjå si synd – og derigjennom få bruk for Jesus.

 

vår tid har alle greie på evangeliet; at alt er av nåde. Jesus godtek oss slik som vi er. Han har gjort alt og vi skal ingen ting gjera! Det kan ein høyra frå mange hald. Det er evangelium for kjøtet. Alt er så sjølvsagt som to pluss to er fire. Hos dei fleste er det nok berre ein viss kunnskap utan kjennskap, utan ein ny fødsel. Eg trur at vi treng å høyra loven, dei ti boda, forkynt i ånd og sanning. Vi må få med ein heilag Gud å gjera. Kanskje vi treng å gjera dei same erfaringar som misjonærane i Kina – då dei fekk høyra «Johannes-røysta»? Skal ikkje evangeliet forkynnast? Det skal det, men det må gjennom lovens ord bli behov for det, slik at det ikkje berre når vår forstand.

 

Andre årsaker

Ei anna årsak til åndssituasjonen vi er i, er at ein vil halda Jesus i eine handa og synda i den andre. Det let seg ikkje gjera å tena to herrar, seier Guds ord. Kven av dei to tener du med ditt liv? Forsvarer du di synd med Guds nåde for å få fortsetja i synda? Så er det slike som ikkje vil ta til seg det Guds ord som dei kjenner seg dømde av, slik som med farisearane på Jesu tid. Det enda med forherding. Då er nådetida slutt, sjølv om det kan vera år att av levetida. Men dei fortsette med si gudsdyrking. Det er det verste som kan henda eit menneske. Evig for seint – alt nå; og ein kan halda fram med sitt kristenliv, men likevel vera fortapt. Kor viktig det er at vi let oss ransaka av Herren.

 

Meir om formaningane

Andre igjen vil, som sagt, gjerne høyra evangeliet, men formaningane er det ikkje så om å gjera å ta til seg, for det kan føra til lovtrældom! Skulle du gå med slike tankar, så kan det kanskje vera aktuelt å lesa det Rosenius skriv om dette i den store «Husandaktsboken» for 6. mai. Er det ikkje aktuelt for deg, så les det gjerne likevel! Det kan vera nyttig lærdom å ta med seg. Du kjem ikkje under loven fordi du tek imot og bøyer deg for alt Guds ord. Tvert imot; Guds ord er gitt nettopp for at vi skal ta det til oss. Ein blir ikkje ein lovtræl om ein vil fylgja Guds bod. Nei, då får vi bruk for evangeliet – når vi får erfara korleis det står til med oss i Guds ords lys. Det er ikkje nok å vita dette. Det er ei personleg erfaring vi må gjera om oss sjølv, igjen og igjen.

 

Utan at det skjer, blir det heile berre ein meir eller mindre klar tanke i hovudet. I tillegg blir du sjølvsikker og trygg på at det står rett til med deg. For evangeliet er nærast blitt noko du kan.

 

Det blir som med kyrkjelyden i Efesus. Dei hadde ei ualminneleg klar evne til å kunna skilja i det åndelege landskapet. Dei hadde alt, berre ikkje Jesus (Op 2:1-7). Ein kan gjerne tenkja at kyrkjelyden som hadde kome bort frå Jesus måtte få høyra evangeliet, men bodskapen dei fekk, var: «Vend om!» Midt i alt fekk dei ikkje auga på seg sjølv og si eiga stilling. Høyrer du til i denne kyrkjelyden, så kjenner heller ikkje du din sanne tilstand om du er aldri så evangelisk i syn, tale og vitnesbyrd.

 

I Guds lys

Måtte vi så – kvar og ein, ransaka oss sjølv om noko slikt skulle høva på oss. Det er betre å bli klar over det nå medan det er nådetid. Eg er redd at det vil gå som det er blitt sagt: Den det gjeld og som det er mest aktuelt for, fryktar ikkje. Og den som ikkje har grunn til å frykta, han fryktar og er redd for å bedra seg sjølv.

 

Dersom du les dette utan å verta det minste uroa, er det all grunn til å frykta. Kva skal du så gjera? Be Herren ransaka deg. Det er ikkje farleg, men livsnødvendig for oss alle. Hugs at det gjeld himmel eller helvete. Vreng innsida ut og legg alt fram for Herren og set det rette namnet på synda. Rosenius seier ein stad: «Søk å få øye på det verste hos deg».

 

Alle ufrelste er fortapte – her og nå – men så lenge det er nådetid, er det mogleg å gjera noko med det. Skulle du så koma til at du har levd i sjølvbedrag, er det stor nåde frå Herren at du oppdagar det nå og ikkje den dagen Jesus kjem att, når nådetida er slutt. Då Gud hadde ført Noa og familien inn i arka og lukka att døra, var det for seint til å gå ombord.

 

Til deg som er redd for å bedra deg sjølv; kva er det å bedra seg sjølv? Det er å setja lit til noko av sitt eige – i tillegg til Jesus. Då bedreg du deg sjølv. Men set du di lit til Jesus – og Jesus åleine – blir du ikkje bedradd, for Jesus bedreg ingen. Same korleis du har det, same kva som dømer deg; erkjenn tilstanden slik han er, og set di lit til Jesus. Han har gjort opp for alt som loven og samvitet og djevelen dømer deg for.

 

 

Lov og Evangelium 2019 - Nr 01