Hald meg vaken, Herre Jesus,
Lat meg aldri sovne bort,
Frå det nye liv du gav meg,
Då eg såg kva du har gjort.
Lat meg ved ditt kors få stå!
Lat meg på din nåde sjå!
Hald meg vaken, Herre Jesus,
Berre du meg vekkje kan.
Når eg slumrar inn og misser
Synet av mitt fedreland.
Vis meg at eg pilgrim er!
Vis meg målet for mi ferd!
Hald meg vaken, Herre Jesus,
Syn meg nauda der eg står,
Mellom mennesker som trellar
Under harde syndekår.
Lat mitt liv forkynne dei:
Berre du kan fridom gje!
Hald meg vaken, Herre Jesus.
Eg vil alltid bli i deg.
Ingen annan vil eg tene,
Eg vil vandre på din veg.
Takk at du er med kvar dag!
Takk du gjer meg fri og glad!
Ukjent forfatter
Publisert i: Lov og Evangelium 2000 - Nr 09