Søk
Close this search box.
Søk

Referat fra haustleir på Ersdalstun 2022

Helga 28. til 30. oktober var det haustleir på Ersdalstun, me var rett under 50 ungdomar med både kort og lang reisevei. Alle kom fram til slutt og då me hadde fått litt kvelsmat fekk me sitta på møte å høyra og få mat for sjela.

Lars Fossdal tala alvorlige ord om at me har ein himmel og vinna og eit helvete og unnfly. Då er det så uendelig viktig å ha navnet sitt skreve i livets bok, når det handlar om evigheten. Etter møte varte det ikkje lenge før det blei satt fram snacs og is, praten gjekk og både nye og gamle deltakarar koste seg med resten av kvelden.

På laurdag hadde Lars fyrst eit møte, og så hadde Jon Ragnar Fossdal eit møte. To innhaldsrike og nytige møter der me fekk høyra om kor stort det er, alt det jesus har gjort for oss, men liekvel har me så lett for å falla i synd igjen og igjen. Etter me hadde ete litt lunsj reiste me ned til Sira der me lånte gymsal og fotballbane. Me spela fotall og leika oss og hadde det veldig kjekt. Når me kom tilbake til Ersdalstun var det berre å ta seg ein kjapp dusj før me fekk servert taco.

I sju-tida reiste me ned igjen til Sira og John Peder Samdal tala på møte på Bakke bedehus, der kom det og ein del frå den lokale forsamlinga, og stolane på bedehuset blei fylt opp. Ein del av oss ungdomane hadde øvd på to fine songar som me song på møte.  John Peder minna oss på å stride for å komme inn den trange port.

Strid for å komme inn den trange dør! For mange, sier jeg dere, skal søke å komme inn og ikke være i stand til det.   Lukas 13:24

Resten av kvelden brukte me på å spela spel, bordtennis, biljard, gode samtalar og masse latter, og etter kvart blei og snacks og kaker satt fram. Ingunn hadde nokre leikar og morsomme utfordringar. Leikane fortsatte utover kvelden og kor seint me la oss er ikkje det viktigaste, men heldigvis skulle me stille klokka ein time tilbake i løpet av natta.

Olav ringte dagen i gang med klokka så alle kom seg opp søndags morgon og me fekk ekte søndagsfrukost med baguettar og eggerøre. John Peder hadde leirens siste møte.

De som hører Kristus Jesus til, har korsfestet kjødet med dets lidenskaper og lyster   Galaterbrevet 5:24

Etter møtet var det berre å sette i gang med vask av rom. Når alle golva var reine og alle baggane i bilane kjørte me til Reidun og Olav som hadde laga burger til oss og etter då me var gode og mette satte me oss i bilane og kjørte heimover etter ein veldig kjekk og inhaldsrik leir.

 

Skreve av Karina Amalie Vistvik