Jesus – ein kristen sin mat

«Jesus sa då til dei: Sanneleg, sanneleg seier eg dykk: Dersom de ikkje et Menneske- sonens kjøt og drikk blodet hans, har de ikkje liv i dykk! Den som et mitt kjøt og drikk mitt blod, har evig liv. Og eg skal reisa han opp på den siste dagen.» ( Joh 6:53-54)

I det sjette kapittelet i evangeliet etter Johannes talar Jesus om seg sjølv som livets brød. Talen byrjar med eit teikn som evangelisten uttrykkeleg påpeikar skjedde like før påskehøgtida, og som difor skal sjåast i lys av det som påska handla om: Frelse frå vreiden ved Lammets blod.

På ein øyde stad der det ikkje fanst noko å leva av, tek Jesus brød og fisk og bryt det og deler ut (gjennom læresveinane) så det vert nok til livberging for dei alle.

Jesus forklarar deretter at han er livsens brød som er komen ned frå himmelen for å gje verda liv. Det som har hendt, har fått jødane til å tenkja på manna-underet i øydemarka. Dette underet har dei oppfatta som eit symbol på kva Moses gav dei gjennom lova. Når dei då skjønar at Jesus er «profeten» (5 Mos 18:15ff ), tenkjer dei nettopp på dette brødunderet.

Jesus må visa dei at det som Moses gav, ikkje vart dei til liv, men til død. Lova døyder og gjer oss skuldige for Gud. Difor måtte det skje eit nytt «brødunder». Jesus må brytast. Det handlar om hans soningsdød på Golgata.

Då han vart såra og knust, krossfesta og drepen, og deretter sto opp av grava, vart han «mat» til liv for alle. Då sona han all synd og vann forlating for syndene for alle menneske.

No skal denne useielege gåva, denne himmelmaten delast ut på jord. Den vert delt ut til oss i evangeliet. No står berre att å koma til bords og eta. Det vil seia i trua å personleg tileigna seg Jesus og hans soningsdød.

Trua er noko meir enn å berre halda noko for sant, teoretisk.

Å tru på Jesus og å koma til han, er eitt og det same ( Joh 6:35). Trua er tillit og tilflukt til Jesus.

Dette skapar evangeliet når det vert teke imot, og gjer at du må til Jesus både første gongen og stadig seinare.

Rosenius skriv om dette:

For mange er det urimelig og ufattelig at Jesus kan tale om å ete hans kjød. Men like forståelig og kjært er det for dem som daglig gjør det. De troende kan aldri gi bedre uttrykk for det som er hjertets egentlige liv, enn å si at Kristi kjød er deres mat. Det dypeste livsbehov og selve livsnæringen for dem er ordet om forsoningen.

(Frå husandaktsboka på 30. juli. Les gjerne heile andakten – han er svært god.)

Berre dei som lever av Jesus og hans død på Golgata, har evig liv og er sanne kristne. Utan at dei stadig på nytt får tileigna seg dette, ser dei sanne truande ikkje noko håp. Vert Ordet om Jesu død borte for ein kristen, mistar han frimodet både i tru og håp. Når han igjen får lov til å ta til seg Jesus i Ordet (og nattverden), så lysnar det att. Det er akkurat som med mat for lekamen. Mat kan eigentleg ikkje lærast, han må etast. Slik òg med evangeliet. Det kan i grunnen ikkje lærast. Det må høyrast og takast imot om att og om att.

Her vil eg gjerne også seia litt om nattverden. Joh 6 handlar ikkje eigentleg direkte om nattverden. Han var jo heller ikkje innstifta enno. Det handlar om å ha sitt liv i Jesus og hans soningsdød. Her kan innvendast at Jesus heller ikkje var død enno. Til det er å svara at all Guds nåde frå start til slutt kviler nettopp på Jesus og hans død.

Dei truande som levde før Golgata, såg fram mot Jesus og den frelse som han skulle ordna. Me ser attende til det som er fullbrakt. Det er den same frelse.

Sjølv om ordet over vårt stykke ikkje primært handlar om nattverden, kan det med rette også brukast på han. Når me i trua mottek Jesu lekam og blod under brødet og vinen i nattverden, så et me bokstaveleg tala Jesu lekam og blod, og får både liv og styrke i det.

Men ein kan ikkje seia at alle som ikkje går til nattverd (små barn, truande som må vera åleine der ingen nattverd finst osv.) ikkje kan vera truande. Dei foraktar ikkje Herrens nattverd, og dei har motteke og ete Jesus gjennom Ordet.

Den derimot som godt kan vera kristen utan å stadig få ta til seg Ordet om Jesu død, utan å få ta til seg nattverden osv., han manglar eit avgjerande kjenneteikn på sann kristendom. Blomar som ikkje stadig treng vatn, er kunstige! Du som synest du kan dette og i grunnen stadig heller vil høyra om noko anna, du skulle visst kor ynkeleg du bedreg deg sjølv. Du manglar eit vesentleg kjenneteikn på at du lever. Skal du nokon gong vakna og søkja den sanne mat medan han er å få?

Men du som les dette og kanskje må seia med Per Nordsletten:

Jeg ofte er i frykt og fare og tenker alt er selvbedrag,
jeg synes livet ei vil svare
som når det rett var hjertets sak.
Hvor skal jeg gå med denne nød, jo, ile til min Frelsers skjød.

Du kan ofte kjenna deg både syndig og arm. Du kjenner anklage og dom i samvitet. Mot dette har du berre ei hjelp, som verkeleg forslår: Jesus og hans død.

Dette må du stadig få ta til deg. Skal du nokon gong vera frimodig og glad kristen, så er årsaka at du har fått tatt til deg av dette «himmelbrødet». Er det slik med deg, då er du ein av dei som «et Jesu kjøt og drikk hans blod».

Høyr Jesu ord: «Den som et mitt kjøt og drikk mitt blod, har evig liv. Og eg skal reisa han opp på den siste dagen.». Du har etter Frelsarens eige ord evig liv.

Bildet hentet fra iStock.