I mi ungdomstid då eg vart ein kristen, vart eg spurt om eg hadde teke standpunkt for Jesus. Det låg i spørsmålet at om så var tilfelle, var alt i orden!
Men frå anna hald var det eit anna spørsmål som var framme: «Har du fått sett det?»
Kva låg det i dette spørsmålet? Det hadde med den nye fødsel å gjera: «Har du fått sett inn i evangeliet?» Evangeliet må bli openberra for oss.
Då Herren reiv ned alle falske trøystegrunnar hjå meg, vart dette spørsmålet aktuelt. Eg forstod at eg måtte få sjå noko som eg ikkje såg, som andre hadde fått sett. Dette måtte bli gjeve meg. Eg venta på at det skulle bli openberra for meg. Ingen ting skjedde, og eg var ulukkeleg og hjelpelaus og fortapt.
Det var i denne tida at sløret for augo vart trekt til side ved forkynninga av Guds ord slik det er gjeve oss som lov og evangelium. Eg fekk sjå at mi frelsesak hadde Jesus, min stedfortreder, ordna med. Det var utført og ferdig – og det gjaldt meg! Visste eg ikkje det frå før? Jo, eg hadde visst det – utan å sjå det. Kunnskapen hadde ikkje nådd fram og blitt til kjennskap i hjarta.
Hadde lova noko med det å gjera? Ja, lova si oppgåve er mellom anna å skapa behov for evangeliet – ved å ta frå oss alle falske trøystegrunnar. Det er ein døds- og livsprosess som går føre seg når vi skal gå inn i Guds rike.
Lov og evangelium må forkynnast, men dei må ikkje blandast saman. Der gjer Ordet si gjerning ved at Den heilage ande tek det i bruk og fordeler det etter den enkelte sitt behov. Ein kan bli velsigna, ein annan blir dømd av den same talen. Forkynninga må få ta vårt liv, slik at vi får bruk for stedfortrederen. Lova drep, evangeliet gjev liv. Det er også noko tilsvarande vi erfarer i kristenlivet. Er du kjend med dette? Kvifor skal ein ta opp slike ransakande ting og ikkje heller berre forkynna evangeliet?
Det kjem ein dag då vi skal fram for Guds domstol. Då skal mange få sjå at dei har levd i sjølvbedrag og gå evig fortapt. Dei hadde kunnskap, men ikkje kjennskap. Rosenius fortel om tilfelle der bekjennande kristne har levd i sjølvbedrag eit langt liv, og har vakna opp like før dei skulle forlata jordelivet. Dei er nok fleire som ikkje vaknar opp.
Kva gjer det vel om du blir uroa no og kanskje kjem i tvil om ditt gudsforhold, dersom du likevel er frelst? Du tek ikkje skade av det! Det driv deg berre inn til Jesus, og du kan få ei ny evangelisk forvissing om Guds nåde. Men tenk om du trur at du er frelst, men ikkje er det! Då er du alt på veg mot den evige fortapinga! I realiteten er du fortapt, men enno er det nådetid. Enno er det mogleg å få si sak med Gud i orden.
Di frelse har Jesus teke seg av. Men Den heilage ande må først gjennom lova kle av deg dei gamle fillene dine og så kle deg i den nye klednaden som ligg ferdig.
Det er stor nåde frå Herren om han vil visa oss vår sanne stilling, sjølv om resultatet skulle verta at vi fekk sjå at vårt gudsforhold ikkje var i orden. Enno er det nådetid, enno kan vi få vår sak i orden med Gud. Eg skulle ynskja at vi meir kunne forstå alvoret med dei to utgangane frå dette livet. Det er det som skjer i vekkjingstider. Det er audmjukande å måtta innsjå sin eigen fallitt, men det er noko som alle må erfara som skal inn i Guds rike.
Er du villig til å bli ransaka, eller er det uaktuelt for deg? Kva er det å bli ransaka? Det er å be Den heilage ande visa deg din sanne tilstand. Så må du ikkje stå imot sanninga dersom du ikkje består prøva, slik farisearane gjorde.
Er du aldri redd for å bedra deg sjølv? Om ikkje, så har du all grunn til å reddast for nettopp det.
Det verste som kan henda eit menneske her på jorda, det er når ein person har stått Den heilage ande imot så lenge at han ikkje lenger kan bli frelst. Han er oppgjeven av Den heilage ande og får ikkje fleire kall. Levetida kan bli lenger, men himmeldøra er for alltid stengt. Kjenner du på eit kall til å omvenda deg, så må du fylgja det. Anten du kallar deg ein kristen eller ikkje.
Søk Herren medan han er å finna, kalla på han den stunda han er nær. ( Jes 55:6)