Søk
Close this search box.
Søk

Referat nyttårsleir på bibelskulen på Fossnes 24/25

Søndag 29. desember til tysdag 1. januar, var det nyttårsleir på Fossnes. Det var i alt over hundre deltakarar på leiren, med tilreisande frå mange kantar av landet. Også på denne nyttårsleiren fekk me saman samlast om Guds ord.

Det var i år seks talarar som hadde både møter og bibeltimar for oss på leiren. Desse var: Lars Fossdal; Steinar Guddal; Per Bergene Holm; Ruben Fjell; Konrad Fjell; og Lars Fredrik Ellingsen. Overskrifta over leiren var henta frå Johannes openberring kapittel 22, vers 7a: «Sjå eg kjem snart!». Frå møta fekk me høyra blant anna om synda, om synda sitt alvor og konsekvensar, om fariseisme, og om ein kristen sin kamp og liv.

Søndag 29. desember starta leiren med innkvartering kl. 17, før det vart servert kveldsmat kl. 18. Etter kveldsmaten vart det kveldsmøte ved Lars Fossdal, som var leiren sin fyrste talar. Han tala over Salme 139:17-18. Etter hovuddelen var det vitnemøte, og det vart i tillegg juletregang. Kvelden vart avslutta med kaffimat etter møtet.

Måndag 30. desember starta med bønemøte kl. 08:30, etterfølgt av morgonmat kl. 09:00. Det fyrste møte på måndagen var ved Steinar Guddal, som tala over Matteus 5:20, om rettferda som må vera større enn den hjå dei skriftlærde og farisearane. Steinar viste til Salme 24:4 at den som med skuldfrie hender og eit reint hjarta, skal få stiga opp på Herrens fjell.

Neste møte var ved Per Bergene Holm som tala over Johannes fyrste brev kapittel 2:1-6. Per peika blant anna på at synda ikkje er ein kristen sitt rette element, den er som eld eller vann, ein kristen kan ikkje verte verande der. Vidare at ein må leggja merka til at det står skrive i vers 1: om nokon syndar, ikkje når nokon syndar. Fall i synd er ikkje ein normaltilstand, men er og skal vera noko framand for ein kristen. Me vart også minna om at me har ein talsmann, som har teke vår synd som sin.

Etter møta vart det middag, før det vart satt i gang ulike aktivitetar for både små og unge. Det vart i tillegg teke initiativ til ein spasertur for dei som var interesserte i det. Etter aktivitetane vart det kaffimat, før møte ved Ruben Fjell. Det var lagt opp til to møter ved Ruben, eitt før og eitt like etter kveldsmaten. Ruben tok i desse to talane for seg nokre menneske sine ulike møte med Jesus. I det fyrste møte fekk me høyra om den rike unge mann sitt møte med Jesus frå Markus 10:17-27, og korleis han ende opp med å gå bedrøva bort frå Jesus. I det andre møte fekk me høyra frå Lukas 7:37-50 om kvinna i Simon sitt hus, og at den som har fått mykje tilgjeve elskar mykje, mens den som har fått lite tilgjeve elskar lite.

Etter det siste møte var det kaffi og kaker. Etter kaffien vart det arrangert ein kveldsaktivitet med spørjeleiken «jeopardy», før det var ro-tid kl. 00:00.

Tysdag 31. desember starta dagen igjen med bønemøte kl. 08:30. Morgonmaten vart servert kl. 09:00. Denne dagen var det Konrad Fjell som skulle ha to Bibeltimar om Martin Luther for oss. I den fyrste bibeltimen fortalde Konrad om Martin Luther sine år som ung vaksen og korleis han i sitt kristenliv gradvis gjekk frå trældom til fridom. Då Martin Luther byrja å lesa i Bibelen vart det gradvis klarare for han at Guds rettferd som han tidlegare hadde sett på som Guds rettferdige dom over synda, handla om den rettferda Gud frelsar mennesket ved – ei framand rettferd, den rettferda som ein kristen får del i ved trua på Kristus. I den andre bibeltimen tala Konrad om den sunne og sanne læra, og kvifor det er så viktig å halda fast på denne læra.

Etter bibeltimane ved Konrad vart det servert nyttårsgraut og kaffi. Etter middag og kaffi og kake, vart det møte ved Lars Fredrik. Han tala om konsekvensar av våre val, med utgangspunkt i første Samuelsbok. Han viste til Hanna, Samuel, Eli og sønene hans og korleis deira ulike ferd fekk alvorlege konsekvensar for nokre av dei.

På kvelden vart det nyttårsmiddag med røykt svinekam på menyen. Det vart eit fint måltid, med både musikalske og humoristiske innslag frå enkelte bidragsytarar.
Nyttårsmøtet var ved Lars Fossdal som tala over leiren si overskrift: Johannes openberring 22:7. Lars stilte spørsmålet: Jesus kjem snart, er du rede? Lars haldt ein alvorleg tale om dei to utgangane av livet, og viste til matt. 25:40-41 om dei som ikkje får bli med inn i himmelen, men må stå utanfor.

Etter møte vart det servert kaffi og kaker i matsalen. Kvart på tolv vart det haldt ei andaktsstund i matsalen, med andakt og bøn. Kl. 00:00 gjekk me inn i eitt nytt år, til lyd av rakettar utanfor. Kl. 00:30 var det underhaldning og leik i møtesalen, før det var ro-tid kl. 02:00.

Onsdag 1. januar starta bønemøtet kl. 09:00 etterfølgt av morgonmat kl. 09:30. Det var i dag Lars som hadde høgtidsmøte kl. 11. Der han tala over Jesaja 1:1-5. Etter møtet vart leiren avslutta med middag kl. 12.30, og så var nyttårsleiren over for denne gong.

Det rettast med dette ein stor takk til alle som har bidrege på leiren med både ansvar for gjennomføring, matlaging og oppvask. Ikkje minst er me takksame for talarane som fekk vera med å dela Guds Ord med oss. Det er med ei sterk von om at desse orda som me har fått høyra måtte få venda vårt hjartans blikk på Jesus.

«Og verta funnen i han, ikkje med mi eiga rettferd, den som er av lova, men etter den eg får ved trua på Kristus, rettferda av Gud på grunn av trua» Fil 3:9.

Skrevet av Benjamin Varhaug