Du og eg har ei udøyeleg sjel, og Guds ynskje og mål for deg og meg er at me skal få leve evig med han, og få gå på gater av gull i hans himmel.
Syndefallet
Men syndefallet rokka ved dette. Salmediktaren Brorson skriv så treffande:
«Et løgnens ord i Adam fór, det la vår verden øde.
Det har voldt det sjelemord hvorved alle døde.»
Løgnens ord! Sjelemord! Alle døde! Vegen vart stengd for kvart einaste menneske som vert fødd inn i denne verda. Samfunnet med Gud gjekk tapt.
Me skal snart feire påske og atter minnast at Jesus opna vegen til himmelen for syndarar, med sitt eige blod. Men på Golgata er me også vitne til korleis Jesus frelser ein røvar, som har eit heilt øydelagt liv bak seg. Han er ein kriminell som gjerne hadde stole, mishandla og drepe andre menneske. No har lova innhenta han, og gjeve han den mest fornedrande dødsdom på ein kross.
Desse timane på Golgata vart dei viktigaste timane i hans liv. I byrjinga spotta han Jesus som hang ved hans side, slik som mange av dei andre også gjorde(Mark 15:29-32). Men det skjer noko forunderleg desse timane på Golgata. Han ser noko han aldri før har sett og erkjent.
Røvaren fekk opna augo
Lukas fortel om det og seier:
Ein av brotsmennene som hang der, spotta han og sa: Er ikkje du Messias? Frels deg sjølv og oss! Men den andre tok til orde og irettesette han og sa: Har du ikkje age for Gud eingong, du som er under same domen? Og vi er det med rette, for vi får det vi fortener for det vi har gjort. Men han har ikkje gjort noko gale. (Luk 23:39-41)
Denne siste røvaren hadde fått sjå at han var under dommen, og det med rette. Han forstod at han hadde med Gud å gjere, og han forstod at han sjølv ikkje var på veg til Jesu rike i himmelen.
Herrens tale til samvitet nådde denne røvaren på Golgata, og han kom til denne erkjenning:
– Eg er skuldig, eg er ein syndar, men han ved mi side er ein som ikkje har synd. Det forma seg ei bøn i hans indre, og han vender seg til Jesus og seier:
Jesus, kom meg i hug når du kjem i ditt rike. (Luk 23:42)
Høyrde Jesus denne bøna? Ja, Jesus høyrer alltid kvart minste sukk, og svaret frå Jesus var eintydig og utan atterhald:
Sanneleg seier eg deg: I dag skal du vera med meg i Paradis! (Luk 23:43)
Eit under skjedde! Ein syndar vart frelst! Ein røvar vart berga for himmelen!
Kva er det røvaren gjer? Han erkjenner:
– Me lir med rette! Eg er ein syndar! Han vender seg til Jesus med si smerte, med si naud og med si synd! Så skjer dette under at han og Jesus får byte plass. Jesus tek over alle hans synder, og han får overta Jesus sitt fullkome liv. Med denne drakt tronar røvaren kort tid etter inn i himmelens herlegdom, og syng no i den uteljelege skaren ved Gud og Lammets trone saman med alle desse andre som har tvetta sine kjortlar og gjort dei kvite i Lammets blod.
«Røvarvegen» til frelse
Skal du og eg verta berga for himmelen er det den same vegen me må gå! Ved å lytte til Bibelens ord, skjer det same i dag. Der menneske vert konfronterte med Sanninga og gjev ho rett, der får ein erfare det same som røvaren på Golgata. Sanninga i Bibelen set deg fri frå dommen, og gjer deg til himmelsk arving!
Røvaren hadde ingenting å vise til og kunne ikkje få gjere noko meir i livet – fastspikra som han var til krossen. Men Jesus kom for å frelse nettopp fortapte menneske som han. (Matt 18:11)
Gjer du som røvaren! Gje Guds ord rett, og du vil får høyre det same av Jesus den dag du skal ut av denne verda: «I dag skal du vera med meg i Paradis!»