Det er Øyvind Samnøy frå Fortun i Luster i Sogn som seier dette.
Han er fødd og oppvaksen på Samnøy ved munninga av Samnangerfjorden. Det er ein times køyring sør-aust for Bergen. Her var han odelsgut og skulle overta garden, men då han fekk kall frå Misjonssambandet om å byrje å reisa med Guds ord – vart det endring på dette.
På sine forkynnarferder møtte han kona Wenche, som kom frå Fortun inst i Sognefjorden – innunder Jotunheimen. Her stifta dei ein heim, fekk fem born og har fått enno fleire barneborn.
Dei kjøpte ein liten gard nær svigerforeldra, og Øyvind har drive med sau og jordbær i mange år. I tillegg har han kvart år sidan 1985 vore ute med Ordet vinterstid og vore bonde på sommarstid. No driv han berre med sau i tillegg til forkynnargjerninga.
Set Guds ord høgt!
Noko som ligg han spesielt tungt på hjarta å formidle, er viktigheita av at Guds folk set Guds ord høgt i denne tid.
– For det første er det uendeleg viktig at me lærer rett om Skrifta, om Bibelen: Det er Skrifta sjølv som skal læra oss kva me skal tenkja og tru om Skrifta; Og den lærer at «Heile Skrifta er Gud-anda.» (2 Tim 3:16)
– Dette vil seia at Skrifta for det første er Guds verk, vorte til ved Guds Ande. Difor kan me, sjølv om han brukte ulike menneske med deira evner og skilnad, seia med Pontoppidan, at Gud bestemte kva dei skulle skriva, og kva ord dei skulle bruka. Difor er Skrifta bindande og tilstrekkeleg for dei truande til alle tider. Bibelen skal oppstilla trusartiklane, elles ingen, som Luther seier det.
– For det andre vil dette at Skrifta er Gud-anda, seia at Guds Ande enno andar i Skrifta i dag.
– For det tredje, så verkar Guds Ande på oss når me høyrer og les for å ta det til oss. Gud andar på oss ved Skrifta og gjev oss Den heilage ande gjennom evangeliet i Skrifta, seier Samnøy.
Kva er sann Bibeltruskap?
Han understrekar vidare at det ikkje er nok å læra rett og meina rett om Skrifta.
– Sann bibeltruskap har òg ei anna side: Ein må difor leva i Skrifta dagleg og stadig. Her er den store Salme 119 svært talande.
– Det gjeld at du tek til deg av Skrifta, bøyer deg for Skrifta og rettar ditt liv etter Skrifta. Det er på mange måtar det som skjer i omvendinga. Gud set deg under Skrifta, slik at du høyrer for å gjera etter det ( Jf. Jesu ord om den som bygde på fjell).
– Her reddast eg for at Satan har eit frykteleg spel med mange av oss. Han veit at ved å kutta bandet til Bibelen, så kuttar han hovudpulsåra i kristenlivet. Eller, saman med bøna er det å ta til seg av Skrifta (høyra/lesa, grunda på og leva i og etter), andedraget i kristenlivet. Stoppar det, då er det straks alvorleg og går mot død, seier han.
Djevelen byrjar i utkantane
– Satan veit nok at han ikkje kan få deg til å forkasta Skrifta heilt. Difor byrjar han i det mange vil kalla utkantane. Han sår tvil om ur-historia si faktiske sanning. Han får oss til å ta lett på det som står om skilnaden mann og kvinne i heimen og kyrkjelyden (kristenflokken) og liknande. Slik vert tilliten din og banda dine til Gud og hans ord løyst og kutta.
– Eller: Han finn erstatningar som skal ta frå deg det å vera ved Jesu (Bibelens) føter. Han gjev deg så mykje interessant og viktig. Han bekymrar deg med alt mogleg som gjeld dette livet. Til det siste er det underleg at når Skrifta forsvinn ut av livet, så får du rikelege med suter. For då forsvinn det som skulle hjelpa deg, nemleg trøysta i Gud og hans faderomsorg i Kristus. Trua kjem (stadig) av Ordet, seier Samnøy.
Lat oss kjempa for «Mariaplassen»! Han påpeikar at nokre av erstatningane Satan byr deg, er direkte giftige.
– Dei er som kullos (gassen som bind seg mykje sterkare til hemoglobinet i blodet enn oksygen). Du vert forgifta.
– Men han kan òg bruka noko som ikkje er direkte vondt og syndig, men det fortrengjer. Slik kan ein dø av karbondioksid, ikkje fordi den er giftig, men fordi den er tyngre enn lufta elles og fortrengjer oksygenet. Kva har fortrengt Ordet i ditt liv?
– Satan plar ikkje seia til dei truande at dei skal slutta å gå der Ordet vert forkynt. Men han tilbyr deg gjerne ein ekstra jobb. Dermed oppnår han det same. Lat oss difor kjempa for «Mariaplassen» og velja den. Eitt er naudsynleg!

Å lida skipbrot på trua
Samnøy understrekar også at mange har kasta frå seg sitt gode samvit og har forlist, mista trua og er såleis komne bort frå Gud gjennom dette.
– Når Paulus skriv til sin gode ven Timoteus, skriv han: «Dette er den oppgåva eg gjev til deg, Timoteus, son min, i samsvar med dei profetorda som før er tala om deg, så du ved dei kan strida den gode striden, i tru og med godt samvit. Dette har somme kasta frå seg og har lide skipbrot på trua.» (1 Tim 1:18f )
– Her står om nokon som er komne bort frå Gud. Dei har sikkert så altfor mange etterfylgjarar også i dag. Samvitet er Guds venn i hjarta, sa ein eldre emissær (Ole Moe i Ytre Namdalen). Kva meinast med ordet samvit (samvittighet)? Det handlar om det du veit med deg sjølv. Det er som ein domstol i hjarta som dømer eller frikjenner dine handlingar og ditt livsforhold, ut frå det du har erkjent er sant og rett.
– Når du veit at noko er rett og sant, så er du bunden til å handla etter det. Gjer du ikkje det, så får du vondt samvit. Dette er ordna slik for at du skal vera eit heilt og sant menneske. Då skal du ikkje leva i strid med det du veit er sant og rett. Du skal ikkje øydeleggja deg sjølv. Når du då handlar mot eller lever i strid med det du veit er sant eller rett, så melder samvitet frå. Du får vondt samvit. Då skal du ikkje fortsetja å leva i det som er vondt og galt, men derimot omvenda deg, seier han.
Samvitet må justerast
– No er det ikkje slik at samvitet er ufeilbarleg. Guds ord (Rom 2:14-15) lærer at lova si gjerning står skrive i alle menneske sitt hjarta (lova si gjerning, ikkje lova, det siste skjer først når eit menneske vert fødd på ny). Difor vil også dei som ikkje kjenner dei ti boda, klaga kvarandre når det skjer bedrag, tjuveri osv. Dei er seg sjølve ei lov.
– Men dette kan forvanskast og forkvaklast. Samvitet held seg til det som er sant og rett, men etter fallet er menneska si erkjenning formørka, og samvitet kan verta sløva og pervertert. Difor må samvitet både vekkjast og justerast. Det skjer ved at Gud gjennom sitt ord får opplysa eit menneske om kva som er sant og rett. Gud overtyder (Den heilage ande skal overtyda verda om synd, rettferd og dom).
– Når Gud gjennom sitt ord opplyser eit menneske, så byrjar samvitet å forhalde seg til det. Den som f eks vert overtydd om at han må søkja Gud, omvenda seg til Gud og bli ein kristen og så står kallet i mot, vil oppleve at samvitet slår han: «Du gjer ikkje det som er rett», «du fuskar og juksar», «du fylgjer ikkje sanninga». Slik vert ein slegen av vondt samvit. Dette skjer for at han skal bøya seg for og sanksjonera det han veit er rett. Sanninga har krav på hjarta. Samvitet krev det.
Korleis skjer forherding?
Han understrekar at her kan menneska stå sanninga imot.
– Ein anar at om eg bøyer meg, så må eg bryta med mi synd, mine eigne vegar og mi ugudlege ferd. Det vil ein ikkje. Så set ein seg til motverje mot sanninga og trassar samvitet. Ein stampar mot brodden (Apg 26:14b). Held ein fram med det, så skjer det merkelege. Smerta i samvitet avtek.
Samvitet sløvast ned! Til slutt kan ein få fred, dødens fred. Ein forherdar seg, gjer seg hard. Mennesket vert ubøyeleg. I det ligg ein Guds dom: Den som gjer seg hard mot Gud, vil til sist verta forherda av Gud sjølv. Slik gjekk det med farao på Mose tid, og slik gjekk det med det gamle Israel. ( Jes 6:8 ff.)
– Under denne kampen i menneska sitt indre, er mennesket sjølv ofte svært så aktivt for å unngå å kapitulera for sanninga. Ein leitar etter støtter for sitt noverande liv. Ein leitar etter røyster som kan hjelpa ein til å få samvitet, mannen i mitt bryst (L. Hope), til å teia eller skifta syn. Det er difor dei som lever i strid med Guds ord om ekteskapet (f. eks. i tilfelle som sambuarskap, gjengifte og homofilt samliv), er så opptatt med å få aksept, ikkje minst frå kyrkjeleg og kristeleg hald.
– Ein har ein «fugl» innerst inne som kviskrar sanninga: Du lever ikkje rett. Men dette har ein slett ikkje lyst til å fylgja. Dermed søkjer ein med alle midlar å overdøyva denne røysta, og å tileigna seg nye sanningar, slik at ein kan få fred. Finn ein noko nedsetjande om bibeltru kristendom, så er dette ’mat for sjela’. Det gjev nemleg grunn til å avvisa den brysame røysta i barmen, seier Samnøy.

Gud forbyr sjølve syndelysta
– Skal det verta sann bibelsk vekking, må lova inn i samvitet på åndeleg vis. Så lenge samvitet berre held på med lovas gjerning utvortes sett, så kan «skikkelege» folk greia seg bra. Det er godt og vel samfunnsmessig. Det er bra at folk ikkje sviktar kona si, ikkje lyg og bedreg, ikkje stel osv. Men framfor Gud så duger ikkje det. Han forbyr nemleg lysta til synd. Du skal ikkje lysta (Rom 7:7-13). Gud forbyr sjølve syndelysta.
– Han krev at du let vera å synda ut frå eit hjarta som elskar Gud over alt, og nesten din som deg sjølv. Når ein mann snur seg etter ei vakker kvinne som ikkje er hans, fordi han lystar etter henne, så har han alt drive hor i hjarta. Du, ikkje berre din kropp utvortes, men heile du, skal ikkje bryta ekteskapet. Du, ikkje berre handa di, skal ikkje slå i hel. Hatet i hjarta, vreiden mot din bror, er mord.
– Når samvitet slik vert opplyst av Guds Ande, så byrjar det å døme i forhold til det. Ein ser at ein er urein i inste grunn. Det ein før trudde var bra, det vert no så ureint. Lever ein fint, så tek ein æra av det og er æresjuk. Vert ein tatt for urett, så smakar det særleg dårleg når andre ser det.
– Ein er meir oppteken av menneska sin dom enn Guds, og Guds lov talar utan miskunn sin dom i samvitet: – Du verken fryktar eller elskar Gud. I staden kjenner ein seg utolmodig, kan kjenna på vreide mot Gud og ulyst til han. Når ein kjempar med lysta til synda, så aukar den, og ein må erkjenna at ein elskar synda, påpeikar Samnøy.
Evangeliet kan reinsa samvita
Han understrekar korleis samvita kan reinsast og nemner det som står i Hebr 9:14: «kor mykje meir skal då ikkje Kristi blod – han som i kraft av ein evig Ande bar seg sjølv fram for Gud som eit lytelaust offer – reinsa samvitet vårt frå døde gjerningar så vi kan tena den levande Gud!»
– Evangeliet kan reinsa samvitet. Når eg høyrer og vert overtydd gjennom evangeliet om at Jesus har gjort godt igjen alt, tatt bort syndene mine med sitt blod, då reinsast samvitet. Brått er det ikkje lenger noko som stengjer mellom meg og Gud. Jesus har fjerna synda for Guds åsyn! Når ropet frå evangeliet når inn til eit forpint hjarta til tru, så reinsast samvitet. Synda vert som blåst bort or samvitet. Slik gjev Ordet om at Jesus har utsletta mine synder, fred også i samvitet.
– Eg erkjenner og trur at alt er i orden gjennom Jesus. Evangeliet har overtydd meg. Han er mi trygge tilflukt, mi rettferd og min fred! No kan eg i kraft av Jesu blod gå inn i heilagdommen og stå framfor den levande Gud med fritt mot. Eg kan sjå opp mot Gud utan å blygjast. «Skjønt uverdig, dog rettferdig, står en Jesu Kristi brud. Hun har byttet bort sin egen drakt i det skjønne bryllupsskrud.»
– Då er samvitet reinsa til å tena den levande Gud. No kan eg og no vil eg by meg fram for han som ein som frå døde er vorte levande. No kan eg leva for hans åsyn utan frykt og tena han under hans hugnad, seier Samnøy.
Når Jesus ikkje får halda fotvask
– Men det er ikkje sjølvsagt å verta verande her. Ein kristen har jo framleis den syndige naturen, som tidt gjer sine skammelege utslag. Det vert fall både i tankar, ord og gjerningar. Då er det avgjerande for å verta i nåden at eg stiller meg på sanninga si side i forhold til synda og sannar den for Gud som synd. Då gjeld dette velsigna ordet: «Dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss frå all urettferd.» (1 Joh 1:9)
– Sluttar eg å fly til Jesus med mi synd eller sluttar eg å erkjenna mine synder, så går det gale. Ein kristen kan ikkje leva i synda. Når han fell, så er det som å falla i eit bål. Ein må ut att! Det står om livet.
– Vert ein verande i synda, så er det åndeleg død. Vil eg leva i strid med Guds ord og halda synda i eine handa og Jesus i den andre, så slepper Jesus. Han vil aldri dela meg med synd.
– Her går det gale for mange. Dei går med dårleg samvit fordi dei ikkje lever i lyset. Det kan vera krangel og fiendskap i heimen eller i kristenflokken. Det kan vera hemmeleg ureinskap, utuktige fantasiar som får fritt spel, porno osv. Ein skal nok bryta, tenkjer ein, men ikkje enno.
– Det er for spennande og tilfredsstillande for kjøtet. Dermed vert ikkje samvitet reinsa ved nådestolen. Jesus får ikkje halda fotvask.
– Eller det som kanskje er enno vanlegare: Ein erkjenner synda og falla og vil gjerne bryta, men maktar det liksom ikkje. Så går ein der og har det vondt. Vil så gjerne at livet skulle vore annleis, men har liksom inga kraft til det. Då òg går ein med stadig vondt samvit. Bønnelivet (eller mangel på det) anklagar, Bibelen og mangel på lyst etter den, anklagar. Ein lid stadige nederlag i kampen mot synda. Kjærleiken til Gud forsvinn. Heile kristendommen vert ei bør. Ein veit det skulle ikkje vera slik. Men slik er det vorte, seier Samnøy.
– Vert ein gåande slik, så vert det skipbrot på trua. «Mange ligger evig fangen som på vegen var». Ja, Satan sine snarer er mange.
Korleis kan giftpilene frå Satan sløkkjast?
– Kvar er så feilen? Ein sannar jo si synd. Men får ikkje fred! Feilen er at evangeliet kjem bort frå samvitet. Det er ikkje nok å sanna synda. Eg må få høyra og gripa det Herren seier. «Dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss frå all urettferd.» (1 Joh 1:9)
– Herren er trufast! Han held det han har lova. Han går aldri attende på det han har sagt. Han har lova at han for Jesu skuld dagleg gjev full forlating til alle som flyr til Jesus.
– Han er rettferdig når han gjer dette. For Jesus har betalt di gjeld, utsona di synd og gjort godt igjen alt. «Ei heller i Skriften befales at gjelden skal to gang betales» (Petter Dass). Jesus står for deg hos Gud som di fulle og tilstrekkelege rettferd. Gud ser deg i Kristus som om du aldri hadde synda.
– Dette Ordet skal du få «terpa» på og ta til deg som dagleg brød.
«Ditt ord sier så at jeg nåde skal få,
at du ikke min synd minnes mer.
Ditt velsignede blod
gir meg nåde og mot
til å tro at min brudgom du er».
(Per Nordsletten, 461 i Sangboken)
Berre ved nådestolen og i Jesu blod kan pilene hans sløkkjast og hjarta og samvit reinsast til framleis vandring med Gud, avsluttar Øyvind Samnøy.