Søk

Eg vil gje dykk framtid og von!

«For eg veit kva tankar eg tenkjer om dykk, seier Herren. Det er fredstankar og ikkje tankar til ulukke. Eg vil gje dykk framtid og von» (Jer 29:11).

Me lever i urolege tider. Nyheitene, som møter oss dagleg gjennom alle dei ulike mediekanalane på nettet, skapar lett frykt og angst i mange menneskehjarto. Me høyrer om krig, folk som reiser seg mot folk, rike mot rike. Det er hungersnaud og jordskjelv både her og der. (Matt 24)

Fødselsvear

For den som les sin Bibel er det ikkje tvil om at me er inne i den siste tid før Jesus kjem i sky for å hente sine. Om me les Johannes Openberring høyrest det veldig dramatisk ut mykje av det som skal skje framover. Guds ord har gått i oppfylling til minste detalj fram til i dag, og alt vil gå i oppfylling slik Ordet talar.

Bibelen omtalar hendingane som no skjer, som fødselsvear. Dei dramatiske hendingane kjem oftare og dei vert større for kvar gong, men mellom riene er det rolegare periodar. Dess nærare me vert forløysing, og Guds folk vert henta heim, vil styrken på riene auke slik me opplever.

Hensikta med riene og det som skjer, er at menneska skal vekkjast opp og omvende seg til sin Skapar. Det skal varsle menneska om at no kjem Jesus att for å hente sine. Kallet lyder: Vend om medan det enno er nådetid!

Guds folk – lyft hovudet

Jesus seier sjølv til sine:

«Når dette tek til å henda, då rett dykk opp og lyft hovudet! For det lir mot utløysinga dykkar» (Luk 21:26-28).

Den som har teke imot Jesus som sin personlege frelsar, og gitt Guds ord rett – det menneske er trygg i all fare!

Det er fortalt at ein journalist frå London til slutt klarte å finne misjonæren David Livingstone (1813-1873) i Afrikas jungel. Han undra seg på at Livingstone kunne finne på å ta ut på så farlege reiser. Då er det at David Livingstone svarar:

«En mann er udødelig inntil hans gjerning er gjort.»

Slik er det! Herren er med sine kvar dag til dei er heime. Når deira livsgjerning er fullført, ventar den himmelske herlegdom. Der vil det ikkje vere naud, smerte og frykt lenger – men ein evig fred og glede.

Eg vil gje dykk framtid

Det er profeten Jeremia som skriv dette innleiingsverset til Guds folk som var i fangenskap i Babel og gjerne kjende på dommen i sitt eige hjarta. Dei hadde synda

mot Herren, dei hadde forkasta hans ord, dei ville ikkje gje Guds ord rett. Kva skjedde? Jau, Herrens dom ramma på ulik vis, og til slutt vart dei bortførte frå Jerusalem til Babel som fangar.

No hadde dei med eigne augo fått sett at Guds ord gjekk i oppfylling og var sanning,  Både profeten Jeremia og profeten Jesaja sin domsord hadde dei no fått erfare i sitt eige folk og i sine eigne liv. Dei måtte erkjenne at dei hadde synda og gjort ille.

Tenk då å få høyre denne bodskapen frå Herren sjølv:

«Eg veit kva tankar eg tenkjer om dykk, seier Herren. Det er fredstankar og ikkje tankar til ulukke. Eg vil gje dykk framtid og von.»

Dei kjende gjerne på at dei var fortapte og forkasta, men så seier Herren: Eg vil gje dykk framtid og von!

«Høyr så skal dykkar sjel leva» (Jes 55:3).

Gjennom profeten Jesaja får dei også høyre frå Herren:

«Du har berre trøytta meg med syndene dine, og gjeve meg møde med misgjerningane dine. Eg, ja eg er den som slettar ut misgjerningane dine for mi skuld, og syndene dine kjem eg ikkje i hug» (Jes 43:23-25).

Herren ville slette ut misgjerningane deira for si skuld, og syndene deira ville han ikkje kome meir i hug – om dei ville høyre og vende om til han.

Så lyder den same bodskapen til deg og meg i dag også. Ein bodskap frå Herren til kvart einaste menneske på denne jord, som kan kjenne på synd og skuld, og som kan kjenne på frykt og angst for framtida. Eg vil gje dykk framtid og von!

«Vend om til meg, for eg løyser deg ut!» (Jes 44:22)

Eller som Jesus seier det:

«Kom til meg, alle som strevar og har tungt å bera, og eg vil gje dykk kvile.» (Matt 11:28)

Alle dei som tok imot

Årsaka til at Jesus kan gje framtid og von både for tid og æve ligg i dette:

«Han strauk ut skuldbrevet mot oss, som var skrive med bod, det som gjekk oss imot. Det tok han bort då han nagla det til krossen» (Kol 2:14).

Difor seier også Bibelen:

«Alle dei som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans» (Joh 1:12).

Den som tek imot denne bodskapen kan få oppleva å få eige syndenes forlating, fred og trøyst her og no, sjølv om frykt og angst vert spreidd gjennom andre menneske i dei tallause informasjonskanalane rundt oss.

«Å eie Guds fred er en dyrebar skatt, Den trøster og styrker ved dag og ved natt,
Den fyller mitt hjerte med glede og fryd, Den vakkert meg smykker med ære og pryd.

Når Jesus er min, jeg i hjertet har ro, Og salig jeg er når hos ham jeg får bo.
Min synd har han sonet og gjelden betalt, Han gav meg seg selv, og nå eier jeg alt.»

Den som får møte Jesus til frelse, er trygg i møte med både liv og død. Jesus seier sjølv: Far min har gjeve dei til meg … og ingen kan riva dei ut or handa åt Far min. (Joh 10:29). Det gjev framtid og von i ei mørk verd!

Skrevet av Dag Rune Lid