To andre, to brotsmenn, vart òg førde bort saman med han for å lata livet. Og dei kom til den staden som vert kalla Hovudskallen. Der krossfeste dei han og brotsmennene, den eine på høgre sida hans, den andre på venstre sida.
Men Jesus sa: Tilgjev dei, Far, for dei veit ikkje kva dei gjer. Og dei delte kleda hans mellom seg og kasta lodd om dei.
Folket stod og såg på. Men rådsherrane spotta han og sa: Andre har han frelst. Lat han no frelsa seg sjølv dersom han er Messias, Guds utvalde. Soldatane gjorde òg narr av han. Dei kom bortåt han og gav han eddik. Og dei sa: Er du konge over jødane, så frels deg sjølv! Det var òg sett ei innskrift over han: Dette er kongen over jødane.
Ein av brotsmennene som hang der, spotta han og sa: Er ikkje du Messias? Frels deg sjølv og oss! Men den andre tok til orde og irettesette han og sa: Har du ikkje age for Gud eingong, du som er under same domen? Og vi med rette, for vi får det vi fortener for det vi har gjort. Men han har ikkje gjort noko gale.
Og han sa: Jesus, kom meg i hug når du kjem i ditt rike. Og han sa til han: Sanneleg seier eg deg: I dag skal du vera med meg i Paradis! (Luk 23:32-43)
Tre kors vart reist på Golgata, to røvarar med Jesus midt i mellom. Desse tre kors talar sitt alvorlege språk til oss.
Først er det han i midten, Jesus, som døyr for våre synder og gjev sitt liv til løysepenge. Det vil seie han kjøper oss fri frå våre synder, dommen og straffa, med sitt eige blod. Han vart såra for våre brot, knust for våre mis- gjerningar. Straffa låg på han for at me skulle få fred ( Jes 53:5). Guds son døyr for å frelsa oss.
Dei to røvarane er dømde til døden for syndene sine, både mot Gud og menneske. Dei er like i ugjerning, like i dom, men sidan skilt i all æve. Den eine går til Paradis, den andre går fortapt. Det som skil dei, er Jesu kors. Jesus – forholdet til han, skil dei for evig!
Den eine erkjenner og sannar si synd. Han får auga på Jesus og erkjenner Jesus som verda sin Frelsar, han som Gud hadde lova. I han finn han sitt einaste håp. Difor vender han seg til Jesus i bønn. «Jesus, kom meg i hug når du kjem i ditt rike». Så stor er Jesus, så fullkommen er frelsa, at han dermed går rett til Paradis!
Ved sida heng kameraten. Han er like nær Jesus. Jesu død gjaldt han òg. Men i si vantru spottar han og forkastar Jesus. Dermed er han redningslaus fortapt i all æve. Så vil han utan ende minnast at dette ikkje var naudsynleg. Jesus var der for han òg. Men han forkasta redninga.
På Jesus og hans kors deler heile menneske- slekta seg i to – frelst eller fortapt. For Gud er alle like i at «alle har synda og står utan ære for Gud». Difor er me alle skuldige i oss sjølve, du òg. Men Jesus døydde for oss. Han har kjøpt redning og syndeforlating til alle. Difor kan alle verta frelst ved han om dei omvender seg til han.
Min lesar: Du òg må stå på ei av Jesu sider, anten mellom dei som forkastar han og går fortapt, eller mellom dei som tek si tilflukt til Jesus og vert frelst.
Kven av røvarane liknar du?