1) Den fagreste rosa er funni,
ho opp mellom klunger er runni:
Vår Jesus, den dyraste blomen,
rann opp av ei ætt under domen.
2) For sidan me miste den æra
Guds bilet i hjarta å bera,
låg verdi i øyda og villa,
og døden han herja oss illa.
3) Men Herren ei rosa lét bløma,
all verdi til sæla og søma.
God ange til himmels ho sender,
vår jord til Guds hage omvender.
4) Så blømer Guds kyrkja med æra
og yndeleg grøda kan bera.
I Krist skal ho anda og leva,
han væta til vokstren vil gjeva.
5) No skulle vel verdi med gleda
til Frelsaren lovsongar kveda.
Men mange på klungrane glosa*,
og får ikkje auga på rosa.
6) No, Jesus, du stendig skal vera
mi rosa, min pryd og mi æra.
Du eine mitt hjarta skal taka.
Di sæla eg evig skal smaka!
7) Mi rosa meg pryder og fagnar,
mi rosa meg gleder og gagnar.
Dei syndige lyster bortdriver
og mildt under korset meg liver.
8) Lat verdi meg truga og tvinga,
lat tornane riva og stinga.
Når hjarta omsider vil bresta,
eg rosa på brystet vil festa.
* glosa = glo / sjå