Omvending

Tale av Ole Brandal
«Omvend meg du Herre, så blir jeg omvendt, for du er Herren min Gud.» Jer 31:18
Då me skulle samlast litt om dette ei stund, og tala om omvending, må eg seia at det er ikkje alltid lett å tala om omvending.

Det er ikkje lett å tala om omvending til verda, for verda vil leve sitt eige liv. Dei vil ha fred i sin tilstand og stilling, dei vil ha det slik som dei har det, og når du kjem og seier at dei må omvende seg, så skapar det uro. Og denne uroa vil dei ikkje ha, og så lukkar dei hjarta igjen og vil ikkje høyra.

Når me snakkar om omvending til dei truande, er dei sjølvsagt utlærde i tinga. Du veit det mykje betre enn meg, og veit det mykje betre enn dei fleste emissærar. Så høyrer eg at dei er utlærde og seier i sitt hjarta: «ja, ja dette er no di meining, du set det på spissen». Du tek så mykje av denne spissen som du synest du bør gjera, og på denne måten klarar du så inderleg vel å koma deg klar alt saman.

Og det skal eg seia deg, min ven, at djevelen er ein flink handtlangar. Han er flink å hjelpa oss når me høyrer Guds ord, til å trekkja ifrå og leggja til etter som det passar, slik at du med ditt skinn skal gå klar. Og hvis det kunne skje, så hadde han vunne. Men eg trur at om dei fleste som er her, trur at dei skal vera utlærde i omvending, og at dette er eit tilbakelagt stadium, så er det ikkje mange lærespørsmål som det er så mykje strid om som nettopp dette. Og hadde det vore klar forkynning nettopp i dette, så hadde det vore mykje betre iblant oss, og klarare linjer. Dette med omvending er ei mykje viktig sak. Det er så viktig, seier Herrens ord, at du tapar himmelen om du ikkje omvender deg – ikkje mindre. Dersom me ikkje omvender oss, kjem me på ingen måte inn i himmelens rike, og då kjem me dit elden aldri sloknar og der ormen aldri døyr.

Kva er så omvending? Eg skulle ynskja til Gud at eg her kunne tala tydeleg og klart. Men eg trur at det er slik, at om du tala så klart som krystall, så trur eg at sume likevel ikkje ville høyra. Omvending er for det første ikkje omlegging av livet sitt. Omvending er ikkje at du før levde i verda og tente synda og djevelen. Og så seier du at dette skal det bli jamt slutt med, no vil du begynna å tene Herren med liv og sjel, akkurat som du går inn i Kristeleg Folkeparti. Det vil seia det same som du melder deg ut av eit av dei andre partia og går inn i KrF. Og når du er komen inn der, så gjer du ein innsats der. At dette er ei frukt av omvendinga, det kan vel vera så, men det er ikkje omvending.

Omvending er heller ikkje forvandling, det er ikkje det at Gud grip inn i deg og meg og forandrar oss frå eit uhyre, til å bli smilande og blide englar. Å langt ifrå. Me song det her i stad: «Sjå meg Herre i mitt hjarta inn om du der inne noko finn, som ikkje er av deg.» Og då sa eg til meg sjølv, at dette er eg ikkje i tvil om, for der inne i mitt hjarta står det kø av alle dei ting som ikkje er av han. Det er hor og mord, hovmod og mykje anna. Eg bed i sanning: «Å, Herre rykk det opp med rot.» Og det skal eg seia dykk, mine vener, om me syng denne songen kvar einaste dag, ja minst tre gonger om dagen heile vårt liv så blir du akkurat den same, og den bøna høyrer Gud i himmelen ikkje, og om me bed Herren om å taka frå oss denne tornen i kjøtet, – me fekk ikkje svar.

For det som er født av kjøt er kjøt, – og du min ven, han skildra det slik han Hjorthaug: Dette barnet som låg der hadde vondskapens styggedom i seg, og den får du behalda alle dine levedagar. Han blir ikkje det fnugg betre. Det som er født av kjøt er kjøt. Men det som er det sørgjelege, er at me skal bli så heilage og forvandla. Ja, eg tenkte at hadde dei ikkje sett kristne folk på Brandal før, så skulle dei få sjå det når eg blei ein kristen. – Å du og du for ei tru på meg sjølv!

Kva er omvending, mine vener? Det er å vende seg til Jesus. Det er å koma i det rette forholdet til Jesus. Det er dette at Jesus blir hjertets alfa og omega. Han blir vårt alt. Og når dette blir hjarta si erfaring og ikkje berre hovudet sin teori, då blir det slik i ein syndar sitt hjarta at det blir eit nytt liv. Ikkje så at det har skjedd noko forandring at du er blitt betre. Nei, det gamle er det same og blir det same. For det som er født av kjøt er kjøt, og kan ikkje bli Guds lov lydig seier Herrens ord. Men midt i dette ormebolet, denne uhumskheit, der stig Herren ned og tek sin bustad. Og der bur han. Og så får eg og du ei ny lyst og ei ny glede og ein ny interesse, så ein kan seia at «gleda i verda er ikkje gleda for meg». Nei, det er gleda i Herren. Det er noko nytt gitt oss av Gud, at Jesus Kristus bur ved trua i våre hjarto. Det andre er det same.

Kva er så det rette forholdet til Jesus? Eg vil då seia to, tre ting som ikkje er dei rette forhold. Det er sume som kjem i eit forhold til Jesus som eg vil kalle hjelpeforhold. Det same som, – ja her er mange menneske som ikkje har bruk for Jesus. Dei lever sitt liv uavhengige av Jesus. Dei bryr seg ikkje om han, men dei snakkar ikkje me om no. Dei får vera der dei er. Men her er dei iblant oss, i forsamlinga vår, som kjem inn i eit hjelpeforhold til Jesus, og det trur dei er å ha funne fram til Jesus. Men det skal eg seia deg, min ven, at når det gjeld di sjelesak, då held det ikkje å ha Jesus til hjelpar. Han kan hjelpa i timelege ting, det kan han, men når det gjeld di sjelesak så duger det ikkje.

Jau, her er mange slike som har Jesus til hjelpar, og som er komne litt i klemme, og er byrja be til Jesus at han må hjelpa, at han må gjera det slik og slik. Dei ber om hjelp, hjelp og atter hjelp. Hjelp til å koma inn i himmelens rike. Men eg skal seia deg, min ven, at det er mykje ringare fatt med deg enn at du treng hjelp. Og så er her dei som kjem inn i eit kraftforhold. Dersom dei hadde kraft, så skulle det bli ein ny vandring, då skulle det bli ny kristendom, berre eg kunne få kraft. Å nei, mine vener, det held ikkje. Jesus er ingen hjelpar på kjøtet. Han er inga hjelp til sjølvhjelp, og han gjev heller ikkje vårt kjøt kraft. Nei, langt ifrå.

Og her er òg mange som kjem inn i eit slags forlatelsesforhold. Ja, eg veit ikkje å få noko definisjon eller overskrift på det. Her er mange som kjem i naud over seg sjølve og seier at dei har stole og at dei har loge og at dei har gjort den synda og den synda. Og så går dei og bed om tilgjeving om det og om det, og så skal Jesus gjeva dei tilgjeving for det dei har gjort. Og når han har gjort det, for det står då det at «dersom me bekjenner våre synder» – og dette har dei no gjort, då er det Guds sak å tilgi. Når dei har gjort sitt, og Gud gjort sitt, så var dei utsletta desse prikkane, også då ved Guds nåde heitest det. Så står dei for Gud, då er dei frelste.

Du er nokså nær det rette, men det er feil. Det er berre det at forlating for syndene er lagt på kjøtet. Det er den gamle Adam som har pussa av sine flekker, og no står han for Gud og meiner det er Guds nåde og Guds tilgjeving. Å nei, det å bli frelst er ikkje å pussa av flekkene ved Guds nåde! Kva er så det rette forholdet til Jesus? Jau, det rette forholdet til Jesus, mine vener, det er eit stedfortredarforhold. Det vil seia at du kjem i den situasjon at du treng ikkje berre hjelp, du treng ikkje berre kraft, og du treng ikkje berre tilgjeving for det du har gjort, men du kjem i eit slikt forhold at du treng ein i din stad. Du treng ein som går inn for Guds åsyn i plassen for deg, fordi du er heilt øydelagt, totalt forderva og uhelbredeleg. Så kjem du dit hen at du må ha ein i din stad. Du kan ikkje møta sjølv fordi du er død i synder og overtredelsar. Det er det rette forholdet til Jesus.

Å bli omvendt, er når Herren får oss i det rette forhold til Jesus. Og skal dette lukkast, må han gjera til inkjes alt det me har vore: fødde av kjøt, håplause, ugudlege, uhelbredelege. Slik at eg og du gir opp alt håpet om oss sjølve, alt håp om framtida. Slik at du og eg ikkje har noko anna enn Jesus og han krossfesta, som vår stedfortredar. Så kjem du og eg inn i det rette forhold til Jesus. Då er du omvendt.

(Valen i Sunnhordland, 1957)