Kom inn til oss, Herre!


Kom inn til oss, Herre!

Kom inn til oss, Herre,
kom nå denne stund.
Kom, rør ved vårt hjarta
og salv du vår munn!


Kom, Heilage Ande,
med lys og med makt.
Kom, helga vårt arbeid,
gjer det du har sagt!
Kom, Herre, velsign oss
og gjev oss meir mot.
Lat såkornet spira,
lat livet slå rot!
Send sol over marka,
send reinsing og tukt,
og livsfriske vindar
til mognande frukt!


Når hausten er komen
for ætter og folk,
då opnast din himmel,
då trengst ingen tolk.
Vi syng til di æra
med Golgata-ord,
som havbåra brusar,
som fossar i kor.


Då møter vi frelste
frå heidningeland.
Då jublar vi saman,
då takkar vi han
som gav oss å tena,
som gav oss å gå.
All æra og pris
han i æva skal få.

(Sb 32)