Vegen – og farane
På vandringAlle som tilhøyrer menneskeslekta, er evighetsvandrarar – på veg mot ein av to endestasjonar: himmel eller helvete.Dei aller fleste synest å vera lite opptekne av det, også mellom oss som kallar oss kristne.Ordet «æve» er eit frykteleg ord med tanke på fortapinga. «Røyken av pinsla deira stig opp i all æve» (Op 14:11). Gud er ikkje berre kjærleg, han er også heilag.«Og er det med naud og neppe den rettferdige vert frelst, korleis skal det då gå med den ugudelege og syndaren?» (1Pet 4:18). SvevnDet står om dei ti brurmøyane at dei sovna alle. Det trur eg er vår situasjon i dag. Vi søv. At dei som forkastar Jesus og hans frelse, går fortapt, kan vi forstå. Verre er …