Død eller levande tru
Død eller levande tru Av Ragnar Opstad «Vart ikkje Abraham, far vår, rettferdiggjord av gjerningar då han ofra Isak, son sin, på altaret?» Jak 2:21 Ta gjerne tid til å lesa heile avsnittet (2:14-26) før du les vidare. Vi kan stilla eit motspørsmål: Vart ikkje Abraham frelst av berre nåde? Jau, han vart frelst av nåde utan ei einaste gjerning. «Abraham trudde Gud, og det vart rekna han til rettferd» (v. 23). Det same finn vi i Romerbrevet (4:1-5). Når det kan synast for oss som om Guds ord motseier seg sjølv, skuldast det at vi ikkje har nok lys over Ordet. To slags tru Abraham vart frelst av berre nåde, men gjerningane hans vitna om at han hadde ei …