Forsoninga er vunnen
Forsoninga er vunnen Av Lina Sandell Berg Forsoninga er vunnen i Jesu Kristi blod. Til meg frå korset freden hans er floten. Kvi har eg gått og ottast? Mi sak den er då god. Den store skiljeveggen ned er broten. Ja, dagen er no kommen, og natta er forbi, og fangehuset opna. Kvar fange kan bli fri. Sjå, fiendskapen er for evig ute! Det er meg openberra at eg har barnerett, for Gud med meg i Kristus er forsona. Og eg som har meg gremma og aldri skjøna rett kor eg i dommen skulle verta skona. Eg som i all mi betring, mi tru og gudleg sed, mi gjerning og min lydnad fann aldri hjartefred. Eg er no alt i …