Kom inn til oss, Herre!
Kom inn til oss, Herre! Kom inn til oss, Herre, kom nå denne stund. Kom, rør ved vårt hjarta og salv du vår munn! Kom, Heilage Ande, med lys og med makt. Kom, helga vårt arbeid, gjer det du har sagt! Kom, Herre, velsign oss og gjev oss meir mot. Lat såkornet spira, lat livet slå rot! Send sol over marka, send reinsing og tukt, og livsfriske vindar til mognande frukt! Når hausten er komen for ætter og folk, då opnast din himmel, då trengst ingen tolk. Vi syng til di æra med Golgata-ord, som havbåra brusar, som fossar i kor. Då møter vi frelste frå heidningeland. Då jublar vi saman, då takkar vi han som gav oss å tena, …