Vær frimodig, ottast ikkje!
Vær frimodig, ottast ikkje!Av Dag Rune Lid På mange vis lever me i ei uroleg tid, der ein kristen kan kjenne på at «giften i tidens vær og vind truer å røve meg livet», eller kan oppleve det som Mathias Orheim: «Når vekkinga stilna og folket det fór, og få er her att som vil høyra Guds ord», eller ein ser at Guds rike taper på alle frontar i heim, skule og samfunn, og Guds ord og namn vert openbert spotta. Då vil mismotet lett gripe vårt hjarta. Kjære truande ven! Høyr då Ordet frå den allmektige: «Styrk dei kraftlause hendene, og gjer dei ustøe kne sterke! Sei til dei urolege hjarto: Ver frimodige, ottast ikkje! Sjå, der er dykkar …