Den siste timen (I)
Dette er ein artikkelserie med referat frå talene som Gunnar Soppeland hadde på Hovudsommarskulen til NLL på Moi 2004, som vil kome i bladet i tida framover. Referata er utarbeidt av Dag Rune Lid og litt omarbeidde i forhold til den munnlege forma. Den siste timen (I)Av Gunnar Soppeland «Mine born, det er den siste timen. Og liksom de har høyrt at Antikrist kjem, så har alt no mange antikristar stått fram. Av dette veit vi at det er den siste timen» (1Joh 2:18). Det er eit bestemt tidsperspektiv som Johannes her gjev oss, og han grunngjev sin påstand med åndelige kjenneteikn. Johannes tok Jesu eigne ord frå Matt 24 på alvor, der Jesus viser til både indre og ytre …