Til Betlehem, Davids by
Det er mange byar som er omtalte i Bibelen, men to byar står i ei særstilling – Betlehem og Jerusalem. Jesus var også i mange andre byar, men det er i Betlehem og Jerusalem det viktigaste skjer. Den første julebyen, og den andre påskebyen. Det er ein del som for våre augo verkar tilfeldig, men som er nøye fastlagt i Guds plan. Det gjeld også det som skjer i desse to byane. Som hovudstad var Jerusalem ein kjent og viktig by, så det er nokså naturleg at viktige ting skjer der. Betlehem, derimot, var ein liten og ukjent by. Det skulle altså mykje til for at noko viktig skjedde der. Det var like fullt i denne vesle byen Gud kom …