Stor glede
«Men engelen sa til dei: Ver ikkje redde! For sjå, eg forkynner dykk ei stor glede – ei glede for alt folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.» Luk 2:10-11 Høyr korleis engelen omtalar Jesus: Stor glede! Ei glede for alt folket. Det gjeld alle. Men han seier meir: «I dag er det fødd dykk ein frelsar». «Dykk», seier han. Det er julehelsinga til oss. Det er ei personleg helsing til den einskilde, til meg, til deg. «I dag» – Tenk om det ikkje skulle gjelda i dag! Kva nytte og glede var det då i englebodskapen? Er det ikkje slik vi tenkjer så titt: Det kan visst ikkje vera for …