Han som du har så kjær
Han som du har så kjær Av Odd Dyrøy I ein heim nær Jerusalem hadde sjukdom og død teke ein ung mann bort. Lasarus heitte han. Tung blei tida for dei som sat att, berre mørke og sorg. Dette hende i ein heim der dei kjende Jesus, der han hadde gått ut og inn, og dei hadde lært å setja sin lit til han. Då sjukdommen ikkje ville gi seg, sende dei bud til Jesus: «Herre, han som du har så kjær, ligg sjuk». Dei tenkte nok at Jesus ville skunda seg til han som han hadde så kjær. Men kva ser vi? – Tenk, ikkje går han sjølv, og ikkje sender han nokon av sine. Det ser ut som …