Lova og evangeliet
Begge deler må me lata virka med si fulle kraft og virkning. Når det står «du skal» og «du skal ikkje», er det lova si tale. Ho dømmer oss sønder og sammen, me lyt berre erkjenna at me kjem til kort med vårt syndige «eg». Dette er lova si gjerning: ho skal gjera det slik at me verkeleg får bruk for det Jesus har gjort. Heile Jesu liv har Herren gitt oss. Men i oss sjølve er me fortapte. Som det står i Galatarbrevet (3:22): «Men Skrifta har inneslutta alt under synd, for at dei som trur, ved tru på Jesus Kristus skulle få det som var lova». «Men lova kom til så fallet skulle verta stort. Men der synda …