Den fagrasta rosa
1) Den fagreste rosa er funni, ho opp mellom klunger er runni: Vår Jesus, den dyraste blomen, rann opp av ei ætt under domen. 2) For sidan me miste den æra Guds bilet i hjarta å bera, låg verdi i øyda og villa, og døden han herja oss illa. 3) Men Herren ei rosa lét bløma, all verdi til sæla og søma. God ange til himmels ho sender, vår jord til Guds hage omvender. 4) Så blømer Guds kyrkja med æra og yndeleg grøda kan bera. I Krist skal ho anda og leva, han væta til vokstren vil gjeva. 5) No skulle vel verdi med gleda til Frelsaren lovsongar kveda. Men mange på klungrane glosa*, og får ikkje auga på …