Fast fjell å stå på
Fast fjell å stå påAv Ludvig Hope «Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid». Heb 13:8 Slik som berget står midt i fossen, står Kristus midt i menneskeslekta, mektig til å frelsa. Slik som sola kvar dag stig opp over jorda, utan noko anna krav enn å få lov til å lysa, varma og gi liv, slik er Jesu Kristi nåde kvar morgon ny over oss. Utanfor han er alt natt og død. I han er ljoset og livet. Hjå han finn me livsens meining og mål – hjå han åleine! Ingen kan forstå fullt ut det guddomsunderet at me vart utvalde i han før verda vart til. Men det er likevel dette …