Tid for bøn og bot
Slik var det i gamal tid. Ved store ulukker og i krisesituasjonar vart det tillyst bots- og bønegudstenester i kyrkjene våre. Den levande og heilage Gud var på ingen måte stilt på sidelina. Ingen våga å seia at ulukker som ramma folket var «meiningslause». Folket var visse på at Gud ville noko gjennom det som skjedde. Difor ropa dei til Herren i si naud. Det vonde vart eit kall til omvending og tru, eit kall til å spørja etter Guds vilje. Diverre høyrer vi lite eller ingenting frå leiarskapen i kyrkja om slikt i vår tid. Med tanke på kor alvorleg vi som folk har brote Guds bod og vilje i dei siste generasjonane, ville det visseleg vore rett å …