Søk
Close this search box.
Søk

Ågot Lavik

Herre, når eg spør om vegen

Herre, når eg spør om vegen,den du vil at eg skal gå, kvifor kan eg ikkje då straks den vegen klart forstå? Trur jo at eg vil din vilje, og at viljen din er god, men du ser eg er som Eva. Ho mot slangen ikkje stod. Veit at om eg vegen visste, er det ikkje like visst at eg ville vegen fylgja, kunne likevel deg mist’. Og når nokon ventar svar, men eg ikkje veit å svara, hjelp meg då å ikkje hasta slik at eg vil før deg fara. Då eg misser deg av syne. Du ser berre ryggen min. Lat meg heller stille venta sitjande ved foten din. Takk for at du elskar meg og vil ha …

Herre, når eg spør om vegen Les mer »

Du treng ikkje syta for livet

Du treng ikkje syta for livet,for Jesus vil syta for deg.Du kan ikkje tena to herrar,så hald deg til Han som veit veg. Du treng ikkje bera på bører.Dei skal du få kasta på Han,og Han som har omsut for barnetvil bera deg til du når fram. Du treng ikkje vera uroleg,men sei alt til Han slik det er,og roleg få kvila i vissaat Herren er verkeleg nær. Du treng ikkje kjempa åleine,for Jesus ved handa di er.Han lengtar tolmodig til timennår barnet mot Frelsaren ser. Han kjempa for oss heilt åleine,han bar alle bører som fanst.Og synda som skilde oss fråHanvart sletta ved sigeren Hans. Ågot Lavik

Kvifor kallar me oss kristne?

Kvifor kallar me oss kristne når me ikkje trur på Gud? Me seier at me gjer det, ja, men lagar eigne bud. Kva skal me vel med Bibelen, kva bryr me oss om han, når det som ikkje passar oss, me berre sløyfa kan? Ja, me som trur mest på oss sjølv, kva skal me kalla oss? Me som vil ha eit enkelt liv og ikkje bera kross. Når Ordet synest vanskeleg, ja uforståeleg, då vel me lett ein nyare og meir moderne veg. Men kanskje bør me spørja Gud kva namn Han oss vil gje? Kvifor han sende Sonen sin, som nagla vart til tre? Var det fordi med eigentleg kan finna vegen sjølv, og det me tenkjer, trur …

Kvifor kallar me oss kristne? Les mer »